Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: "Dialekt og politikk" i Hamar Arbeiderblad, 24.08.2013, s. 37. [>pdf av denne artikkelen]
Kommentar til Bjørn Kristen Ørbæk, "Ta dialektene på alvor", Hamar Arbeiderblad, 19.08.2013, s. 30. [>pdf].


Dialekt og politikk

 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark / Hamar dialekt- og mållag
__________________________________________________________

Det er valår, og Bjørn Kristen Ørbæk er igjen ute med massiv antinynorsk propaganda i kjend stil. Det kjem ikkje særleg mykje nytt frå den kanten, og eg har late vere å kommentere utspela hans. Men når Ørbæk påstår at det viktigaste for nynorskfolket er «at folk skal undertrykke sin dialekt til fordel for nynorsk» (HA 19.8.), må eg seie ifrå.

Heile poenget med nynorskrørsla er at ein skal kunne snakke si eiga dialekt, og at ein skal kunne bruke eit skriftspråk der ein finn mest mogleg støtte for talemålsformene. Det er også derfor mange ønskjer seg ein del valfridom i skriftspråka. Ein kan ha ulike meiningar om dette, men å påstå at nynorskfolk er imot dialektbruk er så absurd at det berre kan komme frå Ørbæk.

Hamar dialekt- og mållag har medlemmar som bruker nynorsk, medlemmar som bruker bokmål, og dei som bruker begge målformene i skrift. Elles er dei fleste utprega dialektbrukarar. Det alle har felles, er at ein ønskjer respekt for dei ulike språklege uttrykka og identitetane – det vi også kallar for språkleg mangfald. På førre nynorskkafé hadde vi besøk frå Älvdalen i Sverige som snakka om språksituasjonen der, og feiringa av Ivar Aasens 200-årsdag blei avslutta med opplesing på bokmål.

Det er fint at Ørbæk engasjerer seg for dialektene, men å gje nynorskfolket skylda for talemålsutviklinga er å gå litt vel langt. Elles kan det nemnast at kompetansemåla i grunnskolen dekkjer det meste av det Ørbæk etterlyser. Elevane skal arbeide med bokmål, nynorsk, dialekt, svensk, dansk og også litt samisk. Eg ønskjer Ørbæk lykke til med å få overtalt politikarane til å stryke alt anna enn bokmål og dialekter frå læreplanen. Men eg satsar likevel på at politikarane klarer å tenkje litt lenger enn Ørbæk i sin utdannings- og samfunnspolitikk.