Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Ein til sjokolade?”. Hamar Dagblad, 24.02.2011, s. 31.  [>pdf av denne artikkelen]

Ein til sjokolade?
________________________________________

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk
Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

Blir du irritert når du høyrer nokon seie ”kan eg få éin til sjokolade” eller ”kan eg få eitt til kakestykke”? Du meiner kanskje dette er barnespråk. Men i Bergen og mange andre stader kan ein t.d. høyre kassapersonalet på butikken spørje høfleg ”éin til pose?”på klingande dialekt, og det er ingen som reagerer.

Det er fleire dialektar som tillèt konstruksjonen ”ein til sjokolade” i staden for ”ein sjokolade til”, som er standardnorsk, og som dei fleste meiner må vere det korrekte. Eg pratar sjølv ein nordnorsk variant der eg i utgangspunktet ville kunne bruke denne konstruksjonen. Sånn sett høyrer eg ikkje nødvendigvis til dei som blir irriterte av å høyre andre variantar av norsk. Eg seier jo t.d. også ”ka du sei” i staden for ”kva seier du”. Men dette er vanleg i så pass mange dialektar at folk flest med eit meir standardtalemål ikkje reagerer på det lenger.

For meg som språkforskar er det meir interessant å prøve å forstå korfor ein avvikande språkvariant eventuelt oppstår. I den samanhengen er det ikkje usannsynleg at ein ny variant i utgangspunktet er såkalla ”barnespråk”. Kvart barn lærer morsmålet sitt på grunnlag av det det høyrer rundt seg av konkrete ytringar, og hjernen si evne til å analysere dette i forhold til ein mogleg grammatikk.

Ordet ”til” høyrer i utgangspunktet til ordklassen preposisjon. Preposisjonar står vanlegvis ikkje åleine; dei tek utfyllingar, t.d. til fjells, til månen, til deg og meg. Men i enkelte uttrykk mistar utfyllinga etter kvart det konkrete innhaldet og forsvinn til slutt heilt. Då vil preposisjonen kunne stå igjen åleine og bli ein såkalla partikkel (småord). Vi har mange faste uttrykk med slike preposisjonspartiklar, t.d. stå på, ta av, høyre til, henge i. Utfyllinga som har blitt borte etter ”ein til”, er kanskje noko sånt som ”den eg har/hadde frå før”, eller eventuelt ”i tillegg til den eg har/hadde frå før”. Dette er så pass sjølvsagt i situasjonen at ein ikkje treng å seie det. Det ser ut til at ordet ”til” overtek meiningsinnhaldet til ”i tillegg”. I standardspråket kan ein seie ”ein sjokolade til” eller berre ”ein til”. Då er det ein vil ha, meir eller mindre underforstått eller tydeleg i situasjonen. Sjokoladen eller kaka er jo gjerne rett framfor den som vil ha meir av det same.

Det kan no vere to gode grunnar til at sjokoladen hamnar bak ordet ”til”. For det første kunne ein tenkje seg ein konstruksjon ”eg vil ha ein til, sjokolade (altså)”, t.d. dersom det er fleire ting å velje imellom. I tilfelle det skulle vere usikkerheit om kva ein vil ha meir av, kan ein jo berre hengje det ein ønskjer, på slutten av setninga for å vere sikker. Denne typen setning ville då etter kvart kunne bli analysert som ein grammatisk konstruksjon av barn som lagar sin indre grammatikk på grunnlag av språk dei høyrer. Dette passar elles med det grammatiske faktum at ein preposisjon (”til”) vanlegvis alltid blir følgt av ei utfylling.

Ei anna moglegheit er at ein tolkar innhaldet i ordet ”til” til å bli ”i tillegg” eller berre ”meir”. Ordet ”meir” er ikkje ein preposisjon, men eit mengdeord (såkalla kvantor). Preposisjonar og mengdeord oppfører seg ulikt i ei setning. Mens preposisjonar vanlegvis aldri kan stå mellom ein artikkel (”ein) og eit substantiv (”sjokolade”), er det nettopp på denne plassen ein finn kvantorar, som t.d. ”stor” og ”liten”. Det heiter ”ein stor/liten sjokolade” og ikkje ”ein sjokolade stor/liten”. Og utan artikkel heiter det ”meir/mindre sjokolade” og ikkje ”sjokolade meir/mindre”.

Det vi ser her, er ikkje ei nødvendig grammatisk endring. Men vi ser at det ligg eit latent potensial i den grammatiske konstruksjonen som gjer at grammatikken til enkeltpersonar eller enkelte språkbrukarar (dialektgrupper) vil kunne endre seg. Når språk endrar seg over tid, er det fordi det ofte er fenomen og konstruksjonar som kan forståast og analyserast på ulike måtar. Dersom tilstrekkeleg mange tolkar og brukar ein konstruksjon på ein ny måte, har ein fått ei språkendring. Når fleire og fleire seier ”berte/bærte” og ”skjerte/skjærte” (svak bøying) i staden for ”bar” og ”skar” (sterk bøying), er det fordi desse verba liknar på verbet ”lære” og alle verb som endar på –ere, som jo er svake – og enklare å lære. Ein kan irritere seg over språkendringar, eller ein kan prøve å forstå korfor dei skjer, og kva som eventuelt utløyser dei. Men éin ting er sikkert, det er i alle fall betre med sjokolade enn med ”skjøttkaker”.