Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Tid for pugging”. Hamar Dagblad, 20.05.2010, s. 13. [>pdf av denne artikkelen]

Tid for pugging
________________________________________

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk
Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

Det er mange som er opptekne av og med eksamen på denne tida av året, og då les og høyrer ein gjerne at elevane og studentane ”puggar til eksamen” eller driv med ”eksamenspugging”. ”Pugge” er i grunnen eit litt artig ord som ein ikkje høyrer så ofte elles. Det er grunn nok (for meg i alle fall) til å prøve å finne ut kvar dette ordet eigentleg kjem ifrå.

Når ein slår opp i Nynorskordboka på Internett, finn ein forklaringa: ”pugge v1 (sm o s puge) lære utanåt, på rams, terpe p- pensum, formlar”. Koden v1 fortel oss at verbet skal bøyast ”pugga” i fortid (ev. ”pugget” på bokmål). Men vi er interesserte i opphavet (etymologien) til ordet. Sjølve tydinga er jo grei slik den står i ordboka, og slik folk flest bruker ordet til vanleg. For å finne ut meir om opphavet til ordet, slår vi opp på ”puge”. Ordbokoppføringa er: ”puge v1 (lty puken) samle, skrape saman pengar; vere gjerrig p- og spare”. Nei, kor spennande! Å pugge engelske gloser er jo nesten som å skrape saman og samle på eit lite, kostbart ordtilfang. Men under ”puge” finn vi også ein referanse til lty, dvs. lågtysk ”puken”. Ordet ”puge” – og dermed også ”pugge” – ser altså til å komme frå lågtysk. Lågtysk var språket til hansaen, som ”forsynte” norsk og nordisk med svært mange ord frå 1300-talet og ei god stund framover i tid. Men eg er likevel litt skeptisk. Dei dreiv vel ikkje så mykje med pugging før skolesystemet kom skikkeleg i gang etter 1700-talet?

I Falk og Torp si etymologiske ordbok finn ein under ”puge” også ordet ”pugge”. For å finne ut meir om etymologien (opphavet til ordet) skal ein sjå under ”pukke”. Dette ordet er også lånt frå lågtysk, men tydinga er her bl.a. ”å slå”. I nyhøgtysk finn ein då også ”pochen” med denne tydinga.

Men det moderne tyske ordet med tydinga ”pugge” er ”pauken”. Dette ordet er – som venta – frå 1700-1800-talet. Den tyske ordboka Duden kan fortelje at ein trur at ”pauken” opphavleg hadde tydinga ”å undervise” og at ordet hadde samanheng med ”Pauker”, som er eit ord for læraren. Men korleis heng no dette i hop?  Jo, når ein så slår opp på ordet ”Pauker”, får ein vite at dette er ei kortform av ”Arschpauker”, dvs. den som slår elevane ein viss plass mens han underviser dei. Eit anna (litt penare) tysk ord er visstnok ”Steißtrommler”, som i praksis tyder det same (”stompeslåaren”).

Og no byrjar vi å nærme oss. Her har vi igjen komme til tydinga ”slå”, og ”Pauke” er då også ei stor tromme, som ein altså slår på. Det å pugge blir då i praksis å slå/hamre kunnskapen inn i hovudet – eller eventuelt ein annan kroppsdel. Heldigvis (?) har det skjedd ei utvikling innan skolepedagogikken, og det er ikkje lenger tillate å slå elevane. I dag snakkar ein mest om at elevane skal ”konstruere” kunnskapen sin sjølv. Og det jo betre at elevane puggar enn at læraren pukkar. Svenskane er dei som har komme lengst i utviklinga, dei ”pluggar”. Vi som har sett filmen Matrix, skjønner at det berre er å kople hovudet rett på ei datamaskin og få overførd all kunnskapen – plug and play, som det heiter på nynorsk. Men til studentane mine slår eg likevel heller på stortromma og seier: pugg først og leik etterpå. Lykke til med eksamen!