Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Henne har vi høyrt”. Hamar Dagblad, 04.03.2010, s. 11. [>pdf av denne artikkelen]

Henne har vi høyrt
________________________________________

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk
Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

Ein høyrer oftare og oftare at nokon – på det noverande tidspunktet kanskje helst barn – seier ”henne har sagt”, ”henne har gjort” o.l. Skal ein irritere seg over dette og rette på vedkommande? Eller skal ein glede seg over at ein kanskje er vitne til ei potensiell språk-/dialektendring?

Moderne norsk har berre restar av det gammalnorske bøyingssystemet. I skrift er det enda mindre enn i dei ulike talemåla. Substantiv blir normalt ikkje markerte for kasus. Det einaste vi spanderer på oss, er ein s for å markere at eit ord eller ein frase har ei eller anna form for eigarforhold til noko anna, t.d. ”mannens hatt”. Elles står alltid mannen ”naken” i ei setning, uansett om han er subjekt eller objekt: ”Mannen (subjekt) har hatt”, ”Eg gjev mannen (indirekte objekt) ein hatt”, ”Eg ser mannen (direkte objekt)”. Gammalnorsk hadde fire ulike kasus, nominativ, genitiv, dativ og akkusativ, og dermed hadde ein fire ulike former av ”mannen”, alt etter kva funksjon ordet hadde i ei setning: maðrinn, mannsins, manninum, manninn. Som vi ser her, var kasus markert både på sjølve substantivet (maðr) og på den etterhengde bestemde artikkelen (-inn). Ein genitivs-s i norsk kjem berre på slutten av eit ord eller ein frase. Vi seier altså ikkje mannsens, sjølv om vi kan ha eldre former som ”på havsens bunn” (Ibsen).

Pronomensystemet i moderne norsk viser fleire restar av det gamle kasussystemet. Som regel har vi eit relativt tydeleg skilje mellom subjekts- og objektsformer: eg – meg, du – deg, han – honom/han, ho – henne/ho, det – det; vi/me – oss, de – dykk, dei – dei (bokmål: jeg – meg, du – deg, han – ham/han, hun – henne, det – det; vi – oss, dere – dere, de – dem).

I setninga ”henne har vi høyrt” er det dermed ikkje nokon tvil om at ”henne” må vere objekt, og ”vi” må vere subjekt. I tillegg har vi som regel også ordstillinga i moderne norsk som fortel oss kva som må vere kva (subjektet ”vi” står mellom dei to verbformene). Derfor er heller ikkje varianten ”ho har vi høyrt” noko problem. Her ser vi òg at vi faktisk har nokre sideformer i pronomenbøyinga, både i nynorsk og i bokmål. Ein kan bruke både ”honom” og ”han” som objektsform, og ein kan bruke ”henne” og ”ho” i nynorsk; ”det” og ”det” og ”dei” og ”dei” er like former. Og i bokmål kan ein bruke både ”ham” og ”han” som objektsform, og ein har ”det” og ”det” og ”dere” og ”dere” som både subjekts- og objektsformer utan at dette skapar store problem.

Formene ”honom/ham” og ”henne” er opphavleg dativformer; det var ”honum” og ”henni” i gammalnorsk. I ei setning ”eg ser honom/henne” ville ein derimot ha brukt akkusativ: ”ek sé hann/hana”. Etter kvart som kasussystemet gjekk i oppløysing, fekk ein altså eit samanfall av ulike former. Pronomensystemet i moderne norsk er ei blanding av mykje rart, spesielt dersom ein tek med alle dialektane. Fleirtalsforma ”vi” tydde opphavleg berre ”vi to”, og er den gamle dualisforma. Den gammelnorske forma for ”vi” var ”vér” (jf. tysk ”wir”). Den gamle forma ”vér” finn vi igjen i pronomenet ”me”, som er ei samansmelting av verbendinga ”–um” og ”vér”. Då det gammalnorske bøyingssystemet braut saman, blei t.d. ”drekkum vér” tolka om til ”drekk me” (vi drikk), fordi m og v også lydmessig står nære kvarandre.

Opphavet for nynorsk ”de” er også den gamle dualisforma (”de to”). Forma for fleire enn to var ”þér”, og derfor har ein ”dere” i bokmål. Den gammalnorske dualisforma var ”þit” med ein kort i, som seinare systematisk blei senka til e. Dette er grunnen til at ein uttaler det nynorske pronomenet ”de” med e og ikkje med i. T-en fall som regel bort. Det ser vi òg i uttalen av pronomenet ”det” (gammalnorsk ”þat”), sjølv om t-en står i skrift. Dativforma av ”þat” var forresten ”því”. Derfor heiter det i dag ”fordi” (ev. av di), som rett og slett tyder ”for det”).

Utviklinga av pronomensystemet frå gammalnorsk til moderne norsk er utruleg spennande. Mange dialektar har ”oss” som subjektsform i staden for ”vi/me”. Og svært mange dialektar har variantar av ”dykk” (dekk, dåkk(er)) som subjektsformer for andre person fleirtal istf. ”de/dere”. Tredje person fleirtal ”dei/de” kjem av gammalnorsk ”þeir”, som vikingane forresten eksporterte til England (they). Dativforma var ”þeim”, som ein bl.a. kunne finne som ”deim” i tidlege variantar av nynorsk. Men uttalevariantar som t.d. ”dem” og ”dom” er svært vanlege som subjektsformer i norske dialektar i dag.

Barn lærer språk først og fremst på bakgrunn av kva dei høyrer av ord og ordbruk rundt seg. Reint psykologisk ser på ein livet rundt seg ifrå eit førstepersonsperspektiv (eg), dermed vil andre og tredje personar gjerne vere objekt. Statistisk sett vil ein nok også høyre dei grammatikalske objektsformene oftast, og dermed er vegen kort til å kunne analysere desse formene også som subjektsformer når ein først skulle ha bruk for eit subjekt. I moderne tid har vi systematisk og organisert skriftspråkopplæring. Så sjølv om fleire og fleire eventuelt bruker ”henne” som subjekt, er det ikkje så sannsynleg at ”henne” vil slå igjennom som subjektsform i skrift. Men i praksis har det lite å seie; vi har jo allereie ”ho” og ”ho” og ”han” og ”han” som både subjekts- og objektsform. Så vi har nok ikkje høyrt henne for siste gong.