Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: "Nordiske skriftspråk" i Hamar Arbeiderblad, 15.08.2013, s. 21. [>pdf av denne artikkelen]
Kommentar til "Skriftspråk'", Hamar Arbeiderblad, 01.08.2013, s. 28. [>pdf].


Nordiske skriftspråk

 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark / Hamar dialekt- og mållag
__________________________________________________________

Ein lesar spurde om kva for ein språksituasjon ein har i dei andre nordiske landa. Ein høyrer jo ikkje om nyfinsk, nydansk eller nysvensk. Men det er faktisk nettopp dét desse språka er: nyare versjonar av eldre språk.

«Nynorsk» har to tydingar. Det er ei målform som byggjer på det tidlegare landsmålet, og det er norsk språk etter 1500-talet, dvs. alle dei norske dialektene og skriftspråka. Nynorsk kan altså vere namnet på eit skriftspråk, eller det kan vere namnet på ein språkleg periode. Også finsk, dansk og svensk har eldre versjonar av sine språk, dvs. gammalfinsk, -dansk, og -svensk, akkurat som vi har gammalnorsk.

Nabolanda våre har derimot i dag ikkje sidestilte skriftspråk som liknar kvarandre på same måte som nynorsk og bokmål gjer det. Det har noko med historia å gjere. Etter svartedauden forsvann kunnskapen om det gamle norske skriftspråket etter kvart, og då Noreg ikkje lenge etterpå kom i union med Danmark, var det dansk som blei det offisielle skriftspråket i Noreg. Denne situasjonen varte i mange hundre år. Det førde også til at Noreg var det einaste landet som ikkje fekk Bibelen på sitt språk på 1500-talet. Der nabolanda fekk styrkt sitt skriftspråk gjennom Bibelen, fekk dansk styrkt sin posisjon som skriftspråk i Noreg. Sidan dansk også var knytt til overklassen, fekk dansk òg høg status som talespråk. Dansk var i tillegg skole- og lesespråk på 1700-/1800-talet når skolesystemet blei etablert. Dette sette sjølvsagt i varierande grad djupe spor i dei ulike norske dialektene.

I Noreg har ein i fleire hundre år måtta lese dansk. Det har derfor aldri vore vanskeleg å skjønne dansk skriftspråk. Folk var vant til det, og det var ikkje nødvendigvis noko stort problem. Det var også derfor mange ikkje såg noko poeng i å byrje å bruke eit skriftspråk basert på dei norske dialektene.

Finland har ein svensk minoritet. Derfor kan ein seie at svensk er eit slags sidemål i delar av Finland. Men sidan språka ikkje er gjensidig forståelege, har det ikkje den same effekten som i Noreg. Det same ser ein også på Island og på Færøyane, som òg måtte leve med dansk i fleire hundre år. Det kan nemnast at Island gjorde eit stort restaureringsarbeid for å føre islandsk tilbake til ei eldre form, dvs. gammalislandsk – eller gammalnorsk, om ein vil.

I tillegg til majoritetsspråka har Finland, Sverige og Noreg elles til dømes også samisk som språk, som er sidestilte språk på nokre område. Språksituasjonen i Norden er absolutt ikkje så svart-kvit som nokon vil ha det til.