Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Når språket går hedan”. Hamar Dagblad, 09.09.2010, s. 28.  [>pdf av denne artikkelen]

Når språket går hedan
________________________________________

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk
Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

For ikkje så lenge sidan hadde vi besøk av ein trønder som fortalde ei spennande og engasjerande historie om noko som var blitt øydelagt, og han sa då at tingen han snakka om, hadde ”gått til heden”. Som språkvitar spissa eg sjølvsagt øyra, og analyseapparatet mitt leita med ein gong etter moglege forklaringar på konstruksjonen.

Kva er så situasjonen? Jo, dei fleste av oss ville nok ha sagt at noko (eller nokon) ”går heden/hedan”, dvs. utan ”til”. Korfor er det då likevel nokon som kan finne på å seie ”gå til heden”? Ein rask sjekk på Google viser at det er ca. 1000 oppslag på ”går heden” mot 4000 på ”går til heden”. I infinitiv er resultatet annleis. Det er 8 oppslag på ”gå til heden” mot ca. 500 på ”gå heden”. Med partisippforma er det ca. 1800 oppslag på ”gått heden” mot ca. 70 på ”gått til heden”. Ved denne overflatiske sjekken observerer ein altså vaklande språkbruk der ute blant aktive språkbrukarar. Kva er så korrekt? Og kva er ei mogleg forklaring på den konstruksjonen som ikkje er korrekt per i dag?

Uttrykket er (sjølvsagt) ”å gå heden/hedan”. Den nynorske forma ”hedan” er nærmare den gammalnorske forma ”heðan”, som er det språklege utgangspunktet her. Ordet ”heðan” eller ”heden/hedan” er eit adverb som tyder ”herifrå”. ”Å gå hedan” tyder altså rett og slett konkret ”å gå herifrå (til ein annan stad)”. I dagens norsk finst ordet meir eller mindre berre i faste uttrykk, som t.d. ”gå/fare/vandre hedan” med tydinga ”å døy”, eller, når det gjeld gjenstandar, ”å bli øydelagt”. Elles finst også ”hedan og dedan”, som tyder ”herifrå og derifrå” eller ”frå ulike stader”.

Når folk har byrja å seie ”gå til heden/hedan” med ”til”, er dette eit fenomen vi kallar for analogi, dvs. at ein tilpassar ein konstruksjon til ein annan konstruksjon som finst frå før, og som liknar på ein eller annan måte. Sidan ”heden/hedan” ikkje lenger er i bruk utanfor faste vendingar, skjønner mange ikkje lenger den konkrete tydinga til ordet. Ein skjønner berre tydinga til heile konstruksjonen ”å gå heden/hedan”, som er å døy eller å bli øydelagt. Samtidig har vi også ein annan konstruksjon som liknar, og som har ei liknande tyding i visse samanhengar, nemleg ”å gå til helvete”. Dette er eit mykje sterkare uttrykk, og mange vil derfor eventuelt leite etter eit ”snillare” uttrykk. Men i munnleg språk blant t.d. ungdommar vil nok ”å gå hedan” og ”å gå til helvete” tyde nokolunde det same når ein snakkar om at tekniske duppedingsar går i stykke.

Dersom ”gå til heden/hedan” skulle få fotfeste og bli eit vanleg uttrykk, må ein eventuelt omdefinere statusen til ordet ”heden/hedan”, som då burde bli analysert som eit substantiv og ein konkret eller abstrakt stad ein ville kunne gå til (i staden for ”frå”). ”Heden/hedan” blir då kanskje eit helvete (eller ein himmel) for t.d. øydelagde bilar eller mobiltelefonar, noko som opnar for nye og kreative namn på bilopphoggeri eller returstasjonar. Motsetnaden mellom ”Edens hage” og ”Hedens hage” er nærliggjande i så fall. Språkpuristar vil i alle fall kunne påstå at språket går hedan. Men akkurat slike omtolkingar og språkendringar er faktisk relativt vanskelege å stoppe. Så då får den enkelte bestemme for seg sjølv om språkendring er himmel eller helvete.