Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Eigentleg: "Bokmål, nynorsk og artanes opphav". Publisert som / Printed as: ”Språket og artanes opphav”. Hamar Arbeiderblad, 24.09.2009, s. 5.
[Mellomoverskrifter er sette inn av redaksjonen.]
[>pdf av denne artikkelen - nettartikkel på h-a.no]

 

Språket og artanes opphav

[Bokmål, nynorsk og artanes opphav]

Kan ein samanlikne utviklinga av bokmål og nynorsk med utviklinga av dyra og plantane? Har evolusjonsteorien noko å bidra med i samband med språkutvikling?

JENS HAUGAN
førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
________________________________________
PERSPEKTIV

 

Kan ein samanlikne utviklinga av bokmål og nynorsk med utviklinga av dyra og plantane? Har evolusjonsteorien noko å bidra med i samband med språkutvikling?

Dei første menneska kom frå Afrika og spreidde seg etter kvart til Asia og vidare til bl.a. Europa. Det finst fleire teoriar om dei tidlegaste menneska. Truleg fanst det fleire ulike mennesketypar samtidig over ein periode. Men det var homo sapiens som utkonkurrerte dei andre etter kvart. Det biologiske opphavet til mennesket er derimot mindre relevant i språkleg samanheng. Det kan hende at ulike mennesketypar hadde utvikla ulike språk. Det kan òg hende at ulike språk oppstod samtidig etter at menneskestammar hadde skilt lag på eit tidlegare tidspunkt. Men norsk har i alle fall utvikla seg frå den språkgreina som heiter indogermansk.

Stamtre
Vi snakkar om språkgrein fordi vi kan lage såkalla stamtre på same måte som vi kan ta utgangspunkt i ein fossil og teikne forgreiningar etter kvart som vi finn ut korleis ulike andre artar har utvikla seg ut ifrå denne urforma. Forgreininga av språkfamiliane følgjer i stor grad også den genetiske forgreininga. Norsk og samisk, som er knytt til ulike etniske folkegrupper, har t.d. ikkje mykje felles i dag. Norsk høyrer til indogermansk, mens samisk høyrer til finsk-ugrisk. Men går ein langt nok tilbake i tid, vil ein komme til den kaukasoide greina, som då er felles for norsk og samisk, og som går vidare tilbake til den nordeurasiske og så den asiatiske greina. Utviklinga av språka kan altså følgjast og skjematiserast i form av stamtre på same måte som ein følgjer utviklinga av plantar og dyr.

Kvar kjem så bokmål og nynorsk inn i biletet? Indogermansk forgreina seg vidare i bl.a. germansk, som i sin tur blei splitta i vest-, aust- og nordgermansk. Vestgermansk utvikla seg vidare til bla. engelsk, tysk og nederlandsk. Austgermansk døydde ut med gotarane (jf. Gotland og Göteborg). Mens nordgermansk blei til aust- og vestnordisk, som er opphavet til svensk og dansk på den eine sida og norsk, islandsk og færøysk på den andre sida. No har vi komme til vanleg skolepensum og norsk språkhistorie.

Gammalnorsk
Islandsk og færøysk er jo direkte etterkommarar etter gammalnorsk. Det var dei norske vikingane som busette seg på øyane i vest. Pga. den isolerte posisjonen ute i havet med mindre påverknad utanfrå, endra islandsk og færøysk seg mykje mindre dei siste tusen åra enn norsk. På same måte finn ein gjerne dei mest eksotiske dyra på øyar langt ute i havet. Ein islending kan framleis lese dei gamle sogene, mens vi må lære norrønt som eit fremmendspråk for å kunne lese Snorre i original.

Geografien spela ei stor rolle i artanes utvikling. Det gjeld også språka. Når det gjeld utviklinga av norsk og dei norske dialektane, er det fysiske grenser og kommunikasjonsvegar som påverkar språkutviklinga. Ei hovudgrense i Noreg er langfjella, som deler landet i aust og vest. I vest er det havet som er den naturlege grensa. I aust er det austnordisk, dvs. svensk og i neste omgang dansk.

Ikkje overraskande
Dermed er det ikkje overraskande at dei austnorske dialektane er meir like svensk og dansk enn dei vestnorske dialektane. Det er heller ikkje overraskande at dei dalføra som har vore vanskeleg tilgjengelege i lengst tid, har dei mest alderdommelege dialektane.

Mens gotisk rett og slett døydde ut, akkurat som sabeltanntigeren, kan ein ikkje seie at gammalnorsk døydde ut. Gammalnorsk gjennomgjekk ei rekkje ”genetiske” mutasjonar etter 1200-talet. Det er fleire faktorar som spela inn her. For det første førde lydendringar i dialektane til at det blei mykje samanfall av former, som gjorde det vanskeleg å oppretthalde t.d. kasussystemet. For det andre førde svartedauden til at skriftspråket og ”utdanningssystemet”, i den grad ein hadde det, blei sterkt svekka. Og så fekk ein mange hundre år med dansk som offisielt skriftspråk og også talespråk blant embetsmennene. Dersom ein lukkar inn 100 schæferhundar saman med 10 labradorar, kan ein tenkje seg sjølv korleis den genetiske utviklinga ville bli over tid.

Hundeavl som døme
Det kan vere greitt å bruke hundeavl som døme. Ein har i mange samanhengar prøvd å avle tilbake til meir opphavlege rasar ved å isolere visse trekk. Og det er i grunnen akkurat det same ein gjorde med norsk på 1800-talet. Henrik Wergeland og Knud Knudsen tok dansken og prøvde å blande inn meir og meir norsk for å prøve å avle fram ein reinare ”norskrase”. Mens Ivar Aasen samla saman restane av norsk som fanst spreidd i heile landet, og prøvde å få dei til å stabilisere seg slik at det blei eit levedyktig språk på sikt. Ein kan rett og slett snakke om ”språkavl” i denne samanhengen.

Reindyrking av rasar føreset at ein klarer å halde fremmende gen utanfor. Men dette er i praksis ikkje mogleg når det gjeld språk. Dersom ein ser på evolusjonen som prinsipp, så vil ikkje nynorsk kunne overleve som ei eiga grein utan tilstrekkeleg mange ”reine” språkbrukarar. Per i dag er den nynorske språkavlen i stor grad politisk styrt. Det er dei som meiner at ein ikkje skal ha slik styring. Men meiner ein då òg at ein ikkje skal ha ulike hunderasar lenger?