Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: "Spansk og norsk sidemål" i Hamar Arbeiderblad, 02.10.2013, s. 26. [>pdf av denne artikkelen]
Kommentar til Olav Leite: "Spansk sidemålsdebatt", Hamar Arbeiderblad, 27.09.2013, s. 30. [>pdf].


Spansk og norsk sidemålsdebatt

 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark / Hamar dialekt- og mållag
__________________________________________________________

Kan ein samanlikne spansk og norsk sidemålsdebatt?

Olav Leite hadde eit interessant innspel i HA 27. september, der han viste til at «amerikansk spansk» over tid har skilt seg frå «spansk spansk», og at ein no prøver å finne tilbake til éi felles skriftnorm. Leite avslutta med det retoriske spørsmålet om dette kunne vere noko å tenkje på for oss.

Det er kanskje ikkje så mange som er klar over det, men gjennom det meste av 1900-talet prøvde ein å komme fram til éi felles skriftnorm i Noreg, populært kalla «samnorsk». Det er altså ikkje nokon ny tanke. Dei som i dag har meiningar om dei to norske målformene bokmål og nynorsk, tenkjer som oftast ikkje så mykje over at det starta med dansk skriftspråk, som ein i første omgang døypte om til riksmål etter å ha gjort nokre få kosmetiske endringar, og Ivar Aasen sitt forslag til eitt felles landsmål basert på dei norske dialektene. Dei to offisielle skriftnormene vi har i dag, er eit resultat av svært mange rettskrivingsreformer på begge sider, og målet var i utgangspunktet å føre dei to skriftspråka saman til eitt.

Det finst dei som klagar over at nynorsken i dag inneheld så mange bokmålsformer. Men då tenkjer ein ikkje over kor mykje bokmålet har endra seg på hundre år sidan ein starta med å modifisere det danske skriftspråket litt etter litt. Bokmål og nynorsk i dag er resultat av ein offisiell og bevisst tilnærmingspolitikk.

Dessverre var det svært mange innanfor begge leirane som meinte at ein gjekk for langt i tilnærminga. Det kom t.d. store protestar etter 1938-normalen, som blei oppfatta som altfor radikal, og forfattarar som Hamsun og Øverland gjekk hardt ut mot samnorsken. Frå 1960-talet og utover byrja ein å innsjå at det ikkje var mogleg å gjennomføre samnorskpolitikken på demokratisk vis, og ein valde då etter kvart å gje opp tanken om å komme fram til éi felles skriftnorm. Dette blei gjort offisielt i 2002, og rettskrivingsreforma for bokmål i 2005 og reforma for nynorsk i 2012 er baserte på interne omsyn, dvs. at dei to målformene blei reviderte på eige grunnlag utan omsyn til den andre målforma.

I dag finst det vel ingen parti som vurderer å ta opp igjen tilnærmingspolitikken. Men det finst jo parti som argumenterer for utvida valfridom, som inneber at ein skal kunne velje bort den andre målforma i mykje større grad. Dette tyder i praksis at ein i framtida kanskje i fleire og fleire samanhengar kan velje bort det såkalla sidemålet, som er nynorsk for dei fleste, og at ein på den måten favoriserer bokmål, som til slutt kan bli den einaste offisielle målforma.

Når det gjeld ei samordning av dei spanske «sidemåla», er nok situasjonen litt annleis. Her vil neppe majoriteten (amerikansk spansk) kunne fortrengje minoriteten (spansk spansk). Men dersom ingen av partane vil vere med på kompromiss, vil spansk nok også leve vidare med to eller fleire «sidemål». Og det retoriske spørsmålet er: er no det så ille?