Språkdebatten har dreidd litt ifrå å handle om sidemålet
i skolen til å handle om «sidemålet» i lærarutdanninga.
Spørsmålet er om ein i det heile kan snakke om «sidemål»
når det gjeld norsk i lærarutdanninga. Som norsklærar
skal ein dokumentere at ein kan bruke begge målformene,
bokmål og nynorsk; punktum. Både bokmål og nynorsk er
norsk, og det er i beste fall interessant at så mange
snakkar om ulike morsmål eller riksspråk vs. særspråk i
denne debatten.
Morsmål
Når Imerslund snakkar om å «lære seg å skrive to
forskjellige morsmål», må eg nesten etterlyse ein debatt
om kva ein skal definere som eit morsmål. Eg har i min
endelause naivitet gått ut ifrå at dei fleste i Noreg
snakka norsk (denne utsegna bør ikkje mistolkast eller
takast ut av denne samanhengen). Det finst hundrevis av
dialektar og sosiolektar i Noreg, både i aust og vest og
sør og nord, men dei fleste vil vel seie om seg sjølve
at dei snakkar norsk, og at det er morsmålet deira.
Dersom vi altså definerer alle desse hundre- og tusenvis
av variantane som morsmål, korfor skal ein då gjere eit
så stort problem ut av to normerte skriftformer som
begge byggjer på dette eine morsmålet norsk?
Dersom ein skal snakke om morsmål i ei snever tyding, er
verken bokmål eller nynorsk morsmål. Det er to
skriftspråk, og eit skriftspråk er eit forsøk på å bli
einige om ei felles skriftleg norm for mange ulike
variantar innanfor eit munnleg språkområde. Eit
skriftspråk vil alltid vere eit kompromiss, og det bør
ein ikkje gløyme når ein debatterer om eit ord er
«stygt» eller «ekte» eller «riktig». Det vil sjeldan
vere slik at ein skriv akkurat slik ein snakkar, med
mindre ein definerer skriftspråket som den einaste
riktige malen og normerer talespråket etter det. I Noreg
er det per i dag ikkje slik. I dei fleste samanhengane
kan ein snakke dialekt i dag, og det er t.d. lov å seie
«dom åt pomfri», sjølv om ein ikkje ville skrive det
slik på verken bokmål eller nynorsk.
Andre argument som Imerslund kjem med, har blitt brukt
av fleire av dei andre sidemålsmotstandarane. Det er
fleirtalsargumentet, og det er bruken av ordet «tvang».
Alle blir «tvinga» til å lære engelsk på skolen, men om
det er så eller så mange som av ein eller annan grunn
aldri kjem til å skrive engelsk i sitt vaksne liv, har
etter det eg veit, aldri blitt lyfta fram som eit reelt
problem. Det same gjeld matematikken. Det er ein brøkdel
av matematikken ein lærer på skolen, dei fleste av oss
vanlege dødelege kjem til å bruke reint praktisk seinare
i livet. Men hadde ein klart å halde i gang ein nasjonal
debatt om dette i lengre tid? Neppe.
Når det gjeld motivasjon som eit argument, vil eg kontre
med at alle som vel å studere norsk, bør vere motiverte
til å lære om alle dei relevante sidene ved norskfaget.
Sjølv om ein eventuelt ikkje skulle like Ibsen, bør ein
vere motivert til å setje seg inn i hans forfattarskap.
Og sjølv om ein ikkje likar grammatikk, bør ein gjere
ein innsats for å lære dei viktigaste komponentane.
Skilnadene mellom bokmål og nynorsk er ein del av dette,
på same måte som dei viktigaste dialektskilnadene er
pensum i norskfaget per i dag.
Eg er grunnleggjande ueinig i påstandar om at ein endrar
status og haldningar ved å fjerne eit «problem» heilt.
Dette går i same retning som å stoppe all innvandring
til Noreg, i staden for å jobbe med haldningsskapande
arbeid og integrering. Fleire sider ved denne debatten
om noko så harmlaust som to variantar av norsk
skriftspråk kan tyde på mangel på respekt og toleranse
for mangfaldet på samfunnsnivå. Det er ikkje rart at ein
slit med integrering av ting som verkeleg kan kjennast
som fremmendt, når ein ikkje kan godta to relativt like
variantar av sitt eige «morsmål» ein gong.
Reell valfridom
Det er nok også grunn til å peike på at ein ikkje skal
misbruke barna i denne debatten. Eg har heile tida prøvd
å seie eksplisitt at eg ser debatten meir som ein debatt
om demokrati og reell valfriheit (-heit, ja) enn om
bokmål og nynorsk. Skal det vere slik at foreldre og
besteforeldre skal ta valet for barna? Eller skal vi ha
ein skole der vi lærer tilstrekkeleg mykje til at vi kan
ta eigne val, om det no måtte vere religion eller språk?
Som Imerslund sjølv skriv, barn og unge er interesserte
i språk. Det er heilt korrekt. Og dei veit ikkje at det
er noko «gale» med sidemålet før dei vaksne fortel dei
det. Derfor bør ein tenkje over korleis ein som vaksen
er med på å påverke elevane og studentane sine
haldningar. Også på dette grunnlaget stiller eg meg
kritisk til Imerslund sin argumentasjon mot norsk i
lærarutdanninga.