Det har – som så mange gonger før – vore ein debatt
om bruk av dialekt igjen. Ordet ”je” er liksom ikkje
like fint som ordet ”jeg”. Og då er det snakk om ein
bitte liten uttaleforskjell. Forskjellen mellom
”jeg” og ”eg” er litt større, men desse to
ordformene høyrer jo ”berre” til to ulike
skriftspråk. Det fører som regel berre til ein
debatt om vi skal ha to skriftspråk eller ikkje, og
handlar mindre om kva som eventuelt er finast å
høyre på. Men korfor har vi eigentleg to ulike
former av eit så sentralt ord som eit pronomen?
Ser vi på norsk, dansk og svensk som variantar av
eitt språk, har vi som offisielle skriftformer ”eg”,
”jeg” og ”jag”. Her må det heilt openbert ha skjedd
noko i språkhistoria. Så då får vi ta ei reise
bakover i tid og finne ut korleis det var ”i gamle
dagar”.
Den norrøne forma var ”ek”, og den felles germanske
forma var ”eka”. Utviklinga i vestnorsk har altså
vore relativt ”rett fram”. Først forsvann a-endinga
i den såkalla synkopetida då mange urnordiske ord
blei kortare, og seinare blei k svekka til g. Dette
er ei relativt vanleg lydleg utvikling, og det hadde
i praksis ikkje gjort noko om vi hadde halde på den
gamle skrivemåten ”ek” og berre uttalt det som ”eg”.
Den vestnorske (nynorske) forma er dermed lite
”spennande” i grunnen. Den ville nok ha fungert like
godt for tusen og kanskje to tusen år sidan. Men
korleis fekk vi variantane med j?
Utviklinga frå ”eka” til ”jag” og ”jeg” kallar ein
bryting. Mens ein i urnordisk tid kunne ha
hovudtrykket ulike stader i eit ord, blei det i
overgangen til norrønt vanleg å ha trykket på den
første stavinga. (Derfor vil ein t.d. kunne seie at
uttalen ’banan faktisk er meir korrekt på norsk enn
ba’nan. Men vi lånte inn dette ordet mykje seinare.)
Trykkforskyvinga er nok éin grunn til at så mange
endestavingar forsvann og orda blei kortare i
norrønt. Men i staden for at endestavinga forsvann
heilt, kunne ho også bli dregen med inn i
hovudstavinga. Det kan vi t.d. sjå ved å samanlikne
med dei germanske nabospråka våre. Mens det i
urnordisk heitte ”hertan”, heiter det i tysk ”Herz”
(t blir ofte til z i tysk). Men i engelsk heiter det
”heart”. Her ser vi at den gamle a-en har flytta
fram i trykkstavinga. I norsk blei lydkombinasjonen
”ea” til ein glidelyd ”ja”, og vi fekk ”hjarte”.
J-lyden kan så verke som ein i-omlyd, som eg har
skrive om før. I-omlyden gjer at låge vokalar blir
heva. I dette tilfellet blir a til e i mange
dialektar, dvs. ”hjarte” > ”hjerte” (jf. forskjellen
mellom nynorsk og bokmål). Det er ikkje alltid ein
ser den gamle a-en i skrift i engelsk. Vi har andre
døme som ty. ”Helm”, eng. ”helmet” og norsk ”hjelm”;
ty. ”eben”, eng. ”even”, norsk ”jamn” og ”jevn” (den
norrøne forma var ”jafn”).
Ei anna form for bryting fekk ein når det stod ein
”u” i endestavinga i urnordisk. Døme på dette er ty.
”Bär”, eng. ”bear” og norsk ”bjørn” av urnordiske ”bernu”;
”fjord” er også ei brytingsform av urnordisk ”ferþu”.
Så no byrjar vi å få det klart. Svensk ”jag” er den
direkte utviklinga av ”eka” via ”eak” til ”jak” og
”jag” – ein har den same svekkinga av k til g som
ved ”ek” > ”eg”.
I neste omgang verkar j-en på vokalen a og hevar
denne til e, så vi får ”jag” > ”jeg”.
Svekkinga av k til g kan gå enda lenger.
Den stemde konsonanten g kan bli velarisert og blir
då til ein halvvokal j eller til ein i-lyd. Dermed
får vi uttalevarianten ”jej”/”jei”. Det er denne
forma som er grunnlaget for språk-/dialektdebatten
den siste tida. Sjølv om ein skriv ”jeg” i bokmål,
er det ”jei” som blir oppfatta som standard uttale
(men prøv å endre skriftforma til ”jei”, så skal du
sjå det blir rabalder. Det har ein jo opplevd med
forskjellen i skrivemåte mellom ”veg” og ”vei” også
mange stader).
Men her oppe rundt Mjøsa har svekkinga av den gamle
k-en altså gått så langt at heile den siste lyden
har forsvunne, og dermed er det berre ”je” igjen.
Det er akkurat det same som har skjedd mange plassar
med den vestnorske forma ”eg”; den har blitt til ”e”
og kanskje blitt senka til ”æ”, som i min dialekt.
Men det er ingen som påstår at ”e” eller ”æ” ikkje
er like fint som ”eg”. Kanskje nynorsk blir oppfatta
som ”bondsk” frå før. Men det er faktisk berre snakk
om heilt vanlege lydelege endringar i språket.
Så korfor skal ein diskriminere kvarandre på
bakgrunn av korleis ein uttaler eit ord i eit
bestemt område? Både bokmål og nynorsk er
skriftspråk, og vi har mange, mange ulike variantar
å uttale dei skriftnormerte orda på i dei ulike
dialektane. Dermed må det vere lov å bruke ”je”, og
eg tek meg retten til å seie ”æ” – uansett om det
står ”eg” eller ”jeg” i ein skriven tekst.