For kort tid sidan hadde eg eit
lite innlegg i Hamar Dagblad (13.08.) om den
språkhistoriske samanhengen mellom orda ”ulv” og ”wolf”.
Eit anna interessant ord - og dyr - ein kan sjå på,
er ”ugla”.
”Ugle” var ”ugla” i gammalnorsk.
Så det har ikkje skjedd noko spesielt med ordet i
norsk, bortsett frå at a-en har blitt senka til –e.
Det har skjedd med dei fleste orda som enda på a i
gammalnorsk (”hana” > ”hane”, ”maga” > ”mage”).
Når vi samanliknar med engelsk
og tysk igjen, ser vi straks at vi finn andre
bokstavar i dei tilsvarande orda: ”owl” og ”Eule”.
Med litt fantasi skjønner vi likevel fort at orda
har det same opphavet. Ein w i engelsk kan svare til
ein g i norsk i t.d. ”own” – ”eige”, ”saw” – ”såg”,
”law” – ”lag” (lov). Vi kan til og med ha norske
(danske) ord der v og g alternerer, t.d. ”torv” vs.
”torg”, ”mave” vs. ”mage” og ”have” vs. ”hage”. Og
elles såg vi jo at den engelske o-en i ”wolf” svara
til den norske u-en i ”ulv”.
Når det gjeld tysk, er det
kanskje diftongen (tvilyden) ”eu” som verkar
forvirrande. Men vi har mange døme på at ein lang
vokal i germansk blei til ein diftong i tysk, mens
norsk framleis ”berre” har den lange vokalen, t.d.
”Eis” vs. ”is”, ”Haus” vs. ”hus” og ”deutsch” vs.
”tysk”. I tysk er det altså v- eller g-lyden som
forsvann etter diftongen ”eu”. Dei gammaltyske
formene er då også ”uwila” og ”ula”, mens dei
mellomhøgtyske formene var: ”iuwel” og ”iule”. Dvs.
ein hadde former med og utan w.
Den tyske ugla blir altså uttalt
med ein diftong ”eu”, og det same gjer faktisk også
den engelske. Sjølv om det står ein konsonant (w) i
det engelske ordet ”owl”, er jo uttalen [aul], dvs.
med ein diftong eller tvilyd.
Når vi no snakkar om uttalen av
”ugle”/”owl”/”Eule”, er det slik at ordet var eit
såkalla ”onomatopoetikum” i dei germanske språka,
dvs. eit lydmålande eller lydhermande ord. Sjølve
ordforma skulle altså først og fremst etterlikne
lyden til ugla. Det var ”ulinga” til ugla som var
opphavet til namnet på fuglen. Verbet ”ule” (og
”hyle”) er då også eit lydhermande ord, som ein finn
i t.d. latin som ”ululare”. Det tyske namnet på
hubroen er ”Uhu”, som har samanheng med det same
ordet, og som nok passar svært bra når ein tenkjer
på lyden.
Når vi no har sett litt på den
lydlege utviklinga av ord som ”ulv” og ”ugle”, kan
det vere interessant å sjå på eit uttrykk som ”ugler
i mosen”, som gjerne betyr at det er noko
mistenkjeleg ved noko. Dette uttrykket er lånt ifrå
dansk og heitte faktisk opphavleg ”ulve i mosen”
(ulvar i myra). I Falk og Torp si etymologiske
ordbok kan ein lese at den danske dialektforma
”uller” for ”ulve” blei mistolka etter at ulven var
utrydda i Danmark. Sidan det ikkje fanst ulvar i
Danmark lenger, var det nærmaste ein kom, ”ugler”.
Og ugla har jo alltid hatt noko mystisk og
uhellvarslande over seg. Så denne omtolkinga var i
grunnen relativt naturleg og forståeleg. Den same
omtolkinga skal ha skjedd med uttrykket ӌ bli
uglesett”. Opphavleg skal det ha vore ”ulvesett”, og
viser då ifølgje Falk og Torp til gammal overtru om
ulvens vonde auge, jf. engelsk ”he has seen a wolf”.
Her i Noreg har vi framleis både ulvar og ugler i
mosen. Men i desse valkamptider kan ein jo spørje
seg kven som uler mest.