Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: "Språkåret - FN-dagen" i Hamar Arbeiderblad, 24.10.2013, s. 26. [>pdf av denne artikkelen]
Også publisert som: "Språkåret - FN-dagen" i Hamar Dagblad, 24.10.201, s. 16-17. [>pdf]

Også publisert som: "Språkåret - FN-dagen" i Gudbrandsdølen Dagningen, 26.10.201, s. 54. [>pdf]

Språkåret -

FN-dagen

 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark / Hamar dialekt- og mållag
__________________________________________________________

24. oktober er FN-dagen. Dei foreinte nasjonar blei etablerte i 1945 av 51 land og består i dag av 193 medlemsland. Det er mange land og mange språk.

Seks språk er offisielle FN-språk: arabisk, kinesisk, engelsk, fransk, russisk og spansk. Desse er blant dei tretten mest talte språka i verda. FN har mange arbeidsområde og står blant anna også bak menneskerettserklæringa: 30 fråsegner om kva ein meiner bør vere grunnleggjande rettar for alle menneske i verda. Ifølgje Wikipedia er menneskerettserklæringa omsett til over 330 språk, og har dermed Guinness-rekorden som det dokumentet som er omsett til flest språk.

Alle menneske i verda snakkar vanlegvis eitt eller fleire språk, og språk er heilt openbert det viktigaste verkemiddelet i all menneskeleg kommunikasjon, og ikkje minst når det gjeld «krig og fred og sånn». Språk opnar dører, men språk kan òg byggje murar. Menneskerettane er viktig for alle og den enkelte, og då er det viktig at ein skjønner innhaldet i det som står i denne erklæringa eller fråsegna. Sånn sett spørst det om at ein skal skryte av at menneskerettserklæringa kom i Guinness-rekordboka med ca. 330 språk, når det finst mange tusen språk i verda. Kan ein rekne med at alle menneske i verda, frå alle dei mange tusen språksamfunn, forstår minst eitt av dei 330 språka som fråsegnene omsette til? Og er det nok at ein kan lese fråsegnene på eit anna språk, eller bør alle ha tilgang til ein versjon som er skriven på det språket ein sjølv kan best?

I innleiinga til menneskerettane står det (Wikipedia, nynorsk): «Fråsegna må alltid vere i tankane til den einskilde og dei styrande og få dei til å styrkje vørdnaden for rett og fridom gjennom undervisning og oppseding. Dei skal syte for at fråsegna blir allment kjend og etterlevd både i medlemslanda og i tilsynsområda, og arbeide trufast med dette både på nasjonalt og internasjonalt grunnlag.» Korleis kan noko «alltid vere i tankane» viss det ikkje er på eit språk ein er trygg på?

No er jo dei fleste lesarane bokmålsbrukarar, og då er det kanskje naturleg å få denne teksten på bokmål (FN-sambandet): «… for at hvert individ og hver samfunnsmyndighet, med denne erklæring stadig i tankene, skal søke gjennom undervisning og oppdragelse å fremme respekt for disse rettigheter og friheter, og ved nasjonale og internasjonale tiltak å sikre at de blir allment og effektivt anerkjent og overholdt både blant folkene i medlemsstatene selv og blant folkene i de områder som står under deres overhøyhet.»

Nokon trivst nok best med den eine versjonen, og nokon med den andre. Det viser kor viktig språk er, og kor viktig det er at relevant informasjon på ein eller annan måte er tilgjengeleg på det språket ein kan best. Og då kan ein kanskje hugse på at det er ingen språk som er betre enn andre. Det beste språket er alltid det ein sjølv forstår best.