Laurdag 7. mars arrangerte
Høgskolen i Hedmark eit seminar om forfattaren
Åsmund Sveen i samband med Nordisk poesifestival. Eg
hadde sagt ja til å halde eit føredrag om språket i
førkrigsdiktinga til Sveen, og dette arbeidet var
mitt første møte med denne diktaren.
Eg visste bokstaveleg talt
ingenting om Åsmund Sveen då eg tok på meg oppdraget
med å fortelje andre om han, men det gjekk ikkje
lange tida før eg var heilt bergteken av denne
særeigne diktaren. Eg starta rett og slett med å
opne den første diktsamlinga hans frå 1932,
Andletet, og byrja å lese: Vaken og ventande
veit eg med eitt at våren har endeleg vekt meg!
For ei sterk opning av debutverket hans! Eit utruleg
kraftfullt og uttrykksfullt språk. Og kor vakkert
det høyrest ut akkurat no når vi går og ventar på at
våren skal komme, og vi går lysare tider i møte.
Det eimar av grassvorden
grortungt og heitt i solbakken her eg har strekt
meg... Det er nesten
så ein ser for seg at ein ligg i graset på Koigen og
kjenner lukta av naturen og nytt liv etter ein lang
vinter. Den første delen av denne diktsamlinga
heiter Vakning, og eg føler at eg vaknar mens
eg les. 1932? Nei, dette er tidlaus dikting. Dette
er dikting som lever. Dette er dikting som veks med
åra. Kven bryr seg vel om samfunn og politikk og alt
mogleg anna nokon måtte ønskje å bruke mot Åsmund
Sveen, når ein dykkar ned i denne verda av
naturkrefter og drifter? Ja, det er safter og
drifter i mange av Sveen sine dikt; det er saftige
dikt rett og slett: På alle dei vokstrar der
safter tyt frå rota til ytste bladet, på berget og
bakken der krafter bryt mot brusande vårdagsbadet.
Åsmund Sveen er nokre gonger
svært direkte i sitt språklege uttrykk, og det er
rart å tenkje på at Bjørneboe skulle få problem med
Uten en tråd i 1966 når Sveen tretti år
tidlegare skreiv: Du ligg i min hungrige, heite
famn og lær av din eigen gråt. Du kviskrar dei
øraste elskugsnamn – din munn er så varm og våt. Du
kviskrar imot meg or kråa skum og eldar mi unge
lyst. Eg tek deg og kysser den raude blom som brenn
på ditt nakne bryst. Eg tek deg og kysser ditt nakne
kjøtt – eg krystar din kropp mot min. Eg sansar deg
smertande tungt og søtt – og svimrar i sæla inn.
Nils Lavik, ved Bibelskolen i Bergen til 1933 og
seinare ein sentral person i KrF, syntest ikkje noko
om slik dikting. Og det kan hende at dette også i
dag blir for direkte for nokon. Men dette er poesi!
Dette er kunst! Ikkje mange greier å uttrykkje seg
slik gjennom ord og rim utan at det blir direkte
pornografisk eller plumpt.
Forholdet til naturen og
driftene er også prega av dramatikk: Urga, du eig
meg! Nådelaust eig du meg! Slaven din er eg, og Urga
– du veit det! Og vi møter den djupaste
fortvilinga: Urga, eg hatar deg! Lat meg i fred!
[...] Djevelen ta deg! – Dine bilete har eg brote
isund, og dine brev har eg brend. Berre ein lokk av
håret ditt gøymde eg. Dikta viser også nærheit:
Du søv. Eg kjenner anden din imot bringa mi. Eg
gramsar med andletet ned i håret ditt – eg kan ikkje
sova. Og Sveen er innom folkedikting og mystikk:
Huldra låg bort på ein solvarm stein langt borti
hamnehagen. – Og lufta skimra og sola skein, og
huldra låg under ei bjørkegrein og log imot
sommardagen. Ikkje minst er Åsmund Sveen
oppteken av sjølvrefleksjon: Eg står og ser meg
sjølv i spegelen i skuminga på atelieret, og eg veit
ikkje kva eg er mest redd – halvmørkra eller meg
sjølv –.
Dyrkinga av naturen og
livskrafta er ein del av vitalismen, som er ei
filosofisk retning Sveen interesserte seg for, mens
tematikken knytt til driftene og sjølvrefleksjonen
er påverka av Sigmund Freud og psykoterapien, som
Sveen også var oppteken av. Så – det er slik eg
ser ut –Berre skuggar og skuggar innover heile
andletet – Og augo to sløkte glør som eg veit om –
langt, langt inni spegelen ein stad –.
Ja, det er også alvor i Sveen si
dikting. Og dikta er nok delvis sjølvbiografiske:
Ja – ja! Livet er liding! Mitt liv er liding, og
mitt liv er alt eg veit om alt i livet. Det
gjekk ikkje særleg bra med Åsmund Sveen etter
krigen, absolutt ikkje. Og i dag er denne diktaren
nesten gløymd. Det var ikkje mange yngre tilhøyrar
på seminaret om Åsmund Sveen på høgskolen 7. mars.
Men no kom det nettopp ut ei diktsamling med utvalde
dikt av han. Kanskje skjer det på Koigen i sommar at
Guten låg i graset på ei stor, stor eng under
solhimlen og las dikt av Åsmund Sveen. Kven
veit? Men han fann deg i mørkret og batt deg så
fast at det alltid held da han løyste dei slitne
band batt han nye for evig åt.