Det er nok ikkje unaturleg å tenkje slik, men
geografi og språk går ikkje alltid saman.
Norden er eit namn som ein bruker på dei
skandinaviske landa, dvs. Noreg, Sverige og Danmark,
og dei ikkje-skandinaviske landa Island og Finland.
I tillegg reknar ein Grønland, Færøyane og Åland med
til Norden.
Geografisk og politisk
Omgrepet Norden er både geografisk og politisk.
Reint geografisk refererer det til landa i
Nord-Europa. Omgrepet er på mange måtar svært
relativt. Når ein berre tenkjer på område nord i
Europa, ville ein t.d. kunne spørje seg korfor ikkje
den russiske delen blir rekna med til ”Norden” –
eller eventuelt Skottland og delar av Nord-Tyskland.
Folk som bur i Afrika, Amerika eller Asia vil nok
heller ikkje utan vidare forbinde noko med namnet
Norden, sidan dei har andre referansar når det gjeld
retninga ”nord”.
Namnet Norden viser altså ikkje først og fremst til
eit geografisk område, men til eit område med fleire
land som på ein eller annan måte utgjer eit
kulturelt og politisk fellesskap. Norden som eit
”land” var jo faktisk eit tronfellesskap under
Kalmarunionen frå 1397 til 1523. Finland var den
gongen ein del av Sverige. I dag har vi bl.a.
offisielle organ som Nordisk råd og Nordisk
ministerråd som arbeider politisk for eit godt
samarbeid mellom dei nordiske landa, og på
nettsamfunnet Facebook finn ein til og med ei gruppe
som kallar seg for ”Selskapet til Kalmarunionens
gjenopprettelse”. Så det geografiske og kulturelle
fellesskapet er reelt og levande. Det språklege
fellesskapet er derimot litt meir broket.
Frå germansk
Når vi snakkar om det nordiske fellesskapet, er
”nordisk” ein geografisk og politisk term. Men når
vi snakkar om dei nordiske språka, viser ”nordisk”
til ei gruppe språk som utvikla seg vidare ut frå
germansk, som i sin tur var ei grein innanfor den
indoeuropeiske språkfamilien. Andre moderne språk
som utvikla seg frå germansk, er t.d. engelsk, tysk
og nederlandsk. Det er derfor vi ofte synest desse
språka er lettare å lære enn andre språk.
Omgrepet ”nordisk” har altså her å gjere med
språkslektskap og ikkje med geografi. Sjølv om
Finland geografisk sett er nabo med Noreg og
Sverige, er finsk språk ikkje i slekt med norsk og
svensk. Norsk og svensk er nordiske språk, mens
finsk er eit såkalla finsk-ugrisk språk. Finsk er i
slekt med t.d. ungarsk, men altså ikkje med dei
nordiske språka. Samisk høyrer også til den
finsk-ugriske språkfamilien. Sjølv om vi har mykje
felles kulturelt og politisk i Norden, er Norden og
nordisk to omgrep som ikkje nødvendigvis refererer
til det same.
Skandinavisk
Innanfor nordisk kan ein eventuelt også skilje ut
skandinavisk. Då snakkar ein som regel berre om
språka i Noreg, Sverige og Danmark. For tusen år
sidan kunne ein skilje mellom vestnordisk og
austnordisk. Vestnordisk blei til norrønt
(gammalnorsk), som så utvikla seg vidare til norsk,
islandsk og færøysk (og norn, tidlegare brukt på
Orknøyane og Shetland). Austnordisk blei til svensk
og dansk. Det gammalnorske språket heldt seg lenger
på øyane i vest. Av naturlege (politiske) grunnar
døydde norn ut i Skottland, men islandsk liknar
svært mykje på gammalnorsk, mens færøysk har endra
seg litt meir. I dag forstår vi ikkje utan vidare
islandsk og færøysk, men vi skjønner relativt lett
svensk og dansk.
Omgrepet Norden er altså først og fremst geografisk
og politisk definert. Men ein kan faktisk også seie
at språknamna norsk, svensk og dansk eigentleg først
og fremst er politisk-geografiske omgrep. Norsk,
svensk og dansk er språka vi snakkar og skriv i dei
skandinaviske landa Noreg, Sverige og Danmark. Reint
språkleg er derimot forskjellen mellom
nasjonalspråka ikkje større enn forskjellen mellom
ulike dialektar i desse landa. Det er nok mange i
Noreg som skjønner standard svensk eller dansk betre
enn t.d. setesdalsk. Og i diskusjonen rundt nynorsk
som sidemål høyrer ein ofte frå motstandarane at ein
heller bør jobbe med svensk og dansk.
Språkleg samarbeid
På same måte som det finst eit politisk samarbeid
mellom dei nordiske landa, har ein også i lang tid
hatt eit språkleg samarbeid mellom Noreg, Sverige og
Danmark. Og ein hadde faktisk også tankar om å lage
eitt felles skandinavisk språk. Det blei det aldri
noko av – men det er av politiske grunnar, ikkje av
språklege grunnar. Reiser vi til utlandet, skryt vi
jo gjerne av at alle forstår alle her oppe i nord.
Og sett – høyrt – utanfrå snakkar vi jo alle eitt
språk i Noreg, Sverige og Danmark: skandinavisk.
Ikkje rart at dei der ute trur at Noreg er
hovudstaden i Sverige då – og ikkje rart at folk i
andre land ikkje skjønner korleis vi kan krangle om
nynorsk og bokmål i eit så lite land som Noreg. Men
når ein går frå språk tilbake til geografi og prøver
å finne ut kven Ola Nordmann eigentleg er, så bur
han no som regel svært einsamt og er vant til å
gjere som han vil – uansett.