Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Ja til bokmål og nynorsk”. Hamar Arbeiderblad, 23.05.2008, s. 32.
[Mellomoverskrifter er sett inn av redaksjonen.]
[>pdf av denne artikkelen - >pdf av artikkelen som er utgangspunktet for dette innlegget (Ørbæk: Om nynorsk, dialekter og bokmål).]

Ja til bokmål og nynorsk

No har eg jo reagert på to av innlegga til Bjørn Kristen Ørbæk i det siste, og eg bør vel passe meg for å ikkje hamne i same kategori der kvantitet blir ein strategi i seg sjølv.

JENS HAUGAN
førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
________________________________________
DEBATT

Berre ein gjentek dei same påstandane ofte nok, så blir dei nok sanne eller aksepterte etter kvart. Ørbæk sine innlegg er jo for det mest ein repetisjon av den same bodskapen i ulike variantar: bokmål som einaste skriftspråk og bort med ”nynorsktvang”, og eg er ikkje nødvendigvis direkte ueinig med han heller. Men når Ørbæk i HA 19. mai igjen går laus på nynorsken og målfolket, får eg jo veldig lyst til å skrive noko igjen. Spørsmålet er om det i det heile er ein ”språkdebatt”, som Thor Howard Helland refererer til i HA 21. mai, eller om det ikkje berre er stadige åtak der Ørbæk faktisk ikkje debatterer, men berre skriv og skriv, uavhengig av andre sine debattinnlegg.

Ikkje målmann
Sjølv om eg vel å skrive nynorsk, ser eg ikkje på meg sjølv som ”målmann”, og ikkje er eg vestlending heller. Eg kunne for så vidt gjerne tenkje meg eitt skriftspråk i Noreg, men det treng ikkje nødvendigvis å vere nynorsk. Så lenge vi hadde ein politikk der både bokmål og nynorsk hadde mange valfrie former, var det mogleg å sjonglere litt og finne ein språkleg identitet med nærmare tilknyting til eigen dialekt. Når ein no meir og meir går bort ifrå valfrie former, vil det nok berre forsterke grensene mellom bokmål og nynorsk igjen, og det er på mange måtar litt synd. Ikkje kan eg skjønne at to moglege bøyingsformer skal vere vanskelegare å lære enn éi; det er jo berre å velje den eine forma ein føler passar ein best.
     Eg er som sagt ikkje ”målmann”, og eg kan vere einig i at politikken til den offisielle målrørsla ikkje alltid har verka like heldig for dei generelle haldningane til nynorsk. Men for å komme til Ørbæk sitt ”debattinnlegg” 19. mai, så er det nok å gå litt vel langt å påstå at målfolket og språkpolitikarane (kven er dei forresten?) arbeider for at nynorsk skal erstatte bokmål. Det finst sikkert dei som skulle ønskje det, men å seie at dei lever i si eiga verd og følgjer eit nasjonalromantisk program, er vel litt drygt. Det er også ein udokumentert påstand at nynorsk er eit regionalt særspråk. Det som kan byggje opp under ein slik påstand, er kanskje NRK sin politikk der ein gjerne bruker vestlendingar når det er nokon som skal snakke nynorsk. Ein kan berre høyre på t.d. Mari Maurstad, og ein vil skjønne at nynorsk også kan fungere for folk med andre dialektgrunnlag. Men uansett snakkar det fleste av oss dialekt til dagleg, og lesing av skriftspråk har meir med øving og vanar å gjere.

Dialekttrekk forsvinn
Ørbæk reklamerer for Stange-ordboka og argumenterer ofte for at dialektane bør takast vare på. Men han gløymer at bokmål, spesielt etter at vi fekk radio og tv, er éi av dei viktigaste årsakene til at dialektane har blitt meir homogeniserte, og at mange dialekttrekk forsvinn. Dette kan jo vere bra dersom ein ønskjer eitt skriftspråk og eit skriftspråkbasert talespråk, men då bør ein ikkje samtidig argumentere for at dialektane bør røktast og takast vare på, slik som Ørbæk gjer. Han slår jo i hel sine eigne argument.
     Argumentet om at barn og ungdom blir tvinga til å lære eit fremmendt og regionalt språk på skolen – nemleg nynorsk – gjeld i beste fall òg helst dei som har fått ”øydelagd” sine dialektar gjennom hundrevis av år med dansk påverknad og bokmål som einaste reelle alternativ. Bokmål kan jo oppfattast som like fremmendt og regionalt for mange andre. Når ein skal ha eitt felles skriftspråk, vil det alltid måtte vere eit kompromiss uansett. Når Ørbæk skriv at ein bør ”glede seg over mangfoldet i den norske språkfloraen”, ser eg at han plukkar ord frå mine innlegg utan å svare meg direkte, og det er vanskeleg å sjå at Ørbæk faktisk står for språkleg mangfald.

Skyt over mål
Det er også rart å lese at Ørbæk meiner at Noregs Mållag trampar på andre menneske sin identitet ved å hevde at nynorsk er vårt eigentlege morsmål. I mine auge gjer Ørbæk akkurat det same når han prøver å argumentere for bokmål ved å rakke ned på alle som måtte meine noko anna. Det er mogleg at bokmål er relativt dialektnøytralt, det er vel ein definisjonssak, men å seie at bokmål ikkje favoriserer noko enkelt særspråk, er igjen å skyte over mål; bokmål byggjer trass alt i utgangspunktet på dansk skriftspråk, sjølv om ein kom relativt langt i fornorskingsprosessen. Også nynorsken har utvikla seg veldig sidan Ivar Aasen, og det er opp til heile språksamfunnet å utvikle dei to skriftspråka våre vidare. Begge skriftspråka er i bruk, og det er i praksis uinteressant kor mange prosent det er snakk om, så lenge det faktisk finst eit jamstillingsvedtak og vi har eit demokrati der det er fritt fram for den enkelte å velje målform – men for å kunne velje, treng vi opplæring.