Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: Svar på spørsmålet om 'Gitvola'" i Hamar Arbeiderblad, 01.08.2013, s. 26. [>pdfav denne artikkelen]
Kommentar til Oddbjørn Kleppen, "'Gitvola' må være feil'", Hamar Arbeiderblad, 27.07.2013, s. 35. [>pdf].


Gitvola

 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark / Hamar dialekt- og mållag
__________________________________________________________

Oddbjørn Kleppen lurer i HA 27. juli på namnet «Gitvola», som han meiner burde vere «Geitholen». No er eg ikkje frå Løten eller Hedmark, og eg veit heller ikkje kva stadnamnkonsulentane og Statens kartverk eventuelt har gjort i denne saka. Men eg kan referere kva Norsk stadnamnleksikon ved Jørn Sandnes og Ola Stemshaug skriv om Gitvola (som ikkje er så veldig mykje).

Ein får vite at det er eit fjell i Løten (852 m) og at førsteleddet truleg er «geit», mens sisteleddet kjem av «vorda». Ordet står også skrive med lydskrift, og ein ser derfor at det skal vere med tjukk l.

I Løten har ein jo tjukk l av både vanleg l og gammalnorsk rð. Dermed er det ikkje alltid like lett å vite om det er l eller rð (rd) som er opphavet til lyden. I tillegg har ein også såkalla monoftongering, dvs. at diftongar eller tvilydar som au og ei kan bli til monoftongar eller enkeltlydar som ø eller e – eller eventuelt også i. Sidan det står «git» i namnet, er det ikkje usannsynleg at ein har funne eldre skrive- eller uttalemåtar med i, som ein meinte ein «burde» leggje til grunn for den offisielle, skriftlege forma av namnet.

Når det gjeld sisteleddet «vola», må nokon ha lagt den opphavlege forma «vorda» til grunn, der rd blir uttalt som tjukk l. Om ordet «vorda» kan ein lese i Norsk stadnamnleksikon at det er vanleg som fjellnamn fleire stader i landet. På Vestlandet har ein uttalen «vora», dvs. med r istf. tjukk l. Ordforma kjem av gammalnorsk «varða – vQrðu» som tyder «varde». Det kan altså ha stått vardar der i eldre tider, noko som ikkje er usannsynleg når det er snakk om det høgaste punktet i Løten.

Når det gjeld forma «Gjetholen», er det framleis snakk om ei geit, men med monoftongering mot e istf. mot i, mens sisteleddet er med h istf. med v. Ein hol er ein isolert haug eller ei høgd, helst rundvoren. Ordet hol er vanleg i stadnamn på Austlandet og finst også som hvål eller hval eller eventuelt som kvål, og ein har bøygde former som Hole, Holen, Holan, Holo(m) og liknande. Men Gitvolen, som er på 852 meter, er kanskje litt meir enn ein haug eller ei høgd? Mest sannsynleg byrja ein på eit tidspunkt å blande saman uttalen «vol» med «hol», og det kom også inn ein annan uttalevariant av geit, og den vanlege uttalen er derfor «Gjetholen» i dag. Eg vil tru at dei som bestemde at skrivemåten skulle vere «Gitvolen», gjorde dette på grunnlag av historiske vurderingar.