Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Politikk og grammatikk”. Hamar Arbeiderblad, 30.06.2008, s. 4.
[Mellomoverskrifter er sette inn av redaksjonen. NB; Det er eit "ikkje" for mykje i det siste avsnittet. :-)]
[>pdf av denne artikkelen - >pdf av artikkelen som er utgangspunktet for dette innlegget (Ørbæk: Den rød-grønne regjeringens sendrektighet i språkpolitikken).]

Politikk og grammatikk

Den litt einsidige "debatten" om sidemål og språkpolitikk held fram i HA, og no går det mest ut over dei "udemokratiske" partia som ikkje vil gjere som Bjørn Kristen Ørbæk synest er best (HA 20. juni 2008). Men kvar blir det av norsklærarane i denne debatten?

JENS HAUGAN
førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
________________________________________
DEBATT

Kanskje det er lunkne haldningar og fråværet av engasjement hos norsklærarane som er den eigentlege årsaka til "norskkrisa" i skolen?

Brannfakkel
Eg kastar bevisst ein brannfakkel her og håpar å irritere eller engasjere den eine eller andre norsklæraren. Kanskje det finst nokon fleire som vil uttale seg om norskfaget og sidemålet i HA, istf. berre éin pensjonert lærar med eit svært unyansert og populistisk syn på språksituasjonen i Noreg.
   Som eg har sagt før, det er ikkje så vanskeleg å vere einig med Ørbæk på nokre generelle punkt. Men biletet er mykje meir komplisert og nyansert, og det ville vere veldig synd om synsing om språk og fleirtalsretorikk skulle framstå som dei beste "argumenta" i ein debatt om språksituasjonen i Noreg.

Barna
Om ein spurde barna i skolen kva dei helst ville ete til lunsj, ville kanskje 90 % svare at dei vil ha pizza, pølse eller hamburgar. Men det ville neppe føre til at dei faktisk fekk det på skolemenyen. Ingen seriøs politikar, ingen lærar og heller ingen foreldre ville godta ei slik form for fleirtalsavgjerd basert på kva barna likar eller synest er lettvint.
   Spurde ein barna om dei helst vil sleppe matematikk, ville nok òg relativt mange svare ja, noko som ein ut ifrå statistisk (og demokratisk?) tenking kunne seie var eit argument mot matematikk i skolen. Det er utruleg at tidlegare lærarar/pedagogar kan bruke slik argumentasjon i viktige utdanningsspørsmål.

Uavklart
Det er heilt legitimt å prøve å få endra lovene på demokratisk vis, t.d. ved å skrive avisinnlegg og påverke opinionen. Språksituasjonen i Noreg er framleis uavklart, og vi treng offentlege debattar.
   Eg kan heller ikkje stille med perfekte eller ukontroversielle løysingar. Tospråkssituasjonen i forhold til innvandringa er heilt klart eit interessant tema (det er berre rart at dette skulle bli brukt av folk som er så langt på høgresida). Men å bruke statistikk utan omsyn til faglege vurderingar er ingen tent med når ein samtidig argumenterer for ein betre skole. Skolen blir ikkje automatisk betre ved å fjerne vanskelege eller omstridde emne! På same måte som ein heller ikkje blir ein betre musikar ved å hoppe over dei vanskelege partia i eit musikkstykke.

Ei anna vinkling
Det er faktisk mogleg å bruke ei anna vinkling på sidemålsproblematikken, og den har rett og slett å gjere med haldningar og ei negativ utvikling i skolen og i samfunnet over tid. Ja, det er nok sant, reint statistisk, at dei fleste elevane - og nok også lærarane - er negativt innstilte til sidemålet, les nynorsk. Dvs. ein har rett og slett eit haldningsproblem, noko som har negative konsekvensar både for læringa og undervisninga i skolen.
   Å bruke ein lærar som verken meistrar nynorsk godt nok eller likar å arbeide med det (truleg mest pga. manglande kompetanse), er neppe noko sjakktrekk når det gjeld å undervise elevar som frå før har blitt lærte opp til å "hate" nynorsk. Jo, det er jo faktisk slik det er i dag; mange elevar hatar nynorsk. Men spørsmålet er om dei eigentleg veit korfor dei "hatar" nynorsken.

Haldningar
Min påstand er at det handlar mest om haldningar, og mange elevar har desse haldningane med seg allereie når dei byrjar på skolen. Rituell brenning av ordlister er ein del av det generelle behovet for å demonstrere mot eitt eller anna i puberteten, og det blir tolerert av skolen og samfunnet; akkurat som ein tolererer ein tradisjon for russefeiring som dei fleste nok er einige om er sterkt øydeleggjande for skoleprestasjonane og pedagogisk og politisk "ukorrekt".
   Éi mogleg løysing på språksituasjonen i Noreg er sjølvsagt å fjerne jamstillingsvedtaket og ta nynorsken ut av skolen. Ei anna løysing er den som dei fleste politiske partia føreslår, nemleg å styrke norskfaget og sidemålet i skolen. Av ein eller annan merkeleg grunn er det framleis slik at undervisning og læring må til for å tileigne seg kunnskapar.

Dårleg strategi
Det er ein dårleg læringsstrategi å seie at ein ikkje likar matematikk eller at ein meiner det er for vanskeleg, og det hjelper ikkje å støtte seg på så og så mange prosent andre som heller ikkje likar eller meistrar matematikken. Matematikk er og blir ein del av den organiserte opplæringa i norsk skole, og norskfaget består òg av ein del komponentar som kjem til å vere der ei stund framover.
   Ein tek ikkje Ibsen ut av norskfaget berre fordi nokon ikkje likar han eller synest han er for vanskeleg. Skal vi jobbe med utfordringar i skolen, må vi jobbe ut ifrå faglege vurderingar, pedagogikk og didaktikk. Fjerning av upopulære emne i skolen er inga løysing. Vi fjernar ikkje multiplikasjonen fordi elevane likar den dårlegare enn addisjonen, og vi fjernar ikkje nynorsken fordi elevane ikkje likar den dårlegare enn bokmål. Det er lærarane si oppgåve å få elevane til å få eit best mogleg forhold til alle skolefaga, og då er det styrking og ikkje fjerning som er løysinga.