Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: "Folkeetymologi - spis og spiss" i Hamar Arbeiderblad, 10.07.2013, s. 26. [>pdf av denne artikkelen]
Kommentar til Unni Løvlien, "Spis og spiss, Hamar Arbeiderblad, 05.07.2013, s. 34. [>pdf].
Vidareføring av "Skrivemåte - Spiskammer" i Hamar Arbeiderblad, 03.07.2013, s. 22.


Folkeetymologi - spis og spiss

 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark / Hamar dialekt- og mållag
__________________________________________________________

Eg kommenterte ordet «spiskammer» i HA 3. juli, og det kan hende at ein blir oppfatta som nedlatande når ein prøver å gje ei fagleg forklaring på noko – spesielt når den som spør, i utgangspunktet er overtydd om noko heilt anna. Det var i så fall ikkje intensjonen min.

Unni Løvlien kunne 5. juli fortelje at ho hadde vakse opp med forklaringa at eit spiskammer (eller spisskammer i hennar kontekst) skulle liggje i «spissen» av huset slik at det hadde to ytterveggar og dermed var kaldast mogleg. Denne forklaringa er ikkje «dum». Det har eg verken skrive eller meint. Forklaringa er god og rimeleg. Det som er interessant i denne samanhengen, er at ordet faktisk ser ut til å trenge ei forklaring. Ein kan då spørje seg: kor mange andre rom i huset treng si eiga forklaring for at ein skal skjønne kva dei skal brukast til?

Det nedertyske ordet «spisekammer» gjennomgjekk nokre lydendringar i norsk talespråk etter at det blei lånt inn, til «spiskammer» og «spisskammer». Det er klart at ein ikkje spiser i dette rommet, og substantivet «spise» for matvarer er lite brukt i norsk daglegtale. Dermed blir det etter kvart ikkje så lett å skjønne den opphavlege tydinga til ordet, og ein leitar etter moglege forklaringar. Dette fenomenet kallar ein «folkeetymologi».

Mange hugsar kanskje frå barndommen at dei song «Her kommer dine armer små». Dei fleste barn skjønte ikkje ordet «arme» og brukte i staden ei form dei forstod. Språket er fullt av ord som er endra eller tilpassa fordi ein ville prøve å forstå tydinga – sjølv om det ikkje alltid gav meining. Eit godt døme er Makrellbekken i Oslo. Makrellen lever i havet og går ikkje opp i bekker. Ein har då eit ord som ein skjønner, men som likevel ikkje gjev meining. Det opphavlege ordet var «Markskilbekken», dvs. bekken som skil mellom markene. Etter kvart som markene forsvann, forsvann også meininga med ordet, og det fekk ei ny form på folkemunne – og kanskje finst det også historier om folk som har sett makrell i denne bekken. Men dei kjem i så fall av vårt behov for å forstå. Språk er spennande!