Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: "Heia dialektene" i Hamar Arbeiderblad, 04.09.2013, s. 28. [>pdf av denne artikkelen]
Kommentar til Tore Nyland, "Heia stangedialekta", Hamar Arbeiderblad, 31.08.2013, s. 42. [>pdf].


Heia dialektene

 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark / Hamar dialekt- og mållag
__________________________________________________________

Sjølv om Bjørn Kristen Ørbæk har møtt ein del motgang i språkarbeidet sitt, har han tydelegvis også nokre tilhengjarar. Dessverre ser det ikkje ut til at dei ser det populistiske i framlegga til Ørbæk – og ingen har så langt komme med ei konsekvensutgreiing.

For det første bør dei som no promoterer stangedialekta som skolefag, slutte å lage motsetningar mellom nynorsk og dialekt. Heile konseptet nynorsk byggjer på at ein skal snakke dialekt i staden for å normere talemålet sitt i retning av eit skriftspråk. Den didaktiske sida ved nynorskundervisninga på Austlandet bør ideelt sett ha fokus på å finne ord og former i si eiga dialekt som ein kan bruke. Det er då faktisk ein styrke for elevane sin språklege identitet at dialektformene finst i eitt av dei offisielle skriftspråka, og ikkje berre i ei ordbok som lokale krefter har laga etter beste evne.

For det andre – og det har eg nemnt fleire gonger før – er dialektundervisning godt forankra i læreplanen (Kunnskapsløftet) gjennom heile skolegangen. Det er ingenting i vegen for å bruke t.d. «Slik tala vi» i undervisninga dersom lærarane ønskjer det. Ein treng altså ikkje å renne inn opne dører hos Statens utdanningskontor og be dei om å «ta til vettet» og gje ei godkjenning, som t.d. Tore Nyland skreiv 31. august.

Dialektarbeid i skolen er viktig. Det er viktig å utvikle sin eigen språklege identitet – munnleg og skriftleg. Samtidig er det også viktig å bli sosialisert inn i det språklege mangfaldet nasjonalt. Dialekt og nynorsk er ikkje motsetningar, men to sider av same sak.

Når det er sagt, vil eg igjen spørje (som eg også gjorde i HA 22. mars): Kva for lærarar skal undervise i «dialektsidemålet»? Skal lærarstudentane våre nektast å undervise i område der dei ikkje kjenner den lokale dialekta? Skal ein tilsetje spesielle lærarar til å undervise i lokale dialekter? Kva gjer ein når elevar flyttar til eit område med ei anna dialekt? Skal dei måtte lære seg ei ny dialekt, eller skal dei ha krav på å få opplæring i eiga dialekt?

Dialektene er faktisk ein del av skolekvardagen. Vi har to skriftspråk som kan tøyast relativt langt i alle retningar, slik at det er mogleg å skrive nokså talemålsnært for dei fleste. Men da må ein akseptere språkleg mangfald og variasjon i skriftspråka.