Føler du at
eg vender meg direkte til deg no? Er ”hei, du” ein
grei måte å snakke til deg på? Eller blir det
kanskje litt for personleg?
Vi bur i eit
lite land, og det er ikkje så mange av oss. Vi
fleipar gjerne med at folk spør om ein kjenner den
eller den når vi fortel kvar vi kjem frå. Men det
”verste” er jo at ein som regel verkeleg har nokon
felles kjende. Verda er ikkje stor her oppe i nord.
Så då er det ikkje så rart at vi er på fornamn med
dei fleste.
Vi reagerer
likevel dersom det er ein telefonseljar på tråden og
seier: ”Du, Jens…” Ein sånn tilfeldig seljar har ein
jo som regel heller ikkje noko spesielt ønske om å
bli betre kjend med. Ei anna sak er at det er mykje
vanskelegare å seie nei til ein person som ein har
eit personleg forhold til. Dei fleste av oss vil jo
helst ikkje kjøpe noko av ein fremmend på telefonen.
Og det er nettopp det som er grunnen til at
telefonseljarane bruker ein personleg tone.
Etter at
bruken av ”De” meir eller mindre har forsvunne frå
daglegtalen til folk flest, er det i grunnen ikkje
så lett å finne ut kva som er den beste måten å
snakke til fremmende folk på. Språkrådet skriv på
nettsidene sine at dei høflege formene aldri er
obligatoriske, og det er eit spørsmål om skjønn
eller smak når ein vil bruke dei. I 1981 skreiv
Språkrådet (Råd om språk) at det tidlegare blei sett
på som det korrekte å bruke ”De” når ein vende seg
til fleire personar som ein ikkje var dus med. På
80-talet var det vanlegare og blei rekna som det
korrekte å bruke ”dere” (med liten forbokstav). Men
når ein skulle skrive til eit firma, skulle ein
bruke ”De”, og når ein skreiv til organisasjonar,
kunne ein bruke ”De” eller ”dere”.
Det er
relativt klare reglar for bruken av ”De” i land som
t.d. Tyskland og Frankrike. Etter 70-talet blei
dette systemet derimot ikkje lenger oppfatta som
tidsriktig i dei nordiske landa. Det er likevel litt
forskjell mellom t.d. Danmark og Noreg. På
nettsidene til TV 2 NEWS fann eg ein diskusjon der
det stod at ”en af vore
værter var kommet til at sige ’du’ til seerne.
Normalt siger vi ’De’ eller ’I/jer’, men det kan jo
smutte”. Her er det altså
minst éin dansk TV-kanal som meir eller mindre
konsekvent bruker ”De”. Sjåarane var litt delte i
meiningane sine, men fleire poengterte at De-forma
var forsvunnen ut av bedriftene for minst 10 – 15 år
sidan. Fleire meinte òg at De-forma i dag nærmast
blei brukt og oppfatta som nedlatande. Andre meinte
at ein sjølvsagt måtte bruke ”De”, fordi dansk var
så ”flatt” frå før. Ein skulle prøve å finne fram
dei ”finare” orda igjen. Folk som blei intervjua på
TV, reagerte t.d. med å kalle det for ”højrøvet” når
dei blei tiltalte med ”De”. ”Få det ’De’ fjernet, og
tal så almindeligt dansk”, skreiv éin. Folk frå TV 2
sa at ein naturlegvis var dus med debattantane
(bloggarane) på nettsida, fordi ein oppfatta seg som
ein stor familie, men at TV-verten skulle halde ein
nøytral tiltaletone overfor sjåarane. Det er
interessant å sjå at nokon oppfattar tiltaleforma
”De” som nøytral, mens andre oppfattar forma som
fremmend eller direkte nedlatande.
Eg fann også
ein kort diskusjon om temaet på norske nettsider
(Aftenposten). Der var det bl.a. nokre juristar som
var opptekne av språket som sitt viktigaste verktøy.
Éin skreiv at De/Dem var det ”riktige” ordvalet for
juristar; ”Slik har det vært, og slik skal det
forbli”. Noko anna ville vere ei forflating av det
norske språket, blei det sagt. Mens ein annan svarte
at dei flirte rått av ”slikt kansellispråk”; ”Vi
bryr oss om innhald, ikke om form”. Enda ein meinte
at De/Dem var ”utdatert”, og at det ville skape ei
kløft mellom juristar og ikkje-juristar. Ein annan
igjen meinte derimot at høflegheitsformene generelt
blei brukte i næringslivet.
Eg har ikkje
gjort noka stor undersøking på dette, men eg har til
og med høyrt frå folk på rundt seksti, at dei ikkje
har ”De” i vokabularet sitt i det heile. Generelt
kan ein vel seie at ein i Noreg ikkje lenger bruker
”De” i vanleg daglegtale, og at dei fleste (i alle
fall yngre) ville oppfatte det som svært unaturleg.
Vi synest altså det er naturleg og greitt å bruke
”du”. Men mange har problem med kombinasjonen ”du”
pluss fornamn. I Tyskland, England og Frankrike er
det vanleg å bruke uttrykk som svarer til ”herr” og
”fru”. Men det blir heller ikkje lenger brukt i
Noreg. Det som er interessant, er at ”du, Haugan” då
ville vere høfleg i Noreg, mens det ville vere
totalt uakseptabelt (fornærmande) på t.d. tysk. Der
må det anten vere: ”Du, Jens” eller ”De, Herr
Haugan” (i mitt tilfelle måtte det til og med bli
”Herr Doktor Haugan”). Det er derimot heilt uaktuelt
å bruke ”herr” i Noreg (anna enn i ein spøkjefull
eller ironisk tone), og det å bruke ein doktortittel
i vanleg samanheng er heller ikkje sosialt
akseptert, og ville bryte med Jantelova. Så når ein skal
skrive til nokon som ein ikkje kjenner så godt, er
det like greitt å berre skrive ”hei”. Det er vel det
som er ”nøytralt” hos oss, sjølv om det kan verke
lite danna på folk frå ”siviliserte” land.