Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Språkstuten frå Katta”. Hamar Dagblad, 17.03.2011, s. 18.  [>pdf av denne artikkelen].
Kommentar til Andor Normann: "Språkstriden og 'Stutene' på 'Katta'". Hamar Dagblad, 10.03.2011, s. 16. [pdf]

Språkstuten frå Katta
________________________________________

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk
Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

Beklagar, Andor Normann, men eg måtte berre lage denne overskrifta etter innlegget ditt ”Språkstriden og Stutene på Katta” i Hamar Dagblad 10. mars. Eg er glad i språk, og eg likar å leike meg med ord. Så då får du berre lese i ordet det du vil.

Du skreiv eit relativt langt innlegg, som var interessant på mange måtar. Men hovudpoenget ditt, at du ville ha bokmål som einaste skriftspråk, argumenterte du ikkje særleg godt for. Du er einig i Per Johansen sin ”konklusjon” om å ha bokmål som einaste hovudmål. Men som eg skreiv i HA 3. mars, så er kanskje premissane for denne ”konklusjonen” ikkje nødvendigvis så veldig gjennomtenkte. Premissane som eg les ut av ditt innlegg, Andor Normann, er òg først og fremst: du syntest nynorsk var vanskeleg og unødvendig, og du meiner språkstriden har endra seg sidan den gongen du gjekk på skole. Alt i alt er dette for så vidt greitt nok for å ønskje anten det eine eller det andre. Men å bruke manglande interesse og eventuelt inkompetanse på eitt bestemt felt som eit grunnlag for å ville diktere kva alle andre i Noreg skal meine, er ikkje så greitt.

Det vil alltid vere fag og emne i skolen som den eine eller den andre har problem med. Det i seg sjølv bør ikkje vere grunn nok til å fjerne faget eller emnet. Vi har mange lærarstudentar som opptil fleire gonger stryk i matematikk, men faget vil likevel ikkje bli fjerna frå lærarstudiet – uansett kor mykje studentane eventuelt måtte ønskje det. Det er godt å lese at det var framgang og ros i nesten alle fag den gongen på Katta. Hadde du hatt den same motivasjonen for nynorsk, hadde du kanskje også hatt framgang der og fått ros av læraren. Men motivasjonen og innsatsen måtte du i så fall finne hos deg sjølv.

Det er greitt nok å bestemme seg for at det er noko ein ikkje likar, og at ein ikkje vil engasjere seg i det. Det er eit personleg val. Men derifrå å komme fram til at noko er unødvendig, uviktig eller bortkasta, er eit mykje lengre steg. Du ønskjer deg bokmål åleine som hovudmål. Sidan du kallar det hovudmål, inneber det vel at du framleis reknar med eit sidemål? Eller vil du at alle nynorskbrukarar berre skal slutte å bruke nynorsk fordi du personleg ønskjer eit enklare liv? Vil du berre fjerne heile den nynorske kulturen i Noreg, som strekkjer seg over 150 år og er viktig for hundretusenvis av menneske, fordi du sjølv hadde problem ein gong for lenge sidan då du gjekk på ”stupekurset”? Er det slik at den korte tida av livet ditt som du personleg brukte på nynorsk, har vore så traumatisk for deg at du meiner dette bør vere ei politisk sak for heile landet? Er det sånn at nynorsk er eit problem for deg i kvardagen i dag? Neppe.

Det er heilt sikkert at eit land som Noreg ikkje har ”behov” for to sidestilte skriftspråk. Men med den innvikla språkhistoria vi faktisk har hatt, og med motstanden som samnorskpolitikken fekk – spesielt ifrå bokmålssida – har det dessverre (eller heldigvis?) ikkje vore mogleg å komme fram til eitt felles skriftspråk. Vi har to skriftspråk som er sidestilte, og då kan ein ikkje utan vidare bestemme at det eine skriftspråket skal fjernast med eit pennestrøk. Språkleg sett er vi fleirkulturelle i Noreg, om ein likar det eller ikkje. Vi har uansett fått utvikla ein veldig rik og spennande kultur med utgangspunkt i begge målformene. Men dersom noko parti skulle føreslå å foreine bokmål og nynorsk til eitt felles skriftspråk, norsk, med stor mogleg variasjon i begge retningane, skal eg vere den første til å stemme på eit slikt forslag. Så lenge dette ikkje er politisk mogleg, vil eg argumentere for at ein skal vise toleranse overfor begge/alle leirane i staden for å gå til åtak mot éi av målformene (nynorsk) og heile kulturen som er knytt til den. Ja, til eit inkluderande språkfellesskap!