Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Tyr på styr og dyr i drift”. Hamar Dagblad, 24.03.2011, s. 16.  [>pdf av denne artikkelen].

Tyr på styr og dyr i drift
________________________________________

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk
Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

Ein god kollega av meg og eg sit ofte og diskuterer opphavet til ulike ord. Her ein dag sat vi og snakka om orda ”tyr” og ”dyr”, og kollegaen min meinte entusiastisk at desse to orda nok måtte ha same opphav, bl.a. fordi engelsk hadde ”deer” for hjortedyr, dvs. dyr med horn. Denne hypotesen høyrdest for så vidt rimeleg ut, men eg kunne ikkje heilt seie meg einig fordi eg sjølv er fødd i tyren, og tyren er ”taurus” på latin og ”Stier” på tysk og nederlandsk, som elles har ”Tier” og ”dier” for ”dyr”, mens engelskmennene bruker ”steer” for ein ung tyr og det latinske ”animal” for dyr. Nei, her måtte det forskast litt i etymologien for å finne ut korleis orda eventuelt hang saman eller ikkje.

I Nynorskordboka kan ein lese at ”dyr” tyder ”levande skapning med sanse- og rørsleevne (med unntak av menneske)”. Dette er jo den allmenne tydinga vi alle kjenner. I Alf Torp si etymologiske ordbok for nynorsk står det derimot ”dyr, især om ren og hjort”. Dette er meir i tråd med den engelske tydinga som jo gjeld hjortedyr. Går ein lenger tilbake til eldre germanske språk, meiner ein å kunne føre ordrota tilbake til angelsaksisk ”déor”, som tydde dristig eller vill. Dét igjen skal ha samanheng med ei indogermansk ordrot ”*dhves”, som tyder å puste eller ryke. Denne tydinga ligg også til grunn for det latinske ”anima”, som tyder ”ande”.

Akkurat pustinga eller snøftinga er jo ein eigenskap ein godt kan knyte til hjortedyr når ein observerer dei. I gotisk tydde ”dius” elles berre vilt dyr. Det ser altså ut til at ein har fått ei generalisering i nokre av dei germanske språka når det gjeld tydinga.

Ordet ”dyr” har vore uendra sidan gammalnorsk (dýr), mens ”tyr” hadde forma ”þjórr” (ordet ”Týr” viste til guden Ty i gammalnorsk tid, jf. ”tysdag”). Overgangen frå gammalnorsk jó til y i moderne norsk finn ein i mange ord, t.d. brjóta > bryte, skjóta > skyte. Det finst norske dialektar i dag som har ”tjor” for ”tyr”, og svenskane har ”tjur”. Ved sida av forma ”þjórr” hadde ein elles òg ”stjórr”. Tysk og nederlandsk har altså ”Stier”, og på engelsk kan ein bruke ”steer” om ein ung okse. Opphavet til ordet meiner ein å finne i sanskrit ”sthávira-”, som tyder ”tjukk” eller ”fast”, og det skal også vere opphavet til ordet ”stor”, gammalnorsk ”stórr”. Ifølgje Falk og Torp si etymologiske ordbok er nettopp ”stor” eit ord som blei brukt som eit tilleggsord til tyren.

DTV si etymologiske ordbok for tysk meiner at forma med s ikkje er heilt sikker, men at den nok heng saman med avestisk (eit gammalt indoeuropeisk språk) ”staora-”, eit ord for storfe. I denne samanhengen finn ein òg orda for fast, massiv, tjukk og brei (jf. ”stor”), men også stå og stille. Det som står, står jo gjerne støtt (fast). Dei ikkje-germanske formene ”taurus” og liknande meiner ein må haldast utanfor. Ein trur at desse heng saman med ei ordrot ”*teu-”, som tyder å svelle. Elles er ein ikkje sikker på om forma med s anten er lånt inn i indoeuropeisk frå semittisk eller lånt ut frå indoeuropeisk til semittisk, eller om den kanskje heng saman med ein eigen, gammal tyr-kult. Men vi kan no vere einige om at det er eit kult ord, og sjølv om tyren er eit dyr, er ikkje eit dyr nødvendigvis ein tyr. Så her må vi ta tyren ved horna og halde styr på dyr og tyr. Den gode språkkollegaen min heiter forresten Tormod Stauri, med eit etternamn som faktisk også går tilbake til den same ordrota som ”stjórr” og ”Stier”. Tenk å få eit slikt poeng med på kjøpet!