Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: "Skrivemåte - Spiskammer" i Hamar Arbeiderblad, 03.07.2013, s. 22. [>pdf av denne artikkelen]
Kommentar til innringar, "På tråden", Hamar Arbeiderblad, 28.06.2013, s. 56. [>pdf].


Spiskammer

 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark / Hamar dialekt- og mållag
__________________________________________________________

På baksida av HA 28. juni lurer ein innringar på ordet «spiskammer», som han meiner alltid blir skrive feil. Det skal vere «spisskammer» eller «spisskammerset» med to s-ar, og det har ingenting med spising å gjere, påstår inngringaren. Samtidig seier innringaren sjølv at det er eit rom der det blir oppbevart mat. Så då har det vel noko med spise eller spising å gjere likevel? Rommet der ein lagrar maten, må då ikkje nødvendigvis vere spisst? Dei fleste rom har gjerne fire hjørne.

Spiskammer – eller også spiskammers, som er ei sideform på nynorsk, men ikkje på bokmål – er eitt av mange ord som er lånt frå tysk. Det tyske ordet er «Speisekammer». «Speise» er mat (jf. det kanskje mindre brukte norske substantivet «spise»), mens «speisen» er verbet. Norsk/dansk lånte inn ordet «spise» i hansatida. Hanseatane prata nedertysk, som er ei dialekt av tysk som ikkje har fått såkalla diftongering, dvs. at lange vokalar blei til diftongar eller tvilydar. I Nord-Tyskland kan ein framleis høyre «min» og «Hus», mens det på høgtysk skal vere «mein» og «Haus».

Sjølv om norsk har fått ordet «spise» og «spiskammer» frå tysk, har tysk fått ordet via latin. På tysk har ein også ordet «Spesen», som er utgifter knytte til mat og livsopphald. Dette kjem av latinsk «spesa» og den eldre forma «expensa», som vi kjenner igjen i engelsk «expense», dvs. utgift.

Ordet «spiskammer» skal altså skrivast med éin s, sjølv om det i mange dialekter kan uttalast med kort i.