Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Grus i grauten”. Hamar Dagblad, 16.12.2010, s. 42.  [>pdf av denne artikkelen]

Grus i grauten?
________________________________________

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk
Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

Har du grus i grauten til jul? Det høyrest kanskje litt fælt ut, og vi får no håpe at det ikkje er grus i julegrauten, men reint språkhistorisk har orda ”grus” og ”graut” faktisk same opphav.

Det gammalnorske ordet for graut var grautr, dvs. det same som i moderne norsk, berre med ei ekstra kasusending. Varianten med ø, grøt, er berre den typiske monoftongeringa (forenkling av diftong/tvilyd) ein har hatt i austnordisk, dvs. austnorsk, svensk og dansk. Så her har det ikkje skjedd så mykje dei siste tusen åra. Danskane fekk etter dansk mønster ein mjuk konsonant i slutten av ordet, grød, mens tyskarane fekk Grütze, dvs. eit såkalla svakt substantiv med ein vokal på slutten av ordet. Germanske t-ar kunne gjerne bli til tz (eller ss) i tysk, samanlikn t.d. no. katte – ty. Katze, no. fat – ty. Fass. Så det er veldig klart at tysk og norsk ”deler på grauten” reint språkleg også denne gongen. Men elles er det nok meir vanleg å bruke ordet Brei i Tyskland for det vi kallar graut.

Så korleis er det no med grusen i grauten? Det er som med kaffigruten. Det er òg berre grums. Grus er i utgangspunktet småstein, dvs. små ”korn”. Og då byrjar vi allereie å nærme oss sanningskornet. I gammalnorsk hadde ein orda grutr for grut og grjótr for småstein (ty. Grieß), og ordet gryta viser sjølvsagt til ei steingryte, som då på mange måtar blir smør på flesk. Grusen i innkøyrselen er i praksis knust (malt) stein. Så då er det ikkje vanskeleg å plassere korn og grovmalt mjøl i denne samanhengen. Den germanske ordrota som ligg til grunn, er då også *ghreu- som tyder å male eller knuse. I engelsk finn ein grit for småstein (jf. ty. Grieß) og grits og grouts for gryn. Og gryn kjem sjølvsagt også av å male/knuse.

Så grusen i grauten er eigenleg små korn, og i julegrauten er det gjerne riskorn. Er grauten kokt for lite, er det nesten det same som å spise småstein. Avsluttingsvis kan det vere litt interessant å nemne at tysk groß  og engelsk great (stor) faktisk også høyrer med i denne samanhengen (ein har også adjektivet grus i nynorsk). Opphavleg tydde ordet ”grovkornet”, dvs. det viste til at ein kunne skilje ut enkeltkorn i det grovmalne mjølet. Ordet skifta så etter kvart tyding til ”omfangsrik”, ”rikeleg” eller ”stor”. Kos deg med julegrauten! Så får ein håpe at det einaste grove ”kornet” ein finn, er mandelen i grauten, og at marsipangrisen ikkje berre er gris som i grus. Viele Grüße og grus jul til alle småsteinetande grautnissane der ute.