Min trubadurkamerat Ørbæk skriv innlegga sine som
representant for Norsk Språkforening. Ifølgje
nettsidene til denne foreininga skal den ”drive
språklig og språkpolitisk opplysningsarbeid”. Målet
er ӌ fremskaffe politisk flertall i Stortinget for
at Norge i fremtiden kan samle seg om ett offisielt
skriftspråk”. Språket ”skal hete norsk og ha sin
forankring i landets dominerende
riksmåls-/bokmålstradisjon”.
Eit fint tiltak
I utgangspunktet er dette eit fint tiltak. Det er
gjennom opplysning (kunnskap) ein skal forandre og
vidareutvikle samfunnet og verda. Det er på bakgrunn
av kunnskapar veljarane og styresmaktene bør
bestemme kva dei skal gjere til ei kvar tid, og eg
er sjølvsagt for demokratiske organisasjonar som
arbeider for eit betre samfunn. Men det er ein
viktig forskjell mellom sakleg argumentasjon og
gjentaking av reine påstandar.
Overskrifta i HA 24.7. er ”språkrot gir dårlig
læring”. Ørbæk påstår at såkalla etniske nordmenn og
”våre nye landsmenn” lir under den norske
tospråklegheita ”hvor det i det ene øyeblikket
benyttes vanlig bokmål, og i neste et utvannet
nynorsk mindretallsspråk som fratar menigmann
språklig sikkerhet man sårt trenger i skole og
yrkesliv”. Det er nok ikkje så vanskeleg å finne ut
kor mykje (eller lite) nynorsk faktisk er brukt i
skolen og yrkeslivet. I praksis er det dessverre
veldig lite. Så kor stor er då eigentleg denne
”lidinga”? Er det verkeleg slik at det norske
samfunnet lir så mykje under det privilegiet at ein
har to offisielle skriftspråk, at ein treng eigne
partiprogram som har det som hovudsak å fjerne
sidemålet? Finst det verkeleg ikkje større
utfordringar i Noreg enn å fjerne ein del av det
norske kultur- og samfunnslivet?
Ørbæk og Aasen-normalen
Ein kan sikkert finne ut at mange elevar har
dårlegare karakter i sidemålet enn i hovudmålet. Men
ein kan neppe dokumentere at tospråkssituasjonen
generelt gjev dårlegare læring. Dette er ein påstand
Ørbæk har komme med mange gonger i sine innlegg, som
om det var ei vedteken sanning. Situasjonen er
derimot heller slik at kunnskap om fleire språk
faktisk fremmar anna læring.
Vi får også høyre i år - som i fjor og tidlegare -
at nynorsken er ”utvannet”. Ørbæk synest å meine at
berre Aasen-normalen er ekte og rein, så all
utvikling i retning av eit meir talemålsnært
skriftspråk er uønskt eller rekna som dekadent,
sjølv om også bokmålet har gjennomgått mange
endringar i det same tidsrommet der nynorsken
utvikla seg vidare. Eit tidsrom med så mange
endringar at dansk skriftspråk no står fram som
norsk.
Ørbæk går elles i sine innlegg til åtak mot alle dei
politiske partia. Som regel kjem Frp best ut i
framstillingane hans. ”SVs lederskap er i realiteten
i total utakt med partiets velgere i sitt val av
språkpolitikk”, og Senterpartiet har ”dårlig
bakkekontakt med sine krav og formuleringer om mer
nynorsk til folket” (HA 27.5.). Den 19.5. er det
Høyre som får passet sitt påskrive med ”utydelig
politikk” og ”ambivalent linje, som har resultert i
sviktende oppslutning på meningsmålingene”. Så det
norske folk sviktar partia pga. språkpolitikken
deira? Det må verkeleg vere uuthaldeleg å leve med
to skriftspråk. Og då er det vel heilt uforståeleg
at t.d. eit land som Sveits kan leve med tre
offisielle skriftspråk. Vi kan nok vente oss meir
politisk opprør i Europa i framtida.
Trussel eller ønskjetenking?
Ørbæk har då også fleire gonger i fleire aviser
fortalt oss om språklista i Akershus som vil inn på
Stortinget og frigjere oss alle frå nynorsktvangen.
24.7. skriv Ørbæk i HA at ”Hvis ikke partiene tar
til fornuft og gjør noe med den fordummende, norske
språkpolitikk, kan det ved neste korsvei bli flere
språklister frå andre fylker”.
Det er ikkje godt å seie om dette er meint som ein
slags trussel eller ønskjetenking frå Ørbæk si side.
Men hadde vi alle lide så veldig under
tospråkssituasjonen, hadde vi vel ikkje levd med
dette så lenge, i heile den ”nynorske tida”, dvs.
etter dansketida. Korleis skal det gå med det norske
folk som berre blir dummare og dummare?
"Fargerikt fellesskap"
Tospråkssituasjonen i Noreg er eit godt døme på eit
”fargerikt fellesskap” i praksis, og det finst nok
ein grunn til at dei fleste partia heller ønskjer å
inkludere nynorskbrukarar enn å ekskludere dei. Å
stemme på eit parti utelukkande fordi det eventuelt
vil fjerne nynorsk som sidemål, eller lover oss
billegare bensin eller andre kortsiktige personlege
gode, ville bety det same som å velje eit parti som
ikkje legg kunnskap og opplysning til grunn for sitt
politiske arbeid. Spørsmålet er då om det er
tospråkssituasjonen i Noreg som er fordummande,
eller om det er andre ting. Vi får håpe at Noreg
også i framtida kan vere eit kunnskapsbasert
samfunn.