Eg
stod faktisk på bokhandelen då dette skjedde. Men eg får
ofte assosiasjonar til kyrkje og religion når det gjeld
bokmål og nynorsk.
Akkurat som presten er eg i grunnen heldig som har ein
jobb som alle rundt meg har eit forhold til på ein eller
annan måte. Ein kan vere for eller imot bokmål eller
nynorsk, ein kan vere liberal, moderat, radikal,
ekstrem, ja, truande eller fråfallen og mykje anna, men
dei fleste har ei haldning til språk, og dei færraste er
heilt likegyldige.
Likskapstrekk
Det finst fleire likskapstrekk mellom språksyn og
religion (eller kanskje ein heller burde snakke om tru).
Noreg kan i utgangspunktet kallast eit kristent land,
reint historisk-kulturelt og kanskje administrativt. Men
før eg tergar på meg folk som har ei meining om dette
temaet (eg skal ikkje blande meg inn i ein slik debatt),
vil eg skynde meg og få fram at det prinsipielt er
religionsfridom i Noreg, og at kvar enkelt av oss har
lov og rett til å tru eller ikkje tru kva vi vil.
I det offentlege utdanningssystemet er dette blant annet
synleggjort gjennom eit religions- og livssynsfag som
prøver å dekkje dei viktigaste trusretningane i verda.
På dette punktet har utviklinga - blant annet på
grunnlag av offentleg debatt og omsyn til demokrati og
menneskerett - gått ifrå eit reint kristendomsfag til
eit meir ope og demokratisk skolefag (RLE).
Den andre vegen
Når det gjeld debatten om sidemålet (nynorsk), verkar
det som om mange ønskjer å gå andre vegen, nemleg at eit
ope og mangfaldig norskfag burde bli meir snevert og
mindre demokratisk. Reint samfunnsmessig er jo dette i
grunnen veldig interessant, spesielt når det norske
samfunnet generelt er svært prega av indiviualisme og
trua på personleg fridom.
No kan eg vere einig i at ein kan trekkje dette med
likskap mellom religionsfridom og valfri målform for
langt. Det viktigaste argumentet, som eg gjerne bevisst
og naivt kan spele over til motstandarane i
språkdebatten, er at undervisninga i ulike trusretningar
ikkje fører til at nokon blir «tvinga» til å praktisere
den eine eller andre trusretninga.
Livssynsfag
Men hovudpoenget med eit livssynsfag i skolen må jo vere
at ein tileignar seg kunnskapar om ulike religionar og
livssyn, som ein i neste omgang kan bruke både for å
fungere som ein demokratisk innstilt samfunnsmedlem i
samspel med andre menneske med ulik bakgrunn, og for å
kunne ta bevisste, personlege val med omsyn til sitt
eige livssyn. Her er vi over i debatten om skole,
undervisning, danning, mål og middel osv.
Mens eg held på og tenkjer over likskapane mellom
religion og målformer, kan eg ikkje la vere å tenkje
over omgrepet «barnetru». Eit sentralt punkt i visse
kristne miljø er jo gjerne at det på ein måte er «betre»
eller «riktigare» å tru utan å ha sett lyset først (eg
bruker dette igjen som eit bilete og ønskjer ikkje å
starte ein debatt om kristendommen og ei fortolking av
denne). Poenget er her at sanninga ligg der, uansett om
ein ser og får konkrete argument eller teikn som
stadfester den. Eg føler ofte at dei som argumenterer
sterkast for bokmål (eller imot nynorsk), meiner at
bokmål er den einaste sanninga, at nynorsk er vranglære,
og at det å kunne sjå (og lese) ting frå fleire sider
heller er til hinder enn til gagn for samfunnet.
Debatten vil då ofte vere meir prega av følelsar («tru»)
enn av saklege argument.
Betre samfunn
Kravet om sidemål i skolen blir av nokon framstilt som
«tvang», og ein snakkar om urettferdige maktforhold i
utdanningssystemet. Ørbæk (20. august) snakkar t.d. om
«motstand og kamp, hat og irrasjonelle handlinger». Men
så er det likevel mange av oss lærarar som trur at
undervisning og læring, mest mogleg variert og
differensiert kunnskap om alt som angår natur og
menneske, generelt fører til eit betre samfunn og betre
individuell livskvalitet.
Heldigvis har vi så langt hatt politikarar som har følgt
ei demokratisk og kunnskapsbasert linje i utdannings- og
språkpolitikken, og heldigvis er det mange lærarar i
skolen som satsar på haldningsskapande arbeid, og som
trur på at den enkelte elev vil velje å leve og styre
sitt eige liv på bakgrunn av tileigna kunnskapar, og med
respekt for mangfaldet i storsamfunnet.
Innlegget som den tidlegare lærarstudenten skreiv i HA
(19. august), viser i alle fall at det er håp for at god
undervisning og læring fører til ei positiv utvikling og
haldningsendringar. Og det heile skjer faktisk utan
tvang - i den grad ein ikkje oppfattar fagplanar,
pensumlitteratur og kunnskapskrav som tvang.