Eg har tidlegare skrive om bl.a.
ulv, rev, gaupe og bjørn, og no er det jerven sin
tur. Den gammalnorske forma var jerfr, som erstatta
jarfr. J-en påverka gjerne a-en slik at han blei
heva til e, jf. også nynorsk vs. bokmål:
hjarte-hjerte, jarn-jern. Både bokmål og nynorsk har
jerv som eineform, men i dialektane kan ein også
finne formene jarv og erv.
Ifølgje Falk og Torp si
etymologiske ordbok trudde ein før i tida at jerven
var ein bjørneunge. Derfor hadde ein også forma
bjørnserv. Enda eit dialektord er fjellfras, som
opphavleg var fjellfross før ordet blei forvanska
gjennom tysk påverknad. Fross er eit dialektord for
hannkatt. Gammalnorsk hadde fress, som kynne tyde
både hannkatt og bjørn. Fjellfross eller –fress
tydde altså òg fjellbjørn – eller eventuelt
fjellkatt.
Hanseatane lånte med seg ordet
fjellfras gjennom skinnhandelen på 1400-talet, men
ordet fjell blei omtolka til veel, nyhøgtysk viel.
Det tyske namnet i dag er Vielfraß, som tyder ein
som et mykje, altså storetar. Her ser ein korleis
folkeetymologien kan endre på namn og tydingar til
namn. Ein kan vel ikkje påstå at jerven et meir enn
andre rovdyr, men Vielfraß gav nok meir meining for
tyskarane enn fjellfras. I neste omgang blei faktisk
også det latinske namnet til jerven påverka av den
omtolka tydinga. Det latinske namnet er gulo, som
tyder den grådige (det latinske namnet blei danna
først på 1700-talet). I engelsk har ein wolverine av
wolvering, dvs. den som oppfører seg som ein ulv.
Når ein i Norden meinte jerven likna på ein
bjørneunge, hadde samanlikninga med ulven i engelsk
nok meir å gjere med den påståtte grådigheita.
Ordet jerv/jarv heng saman med
verbet jarve, som i sin tur er beslekta med jarpe. Å
jarve er å gnage, tyggje eller rive i seg maten.
Sånn sett finn ein også her eit tydingssamband til
storetar/Vielfraß.
Johan H. Rosbach viser i
’Etymolgi for alle’ elles også til gammalnorsk jarpr,
som tydde brun. Rosbach meiner at jerven har fått
namnet sitt etter fargen, akkurat som jerpa. Men
jerpa heitte jarpi på gammalnorsk, mens jerven
heitte jarfr. Sånn sett er det kanskje meir
sannsynleg at jerven blei oppkalla etter
bordmanerane sine heller enn fargen sin.
Uansett er jerven ein djerv kar.
Djarfr tydde modig, dristig allereie i gammalnorsk.
Men grunntydinga var visst velnært, fast, tung. Ein
blir det ein et…