Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Grammatikkverktøy i praksis”. Hamar Dagblad, 04.11.2010, s. 14.  [>pdf av denne artikkelen]

Grammatikkverktøy i praksis
________________________________________

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk
Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

Etter å ha skrive om ”verktøy” i grammatikken, fekk eg lyst til å vise korleis systematisk bruk av grammatiske verktøy faktisk har endra skolegrammatikken i Noreg.

Dei fleste vaksne har lært om ordklassane på skolen. Inndelinga av orda i ulike ordklassar er relativt gammal og har vore ein del av tradisjonell grammatikkundervisning så lenge vi har hatt eit organisert skolesystem i Noreg. Henrik Wergeland skreiv t.d. i 1833 eit pedagogisk dikt i samlinga ”For Børnene”, som han kalla ”Sproglære”. Diktet blei skrive for at elevane lettare skulle lære dei ti ordklassane. Diktet sluttar med: ”Af ti Taledele da Sproget bestaaer. Igjennem det Tanken af Sjelen udgaaer.”

Den tradisjonelle ordklasseinndelinga opererte med ti klassar: substantiv, pronomen, artiklar, adjektiv, talord, verb, adverb, preposisjonar, konjunksjonar og  interjeksjonar. Dei fleste vil kjenne igjen desse ordklassane ifrå norsktimane eller eventuelt ifrå undervisninga i eit fremmendspråk.

Ein skulle tru at slik kunnskap om grammatikk var evigvarande. Men det er den faktisk ikkje. Den tradisjonelle ordklasseinndelinga viste seg å vere inkonsekvent på mange område. Språkforskarane etterlyste ein meir konsekvent bruk av dei grammatiske verktøya i klassifiseringa av orda. Ein gjekk då systematisk til verks for å komme fram til ein praktisk metode som gjorde det mogleg å bestemme ordklassar ut ifrå konkrete kriterium som ein kunne følgje.

I artikkelen om grammatiske verktøy nemnde eg fem hovudområde i grammatikken: fonologi, morfologi, syntaks, semantikk og pragmatikk. Det er kanskje innlysande at uttalen av eit ord ikkje burde spele noka vesentleg rolle når ein skal klassifisere eit ord. Ein treng altså ikkje fonologi som grammatisk verktøy i ordklasseinndelinga. Måten ein bruker eit bestemt ord på (pragmatikk), er heller ikkje nødvendigvis alltid noko godt kriterium. Dersom eg seier ”Døra!” og meiner at nokon skal lukke døra eller passe på at ho ikkje smell igjen, blir ikkje ”døra” til eit verb av den grunnen. Men morfologi, syntaks og semantikk er viktige verktøy i ordklasseinndelinga, og dei skal brukast i nettopp den rekkjefølgja.

Ein startar med å sjå på om eit ord har bøying, som er eit morfologisk kriterium. Det har å gjere med forma til ordet. Ord med bøying, kan høyre til visse ordklassar og ikkje andre og omvendt. Det finst også ulike måtar å bøye ord på. Substantiv blir t.d. bøygde i eintal, fleirtal og bestemtheit, mens verb kan bli bøygde i tid.

Det neste kriteriet er syntaktisk. Dvs. at ein ser på korleis eit ord oppfører seg i forhold til andre ord i setninga. Substantiv vil t.d. kunne ha funksjon som subjekt eller objekt i setninga. Som subjekt vil substantiv vanlegvis stå direkte framfor det finitte verbet eller direkte bak det finitte verbet. I norsk står det finitte verbet alltid på andre plass i setninga. Det er i seg sjølv eit syntaktisk, altså plasseringsmessig, kriterium.

Dersom ein framleis er usikker på kva ordklasse ein skal putte eit ord i, kan ein gå over til det semantiske kriteriet. Då vil ein sjå på sjølve tydinga til ordet. Hovudskiljet går her mellom ord som har ei tyding utanfor setninga (innhaldsord), og ord som spelar ei grammatisk rolle i setninga (funksjonsord). Det er lett å peike ut kva ein snakkar om, når ein seier ”dør”. Ordet ”dør” har eit innhald knytt til konkrete representantar for tingen det refererer til. Det er derimot vanskeleg å peike på eller beskrive kva ”og”, ”men” eller ”at” skal kunne vise til. Dette er typiske funksjonsord. Dei fungerer som grammatiske element i ei setning.

Nokre språkforskarar blei altså einige om å praktisere ordklasseinndelinga etter faste prinsipp. For å vere konsekvent og rydde i den tradisjonelle ordklasseinndelinga, blei nokre ordklassar fjerna, mens nye ordklassar kom til.

I 1997 gav språkforskarane Jan Terje Faarlund, Svein Lie og Kjell Ivar Vannebo ut ”Norsk referansegrammatikk”, som er ei bok på over 1200 sider som presenterer ein grammatikk med konsekvent bruk av dei grammatiske verktøya i forhold til bl.a. ordklassane. I 2005 byrja ein så etter tilråding frå Utdanningsdirektoratet og Språkrådet å endre terminologien i undervisninga i skolen. Det er altså berre fem år sidan den tradisjonelle skolegrammatikken i Noreg blei revolusjonert på grunnlag av systematisk bruk av grammatiske verktøy.

Dei nye ordklassane er: substantiv, pronomen, adjektiv, determinativ, verb, adverb, preposisjonar, konjunksjonar, subjunksjonar og  interjeksjonar. Det tyder at artiklar og talord har forsvunne som ordklassar. Medlemmane i desse klassane er no fordelte på adjektiv og determinativ, alt etter korleis dei oppfører seg i forhold til dei nemnde kriteria. Determinativ er ein ny ordklasse som inneheld ulike typar bestemmarord. Den andre nye ordklassen er subjunksjonar, som tidlegare var ei undergruppe av konjunksjonar. Forskjellen mellom dei er at konjunksjonar bind saman likeverdige frasar, mens subjunksjonar innleiar underordna setningar.

Språkforsking er spennande på så mange måtar – og anvendt språkforsking kan altså endre oppfatninga av kva folk flest har lært og meint om grammatikk.