Har du nokon gong lurt på korfor vi har stadnamn med
både søre på søndre? Skulle det ikkje vere nok med
éi form for lenger sør? Og korfor har vi nordre og
nøre, men ikkje nøndre?
Nord og sør svarer i gammalnorsk til norðr og suðr.
Begge orda endar på ðr. Ein skulle derfor vente at
orda oppførde seg heilt likt. Men det gjer dei altså
ikkje. Endinga r i gammalnorske substantiv og
adjektiv markerte som regel hankjønn og høyrer
derfor i dei fleste tilfella ikkje med til sjølve
stammen av ordet.
Komparativ (t.d. moderne norsk grøn - grønare) blei
i gammalnorsk laga ved å leggje til –ar for adverb
pluss eventuelt eit personbøying for adjektiv. Dette
er bl.a. grunnen til at det er forskjell mellom
adjektivet lengre (-re) og adverbet lenger (-er) i
moderne norsk. Vokalen i slutten av adjektivendinga
markerte opphavleg personen (hankjønn, hokjønn,
inkjekjønn); ei markering som adverba ikkje trong.
Eit anna fenomen er at a-en kunne bli sløyfa av
uttaleøkonomiske grunnar. Ein hadde derfor t.d.
langr – lengari > lengri for lang og lengre.
Overgangen frå a til e pga. ein i i endinga kallar
ein for i-omlyd, jf. også ung - yngre.
Norðr kunne faktisk ha tre ulike komparativfomer i
gammalnorsk, noko som fortel oss at vi allereie den
gongen hadde dialektforskjellar. Den eine forma var
norðari, dvs. med den fulle komparativendinga –ari
og utan i-omlyd. Legg merke til at r-en, som ikkje
høyrer med til stammen, fell bort ved komparasjon.
Den andre forma var nørðri. Her har ein fått
i-omlyd, og samandraging av komparativendinga. Som
ei sideform til nørðri kunne ein så ha nyrðri, som
viser at vi allereie den gongen kunne ha både y og
ø, som jo i dag er eit diskusjonstema i
nynorsknormalen i forhold til syster/søster,
fyrst/først osv. Nynorsk tillèt forma nørdre, men
det gjer ikkje bokmål. Mens både nynorsk og bokmål
har superlativforma nørdst. Forma nøre finn vi berre
i stadnamn og ikkje i skriftspråka våre.
Den adjektiviske og den adverbiale komparativforma
for suðr var ulike i gammalnorsk. Adjektivet var
syðri, dvs. med i-omlyd (u > y) og bortfall av a
pga. samandraging; mens adverbet faktisk var sunnar.
Og det er her vi byrjar å nærme oss forklaringa på
dei to ulike formene søre og søndre i moderne norsk.
Men først må vi prøve å finne ut kvar n i sunnar kom
ifrå – eller kanskje heller kvar det blei av n-en i
ordet suðr.
Det fanst ei rekkje lydreglar i gammalnorsk som også
blei gjenspegla i skrift. Vi finn restar av dette i
moderne norsk. Lydkombinasjonen nt blei t.d. ofte
til tt. Derfor har vi binde – batt (istf. bant) i
nynorsk, og i mange dialektar seier ein bitte/bette
istf. binde. Ein kanskje litt merkeleg lyderegel i
gammalnorsk gjorde at nn + r blei til
lydkombinasjonen ðr (jf. også mann + r = maðr).
Utgangspunktet for både søndre og søre er altså
opphavleg sunn-. Når ein så veit at sunna tydde sol
på gammalnorsk (jf. sundag/søndag og tysk og engelsk
Sonne og sun), skjønner ein jo at ein viste til
solretninga.
Sunn + r blei til suðr, mens sunn + ar(i) kunne bli
sunnar- eller syðr-, alt etter om ein fekk
samandraging og i-omlyd eller ikkje. I neste omgang
kunne ein få senking av y til ø, og på vegen til
moderne norsk fall også gjerne stungen d bort dersom
den ikkje blei til d. Den direkte utviklinga av
syðri til moderne norsk blir altså søre (mens svensk
har södra med d for ð). Gammalnorsk sunnan, sørfrå,
blei til sønna i moderne norsk. Ein ser altså at dei
to formene med syd- og sunn-/sønn- tidleg
konkurrerte i tyding og bruk.
At ein med tida utvikla forma søndre må nok
forklarast med at ein etter kvart ikkje lenger
visste om ð-en var ein del av ordet eller ikkje,
spesielt sidan orda norðr og suðr gjerne førekom i
same kontekst. Når ein hadde både suð- og sunn-,
kunne ein i neste omgang få sundr og dermed også
søndr, og det er altså forklaringa på dei to formene
vi har i moderne norsk. Her spelar nok også inn at
ein i dansketida normerte mange stadnamn til dansk
skrivemåte (søndre). At vi ikkje har ei form nøndre
parallelt med søndre kjem av at nordre kjem av norð-
mens søndre kjem av sunn-. Det er altså sunnare på
solsida.