Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: "Veg-visaren" i Hamar Arbeiderblad, 23.10.2013, s. 26. [>pdf av denne artikkelen]
Kommentar til Bjørn Kristen Ørbæk: "Veg og vei", Hamar Arbeiderblad, 16.10.2013, s. 22. [>pdf].


Veg-visaren?

 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark / Hamar dialekt- og mållag
__________________________________________________________

Kva er det no for ein svart katt som har fare over vegen? Jo, 16. oktober kunne Ørbæk fortelje i HA at han faktisk lir («lider» - det høyrest så mykje meir dramatisk ut på bokmål) kvar gong han høyrer vegane i Hamar bli annonserte som veg, «med tydelig uttalt nynorsk (eller tysk) monoftong». «Dette er direkte feil», meiner Ørbæk. Så kjem det kjende åtaket mot nynorsk og samnorsk, og igjen er det snakk om «naturlig» og «tradisjonell». Det verkar som om Ørbæk er den einaste i landet som har eit «naturlig tale- og skriftspråk».

Ørbæk vil ha tilbake «ekte riksmål», og det er «vei» som er den einaste riktige forma for han. Ikkje skjønner eg korleis dette heng saman med dialektengasjementet til Ørbæk. Det er då faktisk «veg» (eller «væg») som er den naturlege talemålsforma her i området, og det er også den einaste forma som står i «bibelen» til Ørbæk, dialektordboka for Stange, som han jo ville ha på pensum i skolane i distriktet. Ørbæk vil altså at ein skal lære dialekt i skolen, men han vil ikkje høyre dialekt på bussane? Interessant.

Når det er sagt, kan eg jo nemne at «veg» og «vei» er sidestilte former i bokmål. Så det er i prinsippet fritt fram for bokmålsbrukarar å velje den forma ein likar best. Når det gjeld stad- og vegnamn, vil ein som regel leggje talemålsforma til grunn, og då vil nok dei fleste vere einige i at «veg» er både naturleg og riktig her i distriktet. Det er heller ingenting tysk over dette, sidan det jo har vore «veg(r)» heilt frå gammalnorsk tid.

Men interessant er det også at Ørbæk vil ha «vei» med diftong, mens han ikkje vil ha diftong i Steinsrud. Naturlig, tradisjonell, riktig, ekte, ærverdig er ord Ørbæk likar å bruke om sitt elska riksmål (rigsmaal?) – Det er ikkje alltid så lett å henge med i argumentasjonen til Ørbæk.

Elles føreslår Ørbæk «at verbet fly igjen får sterk bøyning». For det første har dette verbet i utgangspunktet sterk bøying på bokmål, dvs. fly – fløy – fløyet. I tillegg kan ein velje å bøye verbet: fly – fløy – flydd etter dagens normering. Men ein kan også la vere.

Ørbæk føretrekkjer dei «tradisjonelle, ærverdige formene», og han avsluttar med stangedialekta blant dei «ærverdige». Der er det flyge – flyg – flaug – fløgi. Ørbæk kunne nok ha blitt ein god talsmann for nynorsken hadde han ikkje floge hit og dit i språklandskapet for å leite etter noko å irritere seg over.