Draupne eller Draupner (av norrønt Draupnir) var
ringen som draup, dvs. det draup åtte gullringar av
denne ringen kvar niande natt. Det var dvergane
Brokk og Sindre som hadde smidd denne ringen til
Odin, og vi skulle vel alle ønskje at vi hadde ein
slik ring. Men det eg er interessert i her, er
sjølve ordet ”drype”.
Ein student av meg sende meg ei fortvilt melding om
at ho og ei venninne hadde krangla om bøyinga til
verbet ”dryppe” (på bokmål). Dei hadde slått opp i
ordboka og funne fortidsforma ”drypte”, og no håpa
studenten min på at eg kunne stadfeste at også
”dryppet” var eller hadde vore korrekt ein gong i
tida. Heldigvis kunne eg svare at begge hadde rett.
Det er faktisk lov til å skrive både ”dryppet” og
”drypte” på bokmål.
Ordboka kan vere litt vanskeleg å skjønne dersom ein
ikkje har sett seg inn i kodane. Der står det
nemleg: ”dryppe v1 el. drypte, drypt”. Koden v1 står
for den største klassen av svake verb. Det er dei
verba som får –et eller –a som fortidsending, t.d.
kaste – kastet/kasta – har kastet/kasta. Koden v2
ville ha stått for den nest største klassen, dvs.
verb som endar på –te og –t, t.d. spise – spiste –
har spist. I Bokmålsordboka kunne det altså ha stått
”dryppe v1 el. v2” i staden for at ein berre
eksemplifiserte v2-bøyinga. Det kan hende at ein
valde å skrive oppføringa slik for å signalisere at
forma ”drypte” er sjeldnare enn den meir vanlege
”dryppet”. Ordet ”dryppe” kan på bokmål både tyde ”å
falle dråpevis” eller ”å la falle dråpevis”. Dvs. at
det same ordet kan på bokmål brukast både med
intransitiv tyding (utan objekt): ”det dryppet (fra
taket)”, og med transitiv tyding (med objekt): ”hun
dryppet øynene (med øyedråper)”.
På nynorsk kan ein verken skrive ”dryppe”,
”dryppet/-a” eller ”drypte” for den første tydinga
av verbet, dvs. at noko dryp. På nynorsk må det vere
”drype – draup – har drope”. Så kva har skjedd her?
Sjølv om mange meiner at nynorsk er eit konstruert
språk, er det jo ikkje slik. Som regel har nynorsk
eit nærare band til korleis ein prata i Noreg før
ein blei påverka av dansk. Namnet på ringen Draupne
er laga av fortidsforma til verbet ”drjúpa”, som
blei til ”drype” i moderne norsk. Den gammalnorske
bøyinga var ”drjúpa – draup – dropit”. Med dei
vanlege lydendringane i norsk fekk vi då den direkte
utviklinga ”drype – draup – drope”. Men det sterke
verbet ”drype” er utelukkande intransitivt, dvs. at
det ikkje kan ha objekt. Ein kan altså skrive ”det
draup frå taket”, men ein kan ikkje skrive *”ho
draup auga sine med augnedroper”. Den transitive
varianten av verbet er svakt, noko som også gjeld
for ei rekkje andre slike verb. Ein må altså skrive
”ho drypte auga sine (med augnedroper)” eller ”ho
drøypte auga sine”. Her ser ein at det også finst
eit regulært svakt verb ”drøype”, som blir bøygt:
”drøypte – drøypte – har drøypt”. Tilsvarande verb i
gammalnorsk var ”dreypa”, som er avleidd av ”drjúpa”.
Det same forholdet har ein t.d. mellom ”flyte” og
”fløyte” (bokmål: fløte (tømmer)), eller i ”kåpa
hang på knaggen” og ”eg hengde kåpa på knaggen”. (Eg
skreiv om såkalla ”parverb” i HD 29.10.2009.)
Det er ikkje uvanleg at opphavleg sterke verb
skiftar klasse og blir svake i moderne norsk. Dei
fleste seier t.d. ”bærte” og ”skjærte” i dag, sjølv
om det eigentleg (offisielt) skal vere ”bar” og
”skar”. Sånn sett er det ikkje vanskeleg å skjønne
at bokmål har svak bøying av verbet ”dryp(p)e”. Når
ein no veit at det også finst (eller fanst) eit
svakt verb ”drøype”, er det heller ikkje vanskeleg å
skjønne at bokmål kan ha to alternative bøyingar
”dryppet” og ”drypte”. I bokmål (og i mange
dialektar) har forskjellen mellom den intransitive
og den transitive varianten av ”drype” forsvunne i
verbbøyinga. Derfor finst det berre eitt verb og éin
måte å bøye verbet på. I nynorsk må ein framleis
skilje mellom ”draup” og ”drypte” alt etter om det
dryp eller om nokon dryper noko. Det er no éin ting
om ein hadde ein gullring som det draup nye
gullringar av kvar niande natt, men enda betre hadde
det jo vore om vi sjølv kunne drype eller drøype
gullringar etter behov. Om ikkje anna har eg no
prøvd å drøype nokre gullkorn her for
språkinteresserte lesarar.