Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”W-en forsvinn, ulven blir”. Hamar Dagblad, 13.08.2009, s. 17. [>pdf av denne artikkelen]

W-en forsvinn, ulven blir
________________________________________

UKENS KOMMENTAR

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk,
Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

Det er mykje debatt rundt ulven her i Hedmark. Nokon er for ulv, nokon er imot ulv, og slik vil det nok vere i framtida òg, så lenge som menneske og ulv lever side om side. Ulven har vore her i tusenvis av år. Vi kjenner ulven også som ”varg”, ”gråbein” og eventuelt ”skrubb”. Og eit namn må jo ”barnet” ha. Men har du nokon gong lurt på korfor ulven heiter ”wolf” på engelsk og tysk?

I utgangspunktet kunne det jo sjå ut som om ”ulv” og ”wolf” er ulike ord frå ulike språk. Men norsk, engelsk og tysk har utvikla seg frå eitt felles germansk språk. I gammalnorsk var skrivemåten ”ulfr”, der r-en var endinga for kasusen nominativ. F-en blei i dette tilfellet uttalt som ein v. Så det er ikkje så merkeleg at ein i dag bruker skrivemåten ”ulv”.

Når det gjeld vokalane u og o, har vi gode døme i norsk som viser at desse vokalane kan veksle av ulike grunnar, t.d.:”bud/bod”, ”gulv/golv”, ”tru/tro”. Som regel er det u-en som er den opphavlege vokalen, og så kan den ha blitt senka på grunn av ein a som kjem eller kom seinare i ordet. Dette kallar ein ”assimilasjon”, som tyder at to lydar blir meir like kvarandre.

Så no har vi funne ut av skilnaden mellom v og f og u og o i ”ulv” vs. ”wolf”. Men kvar blei det av w-en på vegen frå germansk til norsk? Uttalen av norsk ”veg” og tysk ”Weg” kan vere meir eller mindre den same (avhengig av dialekt på begge språka). Den tyske w-en blir uttalt som ein norsk v, dvs. som ein såkalla leppe-tannlyd (labiodental). Det tilsvarande ordet på engelsk er ”way”, og her har vi ein annan uttale av w-en, nemleg som ein såkalla halvvokal. Den engelske w-en blir meir som ein o, og ”way” vil nesten kunne bli uttalt som ”oei”. Det er altså nærmast ei blanding av v og o.

Det er den engelske uttalen av w som er den opphavlege germanske uttalen. Når dei to lydane w og o/u var så pass like, er det lett å tenkje seg at den eine lyden kunne forsvinne når dei stod saman, og det er dét som har skjedd i dei nordgermanske språka (norsk, svensk, dansk (og islandsk og færøysk, som utvikla seg vidare frå gammalnorsk)) i motsetnad til engelsk og tysk. Ein kan finne mange ordpar som viser dette, t.d.: ”Odin – Woden/Wotan”, ”ork – work/Werk”, ”orm – worm/Wurm”, ”ull – wool/Wolle”. I norrøn tid kunne v-en forsvinne ved bøying av ord når det plutseleg kom inn ein o- eller u-lyd, t.d.: ”verða – varð – orðit” (”verte – vart – vorte”).

Ifølgje Falk og Torp si etymologiske ordbok ligg det ei indogermansk ordrot ”vel” til grunn, som tyder ”å rive”. I gotisk hadde ein ”wilwan” og ”wulwa” for ”røve” og ”rov”. I latin hadde ein ”lupus” for ”ulv” og ”volpes/vulpes” for ”rev”. ”Lupus” har truleg utvikla seg frå ei tidlegare form ”vlupo-”. Men det ser ut til at er ”volpes/vulpes” som blei namnet på ulven hos germanarane, mens ein hadde andre namn på reven (”fox” og ”Fuchs” i engelsk og tysk).

Ordet ”rev” er eit nordisk ord (gammalnorsk ”refr”) og har samanheng med halen på reven (rova). Sjølv om ein har eit anna ord i latin (”volpes”), ser ein at spansk har ”rabo” for hale og ”raposo” for ”rev”. Så den indogermanske slektskapen er tydeleg. Også ”fox” og ”Fuchs” viser til halen på reven. ”Fuchs/fuks” som namn på ein hest har derimot med fargen å gjere, og er lånt med tilvising til reven sin farge.

Ulven er altså den som riv, og så var det språkhistoria som reiv bort w-en til den nordiske ulven. Men ulven forsvann ikkje heilt. Så får ein sjå korleis ulven klarer seg der ute. I desse ulvetider har han vel meir enn grunn nok til å rope akk og w...