Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”V2”. Hamar Dagblad, 10.03.2011, s. 17.  [>pdf av denne artikkelen]

V2
________________________________________

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk
Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

Du har sikkert høyrt om V6 dersom du er litt interessert i tipping, eller V6, V8 eller V12 dersom du er interessert i bilar. Men har du høyrt om V2? V2 i språksamanheng tyder at verbet (V) alltid kjem på andre plass i setninga. Norsk er eit såkalla V2-språk, engelsk er ikkje eit V2 språk, og tysk er V2 berre i hovudsetningar. Korleis ser dette ut i praksis da?

Når vi snakkar om verbet i V2-samanheng, er det det såkalla finitte verbet vi meiner. Det finitte verbet i norsk er det verbet som er bøygd i tid (tempus). Dette tyder at vi kan sjå forskjell på notid (presens) og fortid (preteritum), t.d. ”eg skriv om ordstilling” versus ”eg skreiv om ordstilling”. Det er fullt mogleg å ha fleire verb i ei setning, men det er alltid berre eitt finitt verb i ei hovudsetning, t.d. ”eg har skrive om ordstilling” versus ”eg hadde skrive om ordstilling” eller ”eg vil kunne ha skrive om ordstilling” (4 verb).

I døma som eg brukte her, står ordet ”eg” framfor det finitte verbet. Det er altså relativt lett å telje 1 eg 2 har/hadde. Det finitte verbet står dermed heilt klart på andre plass i setninga. Men når det gjeld V2 og teljing, er det ikkje ord vi tel, men setningsledd. Eit setningsledd kan bestå av fleire ord som dannar ein frase. Ei setning ”den språkinteresserte norsklæraren skriv om ordstilling” har altså framleis verbet på andre plass, sjølv om det kjem tre ord først i setninga. Dei tre orda utgjer eitt setningsledd (subjektet), og heile frasen kan også erstattast av eitt ord, t.d. ”han”. Korfor er så V2-fenomenet interessant?

Det finst faktisk mange språk i verda som ikkje er V2-språk. Derfor vil ein kunne høyre utlendingar seie ”i morgon eg kjem ikkje på skolen”. Som morsmålsbrukar vil ein då vite at dette ikkje er korrekt norsk, og ein vil også kunne seie kva som er rett ordstilling. Men det er jo ikkje så mykje hjelp for den som vil lære norsk, å måtte lære kvar enkelt setning for seg. Det er absolutt ein fordel dersom ein klarer å sjå visse reglar i eit språk som ein kan bruke i flest mogleg samanhengar. ”Morgen ich komme nicht zur Schule” er like feil på tysk som på norsk. Dersom ein tyskar skulle konstruere ei slik setning med feil ordstilling, skjer det mest sannsynleg fordi ein lærer engelsk som første fremmendspråk. Konstruksjonen med adverbial og subjekt framfor det finitte verbet er mogleg i engelsk, som ikkje er eit V2-språk. Det er altså ikkje alltid morsmålet som er ”skyld” i at ein lagar feil ordstilling på eit anna språk.

Når det gjeld undersetningar, er biletet litt meir komplisert. For norsk sin del er det plasseringa av setningsadverbialet som er utfordringa for dei som ikkje har norsk som morsmål. Mens ein seier ”i morgon kjem eg ikkje på skolen”, blir ordstillinga ”… at eg ikkje kjem på skolen i morgon” i ei at-setning. Sjølve subjunksjonen ”at” blir ikkje rekna med når ein tel setningsledd. Her har ein altså dermed ikkje V2 fordi ein har både subjekt (”eg”) og setningsadverbial (”ikkje”) før verbet (”kjem”).

I hovudsetningar kjem setningsadverbialet altså rett bak subjektet dersom subjektet ikkje står fremst i setninga, t.d. ”i morgon kjem eg ikkje på skolen”. Mange utlendingar vil bruke den same rekkjefølgja av subjekt og setningsadverbial i undersetningar, t.d. ”…at eg kjem ikkje på skolen i morgon”. Det som må generaliserast, er derfor at norsk er V2 i hovudsetningar, mens undersetningar i praksis er V3 fordi ein har både subjekt og setningsadverbial framfor det finitte verbet.

I tysk vil ein få det finitte verbet heilt til slutt i undersetningar, t.d. ”… dass ich morgen nicht zur Schule komme”. Akkurat dette har tyskarar som lærer norsk, vanlegvis ikkje problem med. Grunnen er truleg igjen at engelsk aldri har verbet til slutt. Dermed er det ingen av dei to relevante fremmendspråka som oppfører seg som tysk, noko som gjer det lettare å trekkje eit skilje. No du har litt om grammatikk lært, sjølv om du er ikkje er på skolen.