Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Språkleg sjølvmord”. Hamar Arbeiderblad, 24.02.2010, s. 27.
[Mellomoverskrifter er sette inn av redaksjonen.]
[>pdf av denne artikkelen - nettartikkel på h-a.no]

Språkleg sjølvmord

Den 15.02. kunne ein lese på s. 18 i HA at nokon hadde ”tatt selvmord” – ”Hendelsen kunne vært unngått med rett behandling”. Men kva er rett behandling for å unngå at enkelte prøver å ta livet av språket vårt?
 

JENS HAUGAN
Høgskolen i Hedmark
________________________________________
DEBATT

Det eg tek opp i dag, handlar igjen om språkleg bevisstheit. Språk er i utgangspunktet eit system av teikn (lydar/bokstavar og ord) som medlemmane i eit språksamfunn på ein eller annan måte har blitt einige om å tilleggje ei eller anna form for meiningsinnhald. Tilordninga av meining til dei ulike teikna (orda) er meir eller mindre vilkårleg. Det vil seie at det ikkje er tingen i seg sjølv som bestemmer kva han skal heite. Det er språkbrukarane som finn på namn og uttrykk. I praksis er det sjølvsagt ofte ein viss logisk samanheng. Eit bord heiter t.d. bord fordi ”hovudidentiteten” til bordet er sjølve bordflata som består av bord, dvs. trefjøler. Sånn sett går det an å sjå samanhengen mellom ulike ord og uttrykk. Men før eller seinare kjem ein til ei grunntyding som ein ikkje kan følgje lenger tilbake, og denne grunntydinga er ein meir eller mindre tilfeldig lyd-/bokstavkombinasjon laga av språkbrukarane for å vise til ein bestemt ting eller eit meir abstrakt forhold.

Fleire ulike ting
Når det gjeld eit ord som ”bord”, vil dei fleste vere med på at dette ordet kan vise til fleire ulike ting. Eit bord er ein konstruksjon med tre eller fire bein som ein t.d. kan setje koppar og tallerkenar opp på, jf. ”middagsbord”. Men eit bord kan også vere ein planke, ei fjøl, av tre. Det er klart at eit bord i utgangspunktet er laga av tre. Eit ”arbeidsbord” kan derimot også vere laga av metall eller plast. Den opphavlege tydinga kan altså komme i bakgrunnen etter kvart som eit ord inngår i nye samanhengar. Sidan det er språkbruken som er det sentrale, og ikkje sjølve kombinasjonen av lydar/teikn, er det ikkje alltid så viktig om ein forstår grunntydinga til eit ord. Dei fleste veit t.d. kva ein ”fembøring” er; det er ein spesiell type båt. Det er i dag ikkje så viktig å vite at det faktisk er snakk om ein ”fembording”, dvs. ein båt laga av fem bordplankar. Mange vil altså forbinde ordet ”fembøring” med ein type båt utan å tenkje meir på sjølve grunninnhaldet i ordet. Dette er eit døme på at den språklege bevisstheita kan bli svekka i ulike samanhengar. Vi har elles også ord som ”plastglas”, sjølv om eit plastbeger naturleg nok ikkje består av glas. Ordet ”glas” har fått utvida tydinga si og kan generelt stå for ein ting som ein kan drikke av.

Innhald eller funksjon
Kvart ord i språket vårt har ei eller anna form for innhald eller funksjon. Vi snakkar derfor i grammatikken om innhalds- og funksjonsord. Innhaldsord er dei orda som viser til eitt eller anna ein kan peike på eller snakke om, mens funksjonsord først og fremst oppfyller ein grammatisk funksjon, t.d. ord som og, men, fordi. Vi har sett at grunntydinga til ord kan forsvinne ut av bevisstheita til språkbrukaren. Dette gjeld også for uttrykk beståande av fleire ord. Eit uttrykk som ”på grunn av” blir gjerne forkorta til ”pga.”. I eit slikt uttrykk blir dei enkelte orda ofte underordna. Dette er også grunnen til at fleire og fleire seier ”med hensyn på” istf. ”med hensyn til”, sjølv om dei færraste nok ville seie at ein må ”ta hensyn på leseren”. Sidan preposisjonar først og fremst er funksjonsord, er det ikkje rart at ein kan byte ut ein preposisjon med ein annan utan at ein tenkjer bevisst over det. Men når ein blandar saman uttrykk med innhaldsord, t.d. verb, kan resultatet ofte bli litt meir merkeleg.

Ikkje den einaste
Journalisten i HA er ikkje den einaste som seier/skriv ”å ta sjølvmord”. Eit enkelt søk på Google gjev over 20.000 oppslag på ”tatt selvmord”. Dei same språkbrukarane som seier eller skriv at nokon tek sjølvmord, ville derimot neppe seie eller skrive at nokon har ”teke mord”. Eit mord er ei handling; det er noko ein gjer eller eventuelt begår (bokmål). Det er altså ikkje slik at ein tek sjølvmord, men ein tek livet av seg sjølv. Her er det tydeleg at to uttrykk har smelta saman, og at innhaldet til dei enkelte orda i uttrykket har komme i bakgrunnen. ”Alle” skjønner jo at nokon har teke livet av seg når det står at vedkommande har ”teke sjølvmord”. Når ”alle” skjønner det, er for så vidt kravet til kommunikasjon oppfylt. Og det er gjerne slik folk argumenter: du skjønner jo kva eg meiner; korfor skal du mase sånn om grammatikk da? Av same grunn har mange byrja å seie/skrive ”stille spørsmålsteikn ved” når dei eigentleg burde stille spørsmål eller setje spørsmålsteikn. Det kryr av slike samanblandingar i språket vårt, men det tyder ikkje at vi utan vidare skal godta dei. Dersom ein tenkjer litt meir over det ”eigentlege” innhaldet i det ein seier og skriv, vil ein kanskje kunne ta litt betre vare på språket . Og så slepp ein kanskje å lure på om det er språkbrukaren eller språklæraren som ”tek språkfeil”.