Så vidt eg kunne sjå, var ingen av dei som har markert
seg i språkdebatten i HA i år, til stades på dette
seminaret - bortsett var Knut Imerslund, som var den som
hadde ansvaret for seminaret.
Moderne
Dei fleste i Noreg har nok i det minste høyrt om Henrik
Wergeland. Sjølv om det er to hundre år sidan han blei
fødd, finst det mange gode grunnar til å minnast han.
Nokre forbind han først og fremst med 17. mai, andre
tenkjer kanskje mest på han som ein svært produktiv
diktar, atter andre er interesserte i hans syn på
religion, og for meg er det Wergeland som debattant og
hans rolle i framvoksteren av norsk skriftspråk som er
mest spennande.
Føredragshaldarane på seminaret hadde ulike
innfallsvinklar til Wergeland. Men alle føredraga viste
tydeleg kor moderne Wergeland var i tankegangen sin,
både i forhold til likestilling, demokrati, religion,
tale- og tankefriheit, barn - og altså språkbruk.
Stor diktar
Wergeland var ein stor diktar, og språket var eitt av
det viktigaste verkemidla hans. Skriftspråket i byrjinga
av 1800-talet var dansk, men Wergeland brukte etter
kvart fleire og fleire særnorske ord, og han laga eigne
ordkreasjonar etter behov. Det er snakk om stor ordkunst
og kreativitet.
Lars Anders Kulbrandstad viste til at Wergeland brukte
rundt 58.000 ulike ord i tekstane sine. Dette er eit
ufatteleg stort tal når ein samanliknar med andre store
diktarar, som t.d. Hamsun og Ibsen, som brukte høvesvis
33.000 og 29.000 ulike ord. For å setje dette i
perspektiv: det gjennomsnittlege ordtilfanget i vanleg
daglegtale hos folk flest blir anslått til å liggje
rundt 5.000-6.000 ord.
Nyskapande
Wergeland var nyskapande og radikal, og han hadde mange
motstandarar i samtida. Den mest kjende opponenten til
Wergeland var Johan Sebastian Welhaven. Wergeland og
Welhaven hadde ein språkdebatt gåande på 1800-talet, der
Wergeland bl.a. blei anklaga for språkbruken sin.
Wergeland prøvde (etter dåtidas forhold) å skrive så
naturleg og talemålsnært som mogleg, og han følte at
skriftspråket, som var dansk, ikkje var særleg godt
eigna til dette.
Mange artiklar og debattinnlegg om rettskriving og
språkbruk førde etter kvart til at det danske
skriftspråket blei meir og meir fornorska. Sånn sett kan
ein like godt seie at det var Wergeland som var
bokmålets eigentlege far, som Imerslund påpeika, og
ikkje Knud Knudsen.
Ivar Aasen
I språkhistoria viser ein gjerne til Wergeland vs.
Welhaven og Aasen vs. Knudsen som representantar for
ulike syn. Men det er nok ikkje så enkelt. Landsmålet
som blei skapt av Ivar Aasen, var enda meir nyskapande
og radikalt i forhold til det danske skriftspråket.
Aasen valde berre å gå enda lenger enn Wergeland. Men i
praksis er vel Wergeland eigentleg også nynorsken sin
far dersom ein vel dette perspektivet. Det blei
tvillingar - like vakre på kvar sin måte...
I dag er det Wergeland som blir huska best, mens
Welhaven har komme meir i bakgrunnen. Dei fleste forbind
noko positivt med Wergeland, og dei fleste er nok einige
om at Wergeland sin innsats var bra for norsk
skriftspråk. Det er derfor ikkje vanskeleg å referere
til Wergeland som bokmålets far og ein føregangsfigur,
mens Welhaven var den som var bakstreversk og
konservativ.
Fin markering
Merkeleg nok er det bokmålsfolket i dagens språkdebatt
som i praksis har teke rolla til Welhaven, og som stort
sett argumenterer imot Wergeland sine ideal.
Språkdebatten i HA i år er på mange måtar ei fin
markering av Wergelandsåret. Wergeland og språkdebatten
er like aktuell no som på 1800-talet.
Men dagens debatt viser også at mange er like lite
tolerante og opne overfor skriftspråket som for over 150
år sidan. Den gongen var det det danske skriftspråket
som blei forsvart med nebb og klør, i dag er det
bokmålet/riksmålet og til dels nynorsk etter
Aasen-normalen som blir forsvart. Talemålsinnslag er fy,
og språket skal vere gammaldags og stivt og skal helst
ikkje endrast på noko vis.
Vanskeleg å stoppe
Men det er ikkje til å komme bort frå at språket
utviklar seg heile tida, akkurat som samfunnet elles
utviklar seg. Ein kan sikkert diskutere om all utvikling
er til det betre, men nokre utviklingar er vanskeleg å
stoppe.
Det er t.d. lite truleg at vi kan stoppe utviklinga «skjere
- skar» til «skjere - skjerte» (eller «skjære - skjærte»
på bokmål). Ein viking ville kanskje uffe seg over vår
uttale av «kyrkje» og «skip»; på same måte reagerer
mange eldre i dag på dei unges uttale av «kiosk» og
«kino».
Gjennom språknormering og opplæring prøver ein å gjere
skriftspråket så stabilt som mogleg. Men det er ikkje
like lett å normere og stabilisere talespråket. I staden
prøver ein i Noreg å redigere skriftspråket med jamne
mellomrom for å fange opp endringar som har skjedd i
talespråket. Det er ei vanskeleg og omdiskutert oppgåve.
Men kva ein no måtte meine om korleis dette blir
praktisert, er det heilt i Wergeland sin ånd å gjere
skriftspråket så fleksibelt og naturleg som mogleg. La
både bokmål og nynorsk og samfunnet for øvrig vere
arenaer for openheit og toleranse.