Sidemål og politisk framtid
JENS
HAUGAN
________________________________________
Der var
Bjørn Kristen Ørbæk i gang igjen – og ein kan vel seie at der er
Ørbæk og Haugan i gang igjen. I HA 27.08. er det igjen sidemålet
(les: nynorsk) som er fanesaka til Ørbæk, som vil at sidemålet skal
vere valfritt. Til dette kan ein berre seie at sidemålet faktisk er
valfritt; det er jo det som er så fint.
Vi har to målformer i Noreg, og den enkelte kan sjølv velje kva
målform han eller ho vil bruke. Det som nokon kallar sidemål, er
hovudmålet for andre. Den debatten og politikken vi har hatt i Noreg
i snart to hundre år, og som starta med bl.a. Wergeland og Welhaven,
har gjeve oss eit relativt godt fungerande demokrati, og har gjort
Noreg til ein nasjon med særpreg, ikkje minst når det gjeld språkleg
mangfald og toleranse. Nettopp pga. toleransen for fleire
skriftnormalar og hundrevis av til dels svært ulike dialektar
forstår vi kvarandre betre enn dei gjer i nabolanda våre; og vi
forstår danskane og svenskane betre enn dei forstår oss.
Noreg er eit kunnskapssamfunn, ikkje berre når det gjeld olje og
teknologi, men også når det gjeld språk. Når Ørbæk stadig snakkar om
”fordummende språkpolitikk her til lands”, tek han dermed rett og
slett feil – dei fleste av oss blir heldigvis klokare etter kvart
som åra går og ein lærer meir.
Dersom
nokon utelukkande skulle stemme på eit politisk parti fordi dette
partiet har som ei programsak å fjerne sidemålet, ser eg personleg
mørkt på den politiske framtida. Viss så verkeleg skulle vere
tilfelle, ville eg nok vurdere å stemme på det første partiet som
ville overføre undervisningsressursar frå sidemålsopplæring til
betre samfunnsfagopplæring i skolen. Eller? Nei. Sidemålsopplæring
har faktisk også noko å gjere med samfunnsfag og demokrati. Det
handlar om kunnskap om eiga historie og eigen kultur, og respekt og
toleranse for alle dei som bruker retten sin til å velje den eine
eller den andre eller også begge dei to målformene dei har vore så
heldige å få lære i den norske kunnskapsskolen. |