Påska er her snart, og vi gler
oss; sol, vårstemning, nokre fridagar – og
påskenøtter kanskje. Det er no så mange ting ein kan
gå rundt og lure på, bl.a. språklege ting. Kvar kjem
no eigentleg ordet ”påske” frå? Det ser jo ikkje ut
til å passe inn i det norske språket. Lat oss prøve
å forske litt på det.
Jo, for så vidt, ordet ”påske”
inneheld bokstaven ”å”. Den er nok typisk
norsk/nordisk, vil ein kunne seie. Når ein slår opp
i Bokmåls- og/eller Nynorskordboka, finn ein ut at
den norrøne forma var ”páskar” (den lange a-en i
norrønt (”á”) blei seinare til ”å”). Dette hjelper
oss ikkje så veldig mykje. Ein får ikkje vite stort
meir enn at ordet ”påske” allereie fanst i
gammalnorsk. Og når ein veit litt om gammalnorsk,
ser ein at det var ei fleirtalsform (”-ar”). Dette
er markert i Nynorskordboka, men ikkje i
Bokmålsordboka. Men i Bokmålsordboka kan ein lese at
ordet ”påske” opphavleg kjem frå hebraisk. Så då
veit vi at ordet har vore i bruk i norsk i ca. tusen
år, men at det altså er lånt frå hebraisk. Det står
elles at påska er ei jødisk høgtid til minne om
utvandringa frå Egypt, og at påska også er ei
kristen høgtid til minne om Jesu død og oppstode.
Kristendommen kom til Noreg
rundt år tusen, så det gjev jo meining at ein finn
ordet ”påske” i gammalnorsk. Når eg leitar meir på
Internett, finn eg ut at det hebraiske ordet er ”pesach”,
som tyder ”å gå forbi”/”forbigang” (då er det nok
også i slekt med ordet ”passere”, som er eit lånord
eg skjønner). På ei nettside står det at påska blir
feira for å minnast at Gud fridde sitt folk Israel
frå slaveriet i Egypt. Det står om at dei smurde
blod på dørstolpane og at domsengelen då gjekk forbi
husa og sparte livet til den førstefødde guten. Så
no skjønner eg også tydinga ”å gå forbi”.
Det var kanskje ikkje så aktuelt
å omsetje ”pesach” til norsk og bruke ”forbigang” på
påskefeiringa. Dei første ”kristne” hadde neppe noko
særleg forhold til dette då kristendommen kom til
Noreg, og folk var mest vant med dei heidenske
skikkane. Så ein brukte kanskje ”páskar”, akkurat
som ein i dag bruker lånordet ”halloween” istf. å
snakke om ”allehelgensaftan” (”(All) Hallows’ Eve”).
Elles bruker vi jo òg framleis det gamle namnet
”jul” (”jól”) på den ”nye” vinterfesten, mens ein
bruker ”heilag/vigd natt” (”Weihnachten”) i
tysktalande land og ”kristmesse” (”Christmas”) i
engelsktalande land, utan språkleg referanse til at
germanarane hadde hatt ein eigen vinterfest frå før.
Via tyske Wikipedia finn eg ut
at det arameiske ordet for hebraisk ”pesach” var ”pas-cha”,
og det er denne forma ein har lånt inn i det kristne
vokabularet. Forma i mellomalderlatin var eit
direkte lån, ”pascha”. Sidan latin var kyrkjespråket
i mellomalderen, var det nok den latinske forma som
var det direkte utgangspunktet for den norske forma
”påske” (jf. også utviklinga frå latin til
italiensk, ”pasqua”). I mellomnedertysk hadde ein
den same forma ”pascha” og i tillegg også
fleirtalsforma ”paschen”. Dermed ser ein at
fleirtalsforma i gammalnorsk ikkje er så
oppsiktsvekkjande heller. Språkets vegar er kanskje
ikkje så uransakelege. Ein klarer nok å knekkje
språknøtta dersom ein berre prøver litt.
Ei anna sak er at ein i dei
andre germanske landa ein hadde kontakt med i
mellomalderen, det som i dag bl.a. er England og
Tyskland, kalla påska for ”Easter” og ”Ostern”.
”Ostara” (angelsaksisk ”Eostre”) var ei germansk
vårgudinne som blei symbolisert med harar og egg
(derav påskeharen og påskeeggtradisjonen i Tyskland
og England). Det var jo typisk at mange av dei
kristne høgtidene erstatta gamle germanske
feiringar. Ordet ”ostara”/”eostre” er i slekt med
gresk ”eos” og latinsk ”aurora”, som tyder
”morgonraude/daggry” (derfor heiter himmelretninga
som morgonlyset kjem ifrå, også ”aust/ost/east”).
Ordet ”pascha” finst ikkje
lenger i tysk daglegtale med tydinga ”påske”. Ein
bruker utelukkande ”Ostern” i Tyskland når ein
refererer til den kristne påskefesten. Men ordet
”Passah/Passa” og også ”Pas’cha” finst ved sida av
”Pesach/Pessach” som namn på den jødiske festen som
skal minnast utreisa frå Egypt, kan eg lese på
Wikipedia. Elles kan ein òg lett førestille seg
samanhengen mellom den germanske vårfesten, der ein
kanskje bl.a. feira det tilbakevendande lyset etter
ein lang vinter, og overføringa til feiringa av at
Jesus stod opp frå dei døde og dermed representerte
lyset som vende tilbake. Sånn sett passar kanskje
”Ostern/Easter” like godt som namn på denne feiringa
om våren, uansett kva for ein religiøs ståstad ein
måtte ha. Det er jo tida for lys og sol, som både
kroppen og sjela lengtar etter.
Eg er først og fremst språkmann.
Så eg er nøgd med at eg fann ut av ordet ”påske” og
kanskje også ”Easter/Ostern”. Nokon andre blei
kanskje inspirert til å prøve å finne ut meir om dei
heidenske skikkane ein hadde før påska overtok som
offisiell høgtid. Kanskje skriv ein kollega med
religionshistorie meir om dette. Uansett håpar eg at
alle koser seg med påska og kanskje ei og anna
påskenøtt (norr. ”hnot”, eng. ”nut”, ty. ”Nuss”,
lat. ”nux”).