Ulmar
Wollan ber meg i HA 19.08. om ein kommentar til
bruken av ordet ”forståelse” i debatten om
Katynskogen, og det er sjølvsagt svært hyggeleg å
bli spurt om råd.
Eg
prøver å følgje med i debattane i HA, ikkje
nødvendigvis berre fordi eg eventuelt er interessert
i temaet som blir diskutert. Eg er glad i skikkelege
debattar og meiningsutvekslingar, gjerne med litt
temperatur, og registrerer både med glede og undring
eller også sorg korleis vi kommuniserer med
kvarandre og eventuelt mistolkar og misforstår
kvarandre.
Sjølv
om eg har studert og underviser i språk og
kommunikasjon, føler eg meg svært ofte makteslaus.
Språk er eit medium som alltid vil ha minst to
sider. I ein litt enkel modell snakkar vi gjerne om
”sendar” og ”mottakar”. Det er nokon som ytrar
(”sender”) noko, og det er éin eller fleire som
mottek ytringa. Dessverre er det som regel ikkje
slik at alle ytringane er eintydige. Dette inneber
bl.a. at ein som mottakar må tolke det ein høyrer
eller les.
Kommunikasjon er eit fremmendord i norsk, som dei
fleste av oss skjønner, men som dei færraste kanskje
veit den eigentlege tydinga av. Å kommunisere tyder
heilt konkret å gjere noko saman. Dvs. sjølve
meininga til ei ytring er eit samarbeidsprodukt.
”Sendaren” prøver å formulere seg på best mogleg
måte for å få fram sin bodskap, mens ”mottakaren”
prøver å tolke med dei beste intensjonane ut ifrå
konteksten og sin eigen bakgrunnskunnskap for å
finne fram til ei felles meining. Einar Steffenak og
Willy Barmoen verkar t.d. ofte å vere lite
interesserte i å komme fram til ei felles forståing
av kva den andre seier. Men dette kan jo ha ein viss
underhaldningsverdi for oss andre som står på
utsida.
Men
tilbake til Ulmar Wollan sitt spørsmål. Wollan er i
tvil om korleis han skal tolke Bjørn Sandvold sitt
innlegg i HA 13.8. Dessverre har eg ikkje avisa frå
den dagen lenger. Derfor kan eg berre sjå på dei
linjene Wollan siterer. Sandvold var interessert i å
gje ”en forståelse av bakgrunnen for hendelsene” i
Katynskogen, slik eg les teksten, og Sandvold synest
”forståelsen er vel så interessant som selve
hendelsen i all historie. En slik forståelse må, for
all del ikke forveksles med sympati, eller mangel på
sådan. Det er her enkelte blander kortene.”
I den
grad Wollan ønskjer å bruke meg som ein slags
”dommar” i denne saka, noko som også kan vere eit
retorisk verkemiddel i ein polemikk, meiner eg at
Bjørn Sandvold har prøvd å vere svært så tydeleg i
sine formuleringar for å prøve å ikkje bli
misforstått. Sjølv om ordet ”forståelse” kan ha litt
ulikt innhald, alt etter kva kontekst det førekjem
i, er det ikkje vanskeleg å tolke Sandvold her, både
på kontekstuelt grunnlag og på grammatisk grunnlag.
Sandvold skriv eksplisitt at ”en slik forståelse”
ikkje måtte forvekslast med ”sympati”. Han gjer det
altså heilt klart at han ikkje refererer til dette
potensielle tydingsinnhaldet i ordet ”forståelse”.
Samtidig er også den grammatiske bruken i denne
samanhengen klar. For det første er det ikkje vanleg
å bruke artikkelen ”en” når ein snakkar om empati.
Ein ville neppe seie ”jeg har en forståelse for at
du har det vondt”. Den andre grammatiske markøren er
preposisjonen. Sandvold skriv ”den gir en forståelse
av bakgrunnen for hendelsene”. Det er ein vesentleg
forskjell mellom å ha ”en forståelse av” og ha ”(en)
forståelse for”. Det første uttrykket refererer til
at ein har innsikt i eller kunnskap om noko, mens
det andre uttrykket tyder at ein personleg og
emosjonelt kan setje seg inn noko og eventuelt føle
det same, eller at ein i alle fall skjønner korfor
den andre føler som han eller ho gjer. Etter mi
personlege og faglege vurdering burde Wollan altså
ikkje ha nokon grunn til å vere i tvil om Sandvolds
forståing og bruk av ordet ”forståelse”.
I
mange diskusjonar, spesielt når det er følelsar
eller eventuelt motsette politiske syn involvert, er
det ikkje nødvendigvis alltid ”sendaren” som ikkje
evnar å formulere seg klart og eintydig nok. Svært
ofte er ”mottakaren” rett og slett ikkje interessert
i å tolke sendaren sin bodskap i beste meining. Det
er altså gjerne viljen til å tolke rettferdig det
står på. I ein polemikk gjeld det jo å så tvil om
motstandaren sine argument og haldningar, og då er
meir eller mindre alle verkemiddel tillatne. Eg har
som sagt ikkje heile Sandvold sitt innlegg framfor
meg, men på bakgrunn av dei setningane eg har tolka
her, er Sandvold frikjend på alle punkt.
Det
var koseleg å bli spurt om råd, og eg stiller gjerne
opp ein annan gong når nokon har spørsmål om språk
og kommunikasjon. Takk for tilliten, Wollan. På den
andre sida, når alt kjem til alt, er eg sjølv, trass
i fin tittel og stilling som førsteamanuensis i
norsk, berre ein ”forståsegpåar”.