Vi har ei rekkje ord i språket som kan vere litt
vanskelege å plassere i ordklassar fordi dei ikkje
oppfører seg som andre ord i same klasse.
Ein tidlegare student av meg, som no er lærar, kunne
fortelje meg at dei hadde hatt ein diskusjon på
lærarrommet for å finne ut av orda «stål» og «jarn».
Spørsmålet var om dette var eit substantiv, noko dei
fleste var einige om, men ein var usikker på korleis
ein kunne bevise dette.
No var eg ikkje til stades under denne diskusjonen,
og eg veit heller ikkje korleis dette temaet kom
opp. Men som språkforskar og –lærar finn eg dette
spørsmålet både relevant og interessant. I tillegg
meiner eg at dette er eit svært godt utgangspunkt
for å starte undervisning i ordklassar i skolen.
Men kva er det då som er så spesielt med ord som
«stål» og «jarn»? Dersom naturfaglæraren seier «i
dag skal vi snakke om jarn», vil det hypotetisk sett
ikkje vere lett for elevane å vite kva «jarn» er.
Læraren kunne t.d. ikkje ha sagt «i dag skal vi
snakke om jarnet». Derimot kunne ein godt seie «i
dag skal vi snakke om bjørnen». Vi observerer altså
at «bjørnen», som vi kan rekne som eit kjent
substantiv, kan opptre i såkalla bestemt form
«bjørnen», mens «jarn» ikkje vil gjere det i akkurat
denne samanhengen.
Ein annan forskjell mellom ord som «bjørn» og «jarn»
er at ein har ei fleirtalsform av det eine, men
ikkje av det andre: «fleire bjørnar» mot «fleire
jarn». Når ein set saman «jarn» med «fleire», ser
ein elles at «jarn» faktisk kan skifte tyding. Når
ein snakkar om «jarn», meiner ein som regel
grunnstoffet eller metallet. I den forma er det
såkalla uteljeleg. Ein kan faktisk ikkje utan vidare
seie «fleire jarn»; på same måte som ein ikkje kan
seie «fleire smør» eller «fleire mjølk». Dersom ein
snakkar om fleire jarn, må jarn ha ei tyding som
refererer til éin bestemt ting. Ein kan t.d. seie at
ein har mange jarn i elden. Dessutan kan ein ha
fleire strykejarn eller vaffeljarn. Det er tydeleg
at «jarn» då viser til konkrete, teljelege ting. Den
same argumentasjonen gjeld for «stål». Ein kan ikkje
telje stål som metall, men ein kan ha fleire eller
mange dreiestål eller liknande reiskapar.
Både «jarn» og «stål» er altså substantiv. Eit anna
ord for substantiv er namnord. Eit substantiv er
gjerne namnet på ein konkret eller abstrakt ting.
«Jarn» og «stål» er namn på metall. Substantiv har
som eigenskap at dei har eit grammatisk kjønn og at
dei kan bli bøygde i fleirtal. «Gut» er til dømes
hankjønn, «jente» er hokjønn, og «barn» er
inkjekjønn. Dette grammatiske kjønnet kan bli
uttrykt på sjølve ordet i norsk i form av ein
bestemt artikkel: «guten», «jenta», «barnet». I
fleirtal får ein «gutar», «jenter», «barn». Ein har
ikkje fleirtalsending av inkjekjønnsord i nynorsk. I
bokmål derimot har dei fleste substantiv –er som
ending i fleirtal, med unntak av nokre ord, t.d.
«barn» og «hus».
Sjølv om «jarn» og «stål» som regel ikkje opptrer i
bestemt form, kan dei gjere det i andre samanhengar,
t.d. «strykejarnet» eller «dreiestålet». Men verken
«jarn» og «stål» har fleirtalsending, heller ikkje
når dei viser til konkrete reiskapar. Men ein kan få
bestemt fleirtal av begge orda: «strykejarna» eller
«dreieståla» (-ene).
Enda eit argument for at «jarn» og «stål» er
substantiv er at substantiv kan vere subjekt eller
objekt i ei setning, eller også bli styrt av ein
preposisjon. Ein kan seie «jarn er eit grunnstoff»
eller «kroppen treng jarn» eller «ein lagar stål av
jarn». I tillegg vil t.d. adjektiv måtte bli bøygde
i samsvar med substantivet som dei eventuelt står
til. Ein vil altså måtte seie «ei pen jente», men
«eit pent strykejarn». Det er kjønnet på
substantivet som bestemmer forma på adjektivet
«pen».
Dersom ein veit litt om grammatikk, er det altså
lett å ha stålkontroll på ord.