Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Ein liten nyttårstale på nyåret”. Hamar Dagblad, 06.01.2011, s. 14.  [>pdf av denne artikkelen]

Ein liten nyttårstale på nyåret
________________________________________

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk
Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

Godt nyttår! Har du planar for nyåret eller det nye året? Norsk kan vere eit utfordrande språk. Korfor kan ein skrive både ”nyttår” og ”nyår”, men ikkje ”nyeår”? Dette er ikkje lett – og enda ”verre” er det jo at nyttår og nyår ikkje nødvendigvis tyder det same for folk flest. Dei fleste skriv t.d. vanlegvis ”godt nyttår”, men ikkje ”godt nyår” (Nynorskordboka har ikkje eit like skarpt skilje mellom ”nyttår” og ”nyår”). Nokre av oss kan derimot seie vi møtest på nyåret eller eventuelt på nyttåret.

Både ”nyttår” og ”nyår” er i utgangspunktet såkalla samansetjingar, dvs. det er to ord, eit adjektiv og eit substantiv, som blir sett saman til eitt. I staden for ”godt nyttår” kan ein òg skrive ”godt nytt år”. Dei fleste vil truleg likevel meine at ”godt nyttår” og ”godt nytt år” har litt ulik tyding. ”Godt nyttår” refererer først og fremst til overgangen mellom det gamle året og det nye, og ”nyttår” er for mange når nyttårsaftan er over og nokre dagar eller kanskje veker inn i det nye året; det er altså sjølve årsskiftet. Så når ein skriv ”god jul og godt nyttår”, ønskjer ein at sjølve juletida og overgangen til det nye året skal bli god. Men når ein ønskjer ”god jul og eit godt nytt år”, utvidar ein ønsket til å gjelde heile det nye året. Kanskje det kan vere ein måte å rangere venner og familie etter?

Ein kan helse eller ønskje ”godt nyttår” éi veke eller to i januar, men så byrjar denne lykkeønskinga så smått å gå ut på dato. Ein kan derimot godt planleggje å ha møte og arrangement litt lenger ut på nyåret og med dette meine tidspunkt i februar og kanskje til og med mars. Dersom ein har full kalender og vil heilgardere seg, kan ein seie at ein møtest i det nye året, og då har ein formelt sett sitt på det tørre om ein ikkje får til noko møte før i desember.

Reint grammatisk sett vil ein kunne seie at ”godt nyttår” er feil. ”Feil” i denne samanhengen tyder då at ordet ”nyttår” bryt med reglane for samansetjing av ord i norsk. Vi har vanlegvis ikkje bøying i den første delen i ei samansetjing. Vi flyttar t.d. til nyhuset og ikkje til nytthuset. Så i motsetning til ordet ”nyår” som er ei ekte og regelrett samansetjing, er ”nyttår” ei uekte samansetjing, reint formelt.

Det finst ei rekkje uttrykk som blir formaliserte og som alltid opptrer i bestemte samanhengar, slik at dei etter kvart blir leksikaliserte og oppfatta som faste einingar. Å ønskje eit godt nytt år mista etter kvart den konkrete tydinga og blei til eit fast uttrykk ”godt nyttår”, gjerne utan artikkelen ”eit”.

Dersom ein må lære norsk som andrespråk, er det nok sikrast å lære seg regelen for samansetjing av ord, der vi altså aldri har bøying inne i ord, og så kan ein prøve å lære seg unntaka frå regelen. Vi har t.d. gjerne valet mellom varmt vatn og kaldt vatn når vi skal bruke ei vasskran. Dette er systematisk bruk og bunde til bestemte situasjonar, og derfor kan vi seie/skrive både ”varmvatn” og ”varmtvatn” og ”kaldvatn” og ”kaldtvatn”. Når vi derimot ikkje har verken ”kaldøl” eller ”kaldtøl” som samansette ord, er nok grunnen rett og slett at ein vanlegvis ikkje drikk varmt øl, og at ein ikkje har behov for å lage eit slikt ord i kontrast til t.d. ”varmøl”.

Så her på nyåret har vi lært noko nytt om ny og nytt, og for nokon er det kanskje nytt på nytt. Eg ønskjer lesarane eit godt nytt språkår.