Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Når det gjeld gjelda”. Hamar Dagblad, 20.01.2011, s. 17.  [>pdf av denne artikkelen]

Når det gjeld gjelda
________________________________________

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk
Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

Det er no etter jul det gjeld. For det er no rekningane frå kredittkortselskapa byrjar å komme i posten, og den som ikkje betaler gjelda, får unngjelde.

I moderne norsk er gjeld først og fremst pengar ein skylder nokon. Men ein kan også stå i gjeld til nokon, som tyder at ein helst bør gjengjelde ei teneste, dvs. tilbakebetale, denne ”skylda” med ei eller anna form for tilsvarande teneste eller motyting.

I gammalnorsk var gjald først og fremst betaling eller lønn, men kunne også vere straff eller skatt. I fleirtal (gjQld) blei ordet brukt om bøter, t.d. også for å ha drepe nokon (mannebot). Verbet gjalda eller gelda tydde då å betale, gje tilbake, bøte, erstatte, gjengjelde og også hemne. Ein hadde altså heile spekteret av å gje eller gjere igjen. Elles kunne ordet også brukast med tydinga vere verdt eller koste. Ordet gelda/gjelde må elles ikkje forvekslast med ordet for å kastrere, sjølv om det sikkert òg kunne vere ei straff for å ikkje å ha gjort opp gjelda si.

Det er ikkje vanskeleg å finne igjen ordet i t.d. engelsk og tysk. Engelsk har yield for å yte, gje, innbringe og liknande. Mens tysk har Geld, som rett og slett er pengar, og gelten som blir brukt på same måte som gjelde på norsk. I norsk har vi elles også ordet prestegjeld, som opphavleg tydde betaling til presten, men som har fått utvida tydinga til å vere eit embetsdistrikt til ein sokneprest på landet. Eit gilde er derimot ein annan type betaling. Ein reknar med at dei gamle germanske festane først og fremst var offerfestar (dvs. betaling) til gudane. I dag er eit gilde ei samanslutting av folk med felles interesser eller eit gjestebod eller festleg lag. Adjektivet gild tydde opphavleg først og fremst å ha ein viss verdi. I dag kan det vere gjeldande og gyldig, men det kan også ha mange overførde tydingar som stor, staseleg, fin, godlynt, snill, triveleg, glad; dvs. ord på litt mjukare verdiar.

No er julegildet over og det gjeld å gjere opp gjelda. Tenk om det var så enkelt at bankane kunne starte gjeldskravet sitt med ”ver gild og betal gjelda”, og ein kunne ta seg ein tur innom banken og berre vere litt hyggeleg tilbake, og gjelda var gjort opp. Men dette gjeldst visst ikkje.