Etter å ha skrive om dei store rovdyra i norsk
fauna, lurte eg på kva som var eit naturleg tema å
halde fram med. Eg er alltid oppteken av at det
gjerne finst fleire sider ved ei sak; vi må jo ikkje
stå igjen med nokon svarte får. Og når rovdyra har
fått sitt, må eg vel òg skrive litt om sauer.
Eg er vant til at ein og annan prøver å ”ta” meg for
nynorsken min. Så då kan fleirtalsforma ”sauer” vere
greitt å starte med. Ja, fleirtalsforma av ”sau” er
”sauer” på nynorsk per i dag. Forma ”sauar” er
såkalla klammerform. Dette kan endre seg etter den
kommande rettskrivingsreforma, men det er ein
språkhistorisk grunn til at vi har ulike
fleirtalsformer i nynorsk, t.d. ”ulvar” og ”bjørnar”
vs. ”sauer”.
I gammalnorsk hadde ein to ulike fleirtalsendingar
for hannkjønnsord, –ar og –ir. I mange dialektar har
a-en halde seg, mens i-en blei senka til e. I bokmål
har begge vokalane blitt senka til e, og ein har
derfor berre –er som fleirtalsending i både
hannkjønnsord og hokjønnsord. Dei gammalnorske orda
”ulfar” og ”sauðir” har blitt til ”ulvar” og ”sauer”
i nynorsk. Her ser vi også at den gamle edd-en (ð)
har forsvunne på veg til moderne norsk. Dette var ei
svært vanleg utvikling. Til og med der vi i dag
skriv d istf. ð, vil vi ofte ikkje uttale lyden
lenger, t.d. i ”bord” og ”fjord” som var ”borð” og
”fjorð” på gammalnorsk.
Eit anna ord for ”sau” er ”får”. Vi seier bl.a.
”fårikål” og ikkje ”sauikål”. Går ein langt nok
tilbake i språkhistoria, finn ein ut at ”får” hadde
å gjere med ”ull”. I slekt med dette ordet er bl.a.
også ”faks”, som jo er ”hår”. Det greske verbet som
er ei slags grunnform, kan ein lese i Falk og Torp
si etymologiske ordbok, hadde å gjere med ”rive,
plukke, kjemme”, og refererer til ei tid der ein
ikkje klipte sauen, men reiv eller plukka av ulla.
Men kvar kjem så sauen inn i biletet? I samsvar med
gamle heidenske skikkar var det vanleg å ofre sauer.
Sauene blei då gjerne kokte først. Og ordet ”sau” og
gammalnorsk ”sauðr” har rett og slett samanheng med
”syde”, dvs. å koke. Den nynorske bøyinga av verbet
er då også ”syde – syd – saud – sode”. Her ser ein
verbforma ”saud”, som representerer grunnlaget for
substantivavleiinga. Det er heller ikkje vanskeleg å
sjå sambandet til ”sodd”, som er kjøttsuppe, dvs.
kokt kjøtt.
Når vi no har funne ut av det språklege og
kulturelle opphavet til ordet ”sau”, er det
interessant å sjå at det tyske ordet ”Sau” refererer
til ein hogris. Korleis kan no dette ha seg? Det
tyske ”Sau” var ”su” i gammalhøgtysk. Ein lang u i
germansk blei gjerne til au i høgtysk, jf. skiljet
mellom moderne norsk og tysk ”hus” – ”Haus” og ”mus”
– ”Maus”. Ordet ”su” har vi også i moderne norsk for
sugge eller purke. I gammalnorsk var forma ”sýr”.
Ifølgje den tyske etymologiske ordboka til Kluge var
ordet ”su” eit såkalla onomatopoetikon, dvs. eit
lydhermande ord, som refererte til gryntinga. Ein
brukte t.d. ordet ”suk” i tysk for å lokke på
grisene. Her ser ein også slektskapen til verba
”sukke” og ”suge”.
Det tyske ordet for ”sau” er elles ”Schaf”, som
Kluge ikkje har noka eintydig forklaring på, men som
andre meiner har samanheng med verbet ”skave/skrape”
(tysk ”schaben”). Dette refererer då eventuelt igjen
til at ein skrapa av ulla av skinnet i gamle dagar.
Både tysk, engelsk og nederlandsk har variantar av
dette namnet (”Schaf, sheep, schaaf”), mens dei
nordiske språka altså har ”sau” eller ”får”. Ordet
”får” har elles også samanheng med ”fe” (tysk ”Vieh”),
som generelt viser til ulike ”pelsdyr”. Når ”fe”
svarer til ”fee” på engelsk og tyder
”lønn/betaling”, har det å gjere med at ein gjerne
betalte med dyr før det blei vanleg med pengar. Ein
kan koke kjøtt, og nokon koker pengar; nokon vaskar
ull, og nokon vaskar pengar. Det er berre det svarte
fåret som aldri blir kvitt, uansett kor mykje ein
koker eller vaskar det. Forresten, viss ein synest
at ”din dumme sau” er relativt harmlaust på norsk,
bør ein ikkje seie det tilsvarande ”du dumme Sau”
til ein tyskar. Då vil ein fort sitje igjen med
fåreblikk og svarteper.