Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Om språk, rim og reglar”. Hamar Arbeiderblad, 02.05.2008, s. 40.
[Mellomoverskrifter er sett inn av redaksjonen.]
[>pdf av denne artikkelen - >pdf av artikkelen som er utgangspunktet for dette innlegget (Ørbæk: Om språk og rim)]

Om språk, rim og reglar

Sjølv om eg ikkje deler Bjørn Kristen Ørbæk sitt syn på språk og språkpolitikk, kan eg følgje og skjønne mykje av det han vel å ytre seg om i HA.

JENS HAUGAN
førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
________________________________________
DEBATT

Og eg har absolutt sansen for språket og stilen hans - som éin mogleg variant innanfor den rike språkfloraen som vi trass alt har i Noreg på grunn av den relativt demokratiske og opne linja ein har ført i språknormeringspolitikken så langt. Ørbæk kan altså fritt velje sin skriftnormal, og det same kan eg gjere, og vi er då begge heilt openbert representantar for språkleg mangfald og toleranse i Noreg.     

Tynt argument
Men Ørbæk sitt innlegg i HA 25. april må eg likevel få kommentere. For det første er det vel eit heller ”tynt” argument å reklamere for riksmål og ei fast og einskapleg skriftnorm, fordi ein kanskje skulle ha behov for rimord til ”hobbykunst”. Det skal ikkje meir enn enkel matematikk til for å vise at ein potensielt sett kan finne mange fleire rimord når ein har parallelle former (i bokmål t.d. fortidsformene laget/laga/lagde). Dvs. at det vil vere mange fleire som vil kunne drive med den ”beskjedne hobbykunst” å rime og uttrykkje seg poetisk på ein eller annan måte. Og det må då vere bra for det språklege og litterære mangfaldet. Men eg vil også peike på ei anna side ved Ørbæk sitt syn om blandingsspråk, gammalt og nytt og kva som eventuelt er riktig eller vakkert.

Vanskeleg
Normering av skriftspråk er ei vanskeleg oppgåve; og denne oppgåva er spesielt vanskeleg i Noreg pga. historiske hendingar og den sterke stillinga som dialektane har. Det er mange ting ein må ta omsyn til. Slik situasjonen er i dag, prøver skriftspråka våre å handtere påverknaden frå bl.a. dansk, svensk, tysk og engelsk i tillegg til dialektane. Ein kan ha mange meiningar om kva som den beste måten å ”lage” eit skriftspråk på, men vanlegvis vil ein prøve å ha eit funksjonelt skriftspråk, som dei fleste kan akseptere som ”sitt” skriftspråk. Dei fleste i Noreg vil elles bruke ein dialekt som sitt daglege språk, og det har heilt sidan ein byrja med språknormering, vore eit prinsipp å ta utgangspunkt i munnleg tale, når ein prøvde å normere skriftspråka. I den augneblinken Staten har vedteke ein skriftnormal, er denne normalen per definisjon ”riktig” eller ”korrekt” i offentleg samanheng. Men det er ikkje det same som å seie at den eine eller andre forma i dei ulike dialektane er rett eller galen.

Gammalnorsk
Eg vil kommentere Ørbæk sine døme der han meinte at berre laget, bygget og saget var akseptable fortidsformer av verba lage, bygge og sage. Verba laga og saga høyrde i gammalnorsk til klasse 1, som i fortid enda på –að + enda ei ending. I tredje person eintal ville desse verba altså bli bøygde som lagaði og sagaði. Verbet byggja høyrde derimot til klasse 3 og blei bøygd byggði. I dagens bokmål kan ein velje å bøye desse tre verba som klasse 1 eller 3. Grunnen til at lage og sage i mange dialektar skifta til å bli bøygde som byggje, er rett og slett den trykklette vokalen a i midten. Verba blei dregne saman til lagði og sagði, og ein kunne dermed ikkje skilje dei frå verb i 3. klasse. Denne typen analogi finst på mange område i språket, og det er òg grunnen til Ørbæk berre aksepterer bygget som einaste form, trass i at denne forma faktisk er ”ukorrekt” reint etymologisk sett.

Møter seg sjølv i døra
Det er svært vanskeleg å diskutere språk og haldningar til språk utan at ein møter seg sjølv i døra før eller seinare. Dei som har fått ansvaret for å normere skriftspråka våre, gjer nok så godt dei kan i forhold til den ”umoglege” oppgåva dei sit med. Vi har to offisielle norske skriftspråk, og vi kan ofte velje mellom fleire bøyingsformer. Vi er heldige som har så mange ulike måtar å uttrykkje oss på. Og eg vil prøve meg på litt ”beskjeden hobbykunst” og sende Ørbæk eit lite dikt som eit ”illustrerande eksempel” på at det finst dei som kanskje reagerer på at nokon er for ”enhetlig” og ”tradisjonell” nokon gonger:

Lat vårt språktre mot himmelen rage,
ikkje drep det ved å sage,
la blad og greiner få vakse fritt,
då kan det blomstre og vere ditt og mitt.