Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Den nedbrotne bjørnen”. Hamar Dagblad, 05.08.2010, s. 13.  [>pdf av denne artikkelen]

Den nedbrotne bjørnen
________________________________________

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk
Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

Eg har visst skrive om alle dei store rovdyra, då bør vel bjørnen òg få nokre ord. Og då er det sjølvsagt ordet ”bjørn” eg er interessert i som språkvitar. I motsetnad til gaupa og reven har bjørnen ei ordform som for så vidt liknar dei ein har i engelsk og tysk, nemleg ”bear” og ”Bär. Men mens ”bear” og ”Bär” også uttalemessig liknar på kvarandre, skil ”bjørn” seg likevel litt frå dei to germanske nabospråka.

For å finne ut av forskjellen i skriving og uttale, kan ein starte med å sjå på den gammalnorske forma av ”bjørn” som var ”bjQrn”, dvs. skriven med såkalla ”o med kvist”. O med kvist i gammalnorsk er vanlegvis eit teikn på at det er ein a som har blitt påverka av ein u (tidlegare uttalt som o) slik at han blei ein å-lyd (ao).

Når vi ser o med kvist i gammalnorske tekstar, er det altså god grunn til å tru at ordet i ei anna form eller på eit tidlegare trinn hadde ein a. Fleirtal av ord som ”land” og ”barn” hadde t.d. eit u i endinga i urnordisk. Denne u-en påverka a-en i trykkstavinga (ein får såkalla u-omlyd), og i gammalnorsk finn ein fleirtalsformene ”lQnd” og ”bQrn”. Dette er også grunnen til at vi har dialektformer og eldre nynorske former som land – lond og barn – born. På islandsk har den gamle o-med-kvist-lyden endra seg til ö, og ein har ”lönd” og ”börn” som fleirtalsformer.

No veit vi altså at lydar i endestavingar kan påverke lydar i trykkstavingar. Når det gjeld u-omlyden, så fall lyden som var opphavet til omlyden ofte bort på vegen frå urnordisk til gammalnorsk. Eit anna fenomen har vi når lyden i endestavinga bokstavleg talt bryt seg veg framover i trykkstavinga. Dette fenomenet kallar ein derfor for bryting.

Sjå no på dei to formene i engelsk og tysk: i engelsk står det ”bear” med ea, og i tysk står det berre ”Bär”. Ei eldre angelsaksisk form var ”beorn” (nokon vil kanskje hugse forma frå Tolkien si bok Hobbiten, der det var ein mann som kunne forvandle seg til bjørn). Den urnordiske forma reknar ein med var ”bernu-”. Gammalhøgtysk hadde ”bero”, mens ei anna angelsaksisk form var ”bera” (gammalnorsk hadde også ”bera” for binne). I tysk forsvann den gamle o-lyden, og e-en blei senka til ä. Men elles skjedde det ikkje mykje med ordet. I engelsk derimot ser ein at på utviklinga bera > bear at a-en i endestavinga braut seg framover i staden for å falle bort. I nordisk var det u-en som braut seg framover og ein fekk bernu > beurn. Når vi ser at ”bjQrn” er skrive med o med kvist, kan det elles òg vere mogleg at det var ei a-ending som braut seg framover først, slik som i engelsk, men at det var ein u i endinga som etterpå påverka a-en til å bli ein å-lyd. E-en framfor a eller u fekk i nordisk ein glideuttale og blei dermed til j.

Norsk, engelsk og tysk er relativt forskjellige når det gjeld fenomenet bryting. Engelsk har ofte ei svært gammaldags rettskriving som vitnar om gamle uttaleformer. Derfor kan ein lettare sjå korleis utviklinga har gått. Samanlikn t.d. urnordisk ”hertan” vs. engelsk ”heart” og norsk ”hjarte” (i austnorsk gjorde så j-en at a igjen blei heva til e – hjerte). I tysk fekk ein ”berre ”Herz”. Elles også urnordisk ”erthu” mot engelsk ”earth” og norsk ”jord” (prøv å uttale ”eurth”); mens tysk berre fekk ”Erde”.

Bryting er eit spennande fenomen i nordisk, og bjørnen blei, som vi såg, litt nedbroten av behandlinga han fekk. Men kva tyder eigentleg namnet ”bjørn”? Det er faktisk meir opplagt enn ein kanskje trur. Her kan det vere greitt å gå tilbake til den urnordiske forma ”bernu”. Når ein først har sett at lydar/bokstavar kan skifte plass i utviklinga av ord og språk, kan ein jo prøve ”scrabble-metoden”. Dersom ein stokkar litt om på bokstavane, er det ikkje vanskeleg å sjå at det er ”brun” som skjuler seg her, og bjørnen er dermed ikkje noko anna enn ”den brune”. Det er velkjent at ein opp igjennom historia gjerne har prøvd å gje dei ”farlege” dyra litt meir ufarlege namn. Ulven kunne t.d. vere ”gråbein”, og bjørnen er altså den brune.  I latin hadde ein namnet ”ursus”, og på gresk heitte bjørnen ”árktos”, og det er stjernebiletet Den store bjørnen vi har over Arktis, mens Antarktis ligg motsett veg (ant-) av Den store bjørnen.

Ei norsk form utan bryting er forresten ”berserk”. Berserkane var sjølvsagt krigarane med bjørneskinn. Så treffer du på bjørn, får du bere over med den brune; han blei jo broten ned og brukt til serk, stakkar.