Det finst så mykje sær skriving der ute; ord blir
delte på mange kreative og mindre kreative måtar. Du
har kanskje lese nok om det før, og kanskje er du
ein av dei som irriterer seg over sær særskriving
hos andre. Men kanskje er du ein av dei som berre er
usikker eller ubevisst når du deler ord. Kanskje –
kanskje – kan denne artikkelen redde nokon frå å bli
ein særskrivar.
Eg personleg er ein sær skrivar, men eg er nok ingen
særskrivar. Interessa mi for språk og grammatikk kan
sikkert verke sær på den eine eller den andre. Men
som forskar har eg eit intenst behov for å forstå
samanhengar og finne ut av ting. Språk er eit system
av symbol og reglar. Det finst reglar for det meste,
og dei fleste klarer å tileigne seg reglane i
morsmålet i løpet av relativt få år i barndommen.
Nokre reglar er lettare å skjønne enn andre. Men
sjølv om dei fleste snakkar nokolunde ”korrekt” (den
dialekten ein har lært), er det få som kan forklare
systemet bak språket dei snakkar.
Det munnlege språket er gjerne dialektbasert – i
alle fall i Noreg – og har eigne reglar. Når vi
uttrykkjer oss ved hjelp av skrift, bruker vi som
regel eit offisielt skriftspråk (t.d. nynorsk eller
bokmål), og det er gjerne mykje meir normert og med
strengare reglar. Dei fleste har kunna snakke i
mange år før dei lærer å skrive.
Når ein lærer å skrive, startar ein gjerne med å
lære bokstavane i alfabetet først, og så går ein
laus på å setje saman bokstavane til ord. Ordet er
ei grunnleggjande eining i språket. Det som gjer at
mange utlendingar har problem med å skjønne
talespråk, er at dei i byrjinga kan ha problem med å
skilje enkeltord ut ifrå talestraumen. ”Deterikkjesålettåhøyreenkeltordnårnokonsnakkariheilesetningar.”
Lange og komplekse ord kan vere ei utfordring.
Hjernen vår må kutte slike ord opp i mindre bitar
for å få tak i meiningsinnhaldet.
”Billettkontrolløruniformknapphol” er eit heilt
legitimt ord, kanskje ikkje så vanleg i daglegtalen,
men relativt uproblematisk. Eit slikt ord kallar ein
eit samansett ord. Der er sett saman av fleire ord
som også kan stå åleine. Hjernen vil i brøkdelen av
eit sekund dele opp ordet i ”billett”, ”kontrollør”,
”uniform”, ”knapp” og ”hol”, og finne ut av det mest
sannsynlege forholdet mellom desse enkeltorda. Sjølv
om det er snakk om fem enkeltord (substantiv), er
det berre eitt av desse orda som kan stå for
heilskapen, og det er ”hol”. Det er ikkje snakk om
ein billett; det er ikkje snakk om ein kontrollør,
og det er ikkje snakke om ei uniform eller ein
knapp. Det er snakk om eit hol. Ein kan altså ikkje
bytte om på enkeltorda utan at ordet endrar meining
eller eventuelt blir meiningslaust. Og like viktig
– ein kan ikkje dele ordet (utan å bruke bindestrek)
på nokon stad utan at det bryt dei norske reglane
for orddeling.
No er dette ordet litt søkt og konstruert. Men lat
oss sjå på døme frå kvardagen. Ja, t.d. er ”kvardag”
noko anna enn ”kvar dag”. Ingen vil vel finne på å
skrive ”eg les avisa kvardag”. Korfor skal ein då
finne på å skrive ”dette passar til fest og kvar
dag”? Ein kan sikkert ”jule opp nissen”, men ein kan
ikkje ”vente på jule nissen”. ”Jule” må vere eit
verb; det finst ikkje noko substantiv som heiter
”jule”. E-en i ”julenissen” er ein bindevokal som
gjer det lettare å utale det samansette ordet. Ein
annan bindelyd vi har, er ”s”, som i ”statskanal”.
Skrivemåten ”stats kanal” er ikkje eit ord. Det er
to orddelar der den første delen aldri ville kunne
stå for seg sjølv. ”Stats” eksisterer rett og slett
ikkje som eit norsk ord, like lite som ”jule” er eit
norsk substantiv. ”Jule nisse” og ”stats kanal” er
dermed nokså sær særskriving.
”Brun ost” og ”brunost” er ikkje nødvendigvis det
same, og ”blå bær” treng ikkje å vere ”blåbær”, for
ikkje å snakke om ”tytte bær”, som ikkje gjev
meining i det heile. Dersom ein prøver å uttale
”brun ost” vs. ”brunost” og ”blå bær” vs. ”blåbær”,
vil ein også kunne høyre ein tydeleg forskjell. Når
det er to ord, kan begge ord bli uttalte med like
mykje trykk. Og eitt av kriteria for å definere
sjølvstendige ord, er nettopp at eit ord kan ha
sjølvstendig trykk. Eit anna kriterium for norske
ord er at ein ikkje skal kunne skyte inn andre ord i
eit ord. Kan ein det, er det snakk om to ord. Derfor
skriv ein ”i fjor” og ”i dag”. Ein kan nemleg også
seie ”i heile fjor”, ”i heile dag”. Mens ein skriv
”imot” og ”ifrå” fordi ein ikkje kan ha noko anna
ord imellom ”i” og ”mot” eller ”frå”.
Det er eit faktum at ”sær skriving” har blitt meir
vanleg i norsk, men det tyder ikkje at det er
”korrekt” i dei normerte norske skriftspråka per i
dag. Det er ikkje usannsynleg at mange blir påverka
av engelsk. Men engelsk grammatikk er ikkje norsk
grammatikk, og det er vel eigentleg eit nederlag om
ein føler den kjennest meir rett enn
morsmålsgrammatikken.