Setninga i overskrifta, ”Såmmå å je er hen i væla,
bære je ser Mjøsa”, kan ein nok høyre på begge/alle
sidene av Mjøsa. Kanskje er det berre ei sak mellom
Hamar og Gjøvik der nokon prøvde å dempe ”striden”
mellom dei to byane litt. Kven er det eigentleg som
bur på den ”rette” sida av Mjøsa? Eller kanskje
handlar sitatet om at innlendingane tradisjonelt er
svært så bufaste?
Spennande fenomen
Så lokalkjend har eg ikkje blitt enno, at eg kan
uttale meg om opphavet til dette sitatet. Eg har
høyrt setninga mange gonger, og eg har også sett ho
på trykk i den forma eg har brukt ho her. Det
verserer elles også ulike variantar på Internett.
Men som språkvitar ser eg med ein gong mange
spennande fenomen i denne setninga, som eg har lyst
til å dele med andre som måtte vere interesserte.
Det første fenomenet eg vil ta opp, heiter
”jamning”. Jamning tyder at ulike lydar i eit ord
blir meir like (jamnare) kvarandre, eventuelt heilt
like (utjamna). Ein kan også bruke fremmendordet
”assimilasjon” (= gjere likare). Ordet ”såmmå”
svarer til adjektivet ”samr” i gammalnorsk. ”Samr
maðr” tydde t.d. ”same mann”. I bestemt form hadde
ein då ”sami maðrinn” – ”(den) same mannen”. I
nynorsk har vi den normaliserte forma ”same”, og i
bokmål har vi ”samme”. Det er svært vanleg at m blir
dobla, jf. kome vs. komme, røme vs. rømme o.l.
Adjektivet ”samr” kunne ha ulike endingar i bestemt
form i gammalnorsk, alt etter om det stod saman med
hankjønns-, hokjønns- eller inkjekjønnsord, t.d.
”sami maðr, sama konan, sama barnit”.
I oppløysing
Etter at kasus- og endingssystemet i gammalnorsk
gjekk i oppløysing, har ein berre éi ending i
normalisert nynorsk og bokmål: -e. Svært mange av
bøyingane, uavhengig av kjønn, hadde –a ending i
bestemt form. I samband med hokjønn (”kona”) og
fleirtal for alle formene kunne ein også høyre ”sQmu”,
dvs. ”såmu”. Det er derfor ikkje rart at mange
dialektar i dag har ”samma” eller ”såmmå” som form.
Den eine forma er då meir eller mindre
”originalforma”, som framleis har a-endinga, mens
den andre har fått endinga si tilpassa den gamle ”o-med-kvist-lyden”,
å.
Det andre ordet, ”å”, finn ein også som ”hå” rundt
Mjøsa. Dei normaliserte skriftformene er anten
”kvar” eller ”hvor”. Den gammalnorske forma var ”hvar”.
Nynorsk følgjer prinsippet om at dei fleste
dialektane har endra uttalen av hv til kv, eventuelt
utan v, mens bokmål held på den gamle skrivemåten hv,
mens h ikkje lenger blir uttalt. I dialektane kunne
kombinasjonen bli utsett for mange ulike
lydendringar. Eg personleg seier t.d. ”kor”, dvs.
med k, utan v og med ei runding og heving av den
gamle a-en til o (jf. bokmål ”hvor”). I
mjøsdialektane sit ein ofte berre igjen med ein
runda vokal, å. Dvs. at både hv og r har forsvunne.
R-bortfall har ein generelt i svært mange tilfelle i
dei fleste dialektane, og v-en kan som nemnt også
lett forsvinne.
Prøysen
Ordet ”je” har eg omtalt tidlegare. Her blei den
urdnordiske forma ”eka” utsett for såkalla ”bryting”
i austnordisk. Fenomenet liknar eigentleg litt på
jamning der den siste vokalen påverkar den første
vokalen. Ved bryting bryt den siste vokalen seg
framover i trykkstavinga. Derfor fekk ein forma
”eak” istf. ”eka” i austnordisk. Seinare utvikla
ordet seg til ”jak” og ”jeg”. I vestnordisk var
forma ”ek”, som vi finn i nynorsk som ”eg”.
Ordet ”er” har eg også sett skrive som ”æ” i samband
med dette sitatet, og forma vil då gå under såkalla
”r-bortfall” og ”senking” av e til æ.
Ordet ”væla” kjenner dei fleste i Noreg i skrift via
Alf Prøysen sine tekstar. Den nynorske forma er
”verda”, dvs. med rd. ”Væla” skal uttalast med
såkalla ”tjukk l”. I dette tilfellet har tjukk l
også oppstått som eit slags jamningsprodukt. I
gammalnorsk hadde ein ”verð” med stungen d.
Kombinasjonen av r og ð var nok litt vanskeleg å
uttale for mange slik at rullinga av tunga etter
kvart blei høyrd og tolka som ein l-lyd.
Enda meir innhald
Når det gjeld ”bære”, svarer dette ordet til ”berre”
i nynorsk og ”bare” i bokmål. ”Berre” er eigentleg
også ei bestemt form, nemleg av adjektivet ”berr”
(”bar”). Her har ein dei same adjektivendingane i
gammalnorsk som eg har nemnt før, i, a og u. I
moderne norsk har desse endingsvokalane blitt senka
til e (i skriftspråka), mens dialektane kan ha ulike
variantar. I orda ”bære” og ”væla” er det (den
opphavlege) r-en som har ført til ei senking av e
til æ, elles har det ikkje skjedd så mykje
spennande.
Og dermed har vi sett ei rekkje spennande og
sentrale dialektfenomen i berre éi setning. Kanskje
setninga ”Såmmå å je er hen i væla, bære je ser
Mjøsa” no får enda meir innhald for den eine eller
den andre etter å ha funne dei språklege røtene her
ved ”den blanke, skinande fjorden”, som er éi mogleg
tolking av namnet på Mjøsa.