Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Gapskrattande katt”. Hamar Dagblad, 01.07.2010, s. 15. [>pdf av denne artikkelen]

Gapskrattande katt
________________________________________

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk
Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

Mjau, seier katten, og det gjer han visst på svært mange språk, med litt ”dialektal variasjon”, t.d. ”meow” på engelsk og ”miau” på tysk. Då er det nesten rart at ikkje katten har fått eit lydhermande eller på ein annan måte beskrivande namn, slik som mange andre dyr. Vel, for så vidt går nokre forklaringar ut på at ”katt” tydingsmessig har noko å gjere med ”krumming”, som då ville kunne vise til at katten er dyret som krummar ryggen.

Katten som husdyr kom opphavleg frå Egypt, og det finst mange variantar av ordet ”katt” i dei ulike språka i verda. Personleg er eg mest oppteken av dei germanske språka. I norsk og tysk har vi t.d. ei sterk og ei svak form, dvs. ”katt” og ”katte” – eller ”Kater” og ”Katze”. Ein katt treng ikkje å vere ein hannkatt på norsk, mens ”Kater” må vere det. ”Katze” kan vere begge delar, og på norsk kan både ”katt” og ”katte” referere til hann- og hokatt. Skal ein vere veldig spesifikk på norsk, kan ein bruke ”kjette” for hokatt. Men no er eg eigentleg mindre interessert i huskatten akkurat no. Eg er meir interessert i eit anna dyr i kattefamilien. Dette dyret har nemleg ikkje det same namnet på engelsk og tysk, som er dei språka eg helst likar å samanlikne med.

Dyret – eller ordet – eg er interessert i denne gongen, er gaupa. Gaupa heiter ”lynx” på engelsk og ”Luchs” på tysk. Gaupa er ein vill katt eller ein villkatt, alt etter korleis ein ønskjer å sjå det. Det latinske ordet for gaupa er ”lynx”, og det overraskar vel lite at engelsk har overteke det latinske ordet. Det tyske ”Luchs” liknar jo, men ser likevel litt annleis ut. Her har vi nok hatt ein assimilasjon av nk, dvs. at dei to lydane n og x (ks) blei slått saman. Det same fenomenet har vi t.d. i norsk ”takk” versus engelsk og tysk ”thank” og ”Dank”. ”Lox” var også den forma ein brukte i gammalengelsk. Dansk mista k-elementet og har ”los”, og svensk har forma ”lo” utan verken n eller ks (x).

Namnevariantane med ”lo-/lu-/ly-” har å gjere med ”lys” (jf. også latinsk ”lux”) og viser nok til dei lyse delane i pelsen til gaupa. Ei anna forklaring kan vere at det er auga til gaupa som lyser. Men på avstand er det kanskje helst den delvis lyse pelsen ein legg merke til først. Alt dette er jo vel og bra, men kvar kjem så ordet ”gaupe” inni biletet?

I det germanske språkfellesskapet, bl.a. i norsk, engelsk og tysk, vil det vere svært mange ord som er i slekt, og som har ei form som liknar på ei form i eit av nabospråka. Men ”gaupe” liknar jo ikkje i det heile på ”lynx” eller ”Luchs” eller ”lo”. Så då blir eg sjølvsagt litt nysgjerrig og må prøve å finne ut korleis gaupa kom til namnet sitt her i Noreg.

Ein finn – sjølvsagt – ordet ”gaupa” allereie i gammalnorsk, og det finst også ei svensk form ”göpa”, med den typiske monoftongeringa av au til ø. Ordet ”gaupa” heng saman med bl.a. angelsaksisk ”géopan”, kan ein lese i Falk og Torp si etymologiske ordbok, og tydinga er ”å sluke”. Ordet fanst tidlegare også med tydinga ”krumma hand” og spelar då på holrommet som oppstår, jf. ”gaupn”. Elles har vi i norsk også ”gaupe” som namn ein karm rundt ei opning, og då er ordet visstnok ”lånt” frå lågtysk. Det er altså tydeleg at gaupa rett og slett er dyret som gapar. Og her ser det ut til at dei gamle nordgermanarane ikkje først og fremst tenkte på pelsen til gaupa, men på det store gapet som denne villkatten kunne vise fram i visse situasjonar. Dette kan eventuelt også tyde på at gaupa blei sett på som eit like stort ”skadedyr” som bjørnen og ulven, som kunne vere ein fare for t.d. sauene på garden.

I slekt med ”gaupe” og ”gape” er også ”geipe”, som er å prate eller slarve, men som bokstavleg kan tyde at ein opnar gapet for mykje og for lenge. Ordet ”geipe” igjen finst også som ”gipe”, som tyder å opne eller å la stå ope. Ei ”gipe” er ei opning eller eit gap, og gapet lukkar seg her for oss på den måten at vi ser at orda og tydingane heng nært saman. Så dersom du skulle vere så heldig at du ser ei gaupe, gjeld det å ikkje henge med geipen, men å gape og gispe i undring og respekt for eit av våre vakraste kattedyr med ei lysande fortid – og framtid, får vi håpe. Lux aeterna.