Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: "Kinesisk sidemålsdebatt" i Hamar Arbeiderblad, 18.09.2013, s. 19. [>pdf av denne artikkelen]
Også ublisert som: "Språkåret - Kinesisk sidemålsdebatt" i >Hamar Dagblad, 19.09.2013, s. 17. [>pdf]


Språkåret -
Kinesisk sidemålsdebatt

 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark / Hamar dialekt- og mållag
__________________________________________________________

Hamar dialekt- og mållag arrangerer ei rekkje føredrag i samband med Språkåret 2013. Det siste føredraget var om kinesisk. Noko av som kom fram der, fekk meg til å tenkje på språksituasjonen i Noreg.

Dei fleste veit kanskje at kinesisk ikkje «berre» er kinesisk. Når vi snakkar om norsk skriftspråk, må vi som regel spesifisere om vi meiner bokmål eller nynorsk. Når det gjeld kinesisk, må vi spesifisere om vi meiner mandarin eller kantonesisk – eller eventuelt wu. Forholdet mellom majoriteten og minoritetane er ca. 1:10, dvs. meir eller mindre som i Noreg; bortsett frå at bokmål og nynorsk i utgangspunktet representerer det same språket norsk, og at det sjølvsagt er mange fleire menneske i Kina. Bortimot éin milliard menneske snakkar mandarinkinesisk, og nesten 20 % av verdas befolkning er kinesarar. I den målestokken er Noreg eit forsvinnande lite land, og norsk eit lite språk.

Det finst mange ulike språk og dialekter innanfor det kinesiske området, men éin grunn til at Midtens rike har halde relativt godt saman i så lang tid, er at skriftspråket ikkje er basert på lydar, men på teikn som viser til konkrete eller abstrakte ting. Når skriftteikna ikkje viser til uttalen av orda, er det sjølvsagt lettare å bruke det same skriftspråket på tvers av dialekter og språk. Då skulle ein tru at kinesarane ikkje har noko så «eksotisk» som rettskrivingsreformer og sidestilte skriftspråk, slik vi har i Noreg. Men det har dei faktisk!

Klassisk kinesisk har ei lang historie og ein lang tradisjon, men på 1900-talet meinte ein at det var behov for ei reform. Dei klassiske kinesiske skriftteikna skulle forenklast. Dette førde til at ein fekk ein situasjon som kan samanliknast med oppdelinga i bokmåls- og nynorskområde i Noreg. Folkerepublikken Kina bruker først og fremst dei forenkla teikna, mens ein t.d. i Hong Kong og Taiwan held fram med å skrive dei tradisjonelle teikna. Det var altså ikkje nødvendigvis nokon som skifta talemål; ein fekk berre ein situasjon med to relativt like skriftspråk. Og – sjølvsagt – er meiningane delte om dette. Var det nokon som sa at vi var rare og spesielle i Noreg?

På føredraget om kinesisk fekk vi høyre at bl.a. skriftteiknet for kjærleik var omdiskutert. Det klassiske teiknet 愛 har nokre fleire «krusedullar» i seg, som visstnok symboliserer hjartet, mens det forenkla teiknet 爱 ikkje har med dette. Tradisjonalistane meiner sjølvsagt at «hjartet» er viktig, mens andre kanskje heller tenkjer «tomeito – tomato». Hos oss finst dei som ikkje skjønner når vi skriv «kjærleik», og dei som meiner at «kjærlighet» er for platt. Men uansett om ein diskuterer norsk eller kinesisk skriftspråk, er det vel innhaldet i ordet som tel?