Eg sit ofte og filosoferer rundt større og mindre
språklege fenomen, og det er jo ein fin ”hobby” som
kostar lite eller ingenting, og som alle kan halde
på med til alle tider av døgnet.
Dagens tekst handlar om ærfuglen og har utgangspunkt
i ein fin vinterdag der eg var i Molde og såg ut
over fjorden og observerte nokre ærfuglar som koste
seg i bølgjene. Ærfugl. Det er jo ein svært ærverdig
fugl; stolt og vakker. Det er eit fint namn på ein
fugl. Men namnet har neppe noko å gjere med ordet
”ære”. Dessutan heiter ærfuglen ”ederfugl” på dansk
og ”Eiderente” på tysk. Så her må eg grave litt
igjen for å finne ut av samanhengen.
Hovudsporet eg går etter, er at vi har mange ord i
norsk der d-en er stum (t.d. i ”bord” – av ”borð”)
eller har forsvunne heilt, også ut av skriftbiletet
(t.d. ”Noreg” – av ”norðvegr”). Som regel har vi då
hatt ein ð (edd eller stungen d) i gammalnorsk. Ð
blei uttalt som th i ”there” i engelsk, og hadde
lett for å forsvinne i norsk, dersom den då ikkje
blei til d. Sidan både dansk og tysk har ein d i
fuglenamnet, er det svært sannsynleg at vi også
hadde ein d (ð) i norsk, tenkjer eg.
Eg går til Falk og Torp si etymologiske ordbok og
finn der ulike ordformer i eldre nordiske språk,
t.d. ”ithær” i gammaldansk og ”eder” i gammalsvensk,
ved sida av ”er”. Her ser ein dei to moglege
lydmessige utviklingslinjene vi kan få: anten blir ð
(th) til d, eller så forsvinn lyden heilt – ”ither”
> ”eder” eller ”ither” > ”er”. Den gammalnorske
forma var ”yðr”. Ut frå den forma ser eg at e-en i
”ither” eller ”eder” må ha komme inn for å lette
uttalen av kombinasjonen ðr. Det er ein såkalla
svarabhaktivokal, ein innskotsvokal. Det er den same
vokalen vi har fått i bokmålsformer som eter, bryter
og river for å lette uttalen av konsonant + r, og
som på nynorsk har formene et, bryt og riv (dvs.
r-en fall rett og slett bort).
Ser ein på den gammalnorske forma ”yðr”, er
utviklinga til ”ær” eigentleg svært lett å sjå.
Stungen d (ð) fall stort sett bort i norsk, og
dermed sit ein igjen med ”yr”. Men før ð fall bort,
rakk lyden tydelegvis å påverke kvaliteten på y-en,
som blei senka til æ, og då fekk ein ”ær”. Den
moderne islandske forma er ”æður” (eller ”æðarfugl”),
dvs. med senking av y til æ, men med ð på plass. I
tillegg har islandsk u-en, som er den islandske
svarabhaktivokalen (jf. såkalla ”vossa-u”).
Den tyske forma ”Eiderente” kan verke litt spesiell,
sidan ”ei” vanlegvis er ei diftongering av ein lang
i, t.d. norsk ”is” vs. tysk ”Eis”. Den gammalnorske
forma var derimot ”yðr”, med ein kort y. Dette gjev
derfor ikkje meining når ein ser på den generelle
parallelle utviklinga i dei germanske språka.
Forklaringa er her at tysk har lånt inn namnet på
ærfuglen i samband med dunhandelen med Island for
fleire hundre år sidan. Den islandske uttalen av æ
er ai, og dermed fekk ein den tyske forma ”Eiderente”.
Så i dette tilfellet fanst ikkje ordet i tysk i det
heile før ein byrja å handle med nordområda. All ære
til ærfuglen som klarte å eksportere både fjør og
namn.