Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: "Dialektene rundt Mjøsa" i Hamar Arbeiderblad, 24.06.2013, s. 30. [>pdf av denne artikkelen]
Også publisert som "Dialektene rundt Mjøsa" i Hamar Dagblad, 27.06.2013, s. 16. [>pdf]
Kommentar til Ole R. Østby: "Totninger er også hed(e)markinger, Hamar Arbeiderblad, 13.06.2013, s. 26. [>pdf] og Hamar Dagblad, 20.06.2013, s. 17. [>pdf]


Dialektene rundt Mjøsa

 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark / Hamar dialekt- og mållag
__________________________________________________________

Ole R. Østby skreiv i HA 13. juni og HD 20. juni om «mjøsdialektene», som han føreslo som ein meir presis term for dialektene på Hedmarka og på vestsida av Mjøsa der «villtotningane» (Geir Vestad) held til.

Østby nemner heilt korrekt at Hedemarkens Amt blei skilt ut frå Oplandenes Amt i 1781. Men ein brukte også seinare «Vestre og Østre Oplandenes amter» om desse to områda. Det var først i 1919 vi fekk dei to fylka Hedmark og Oppland. Men uavhengig av dette har Mjøsa sjølvsagt ikkje vore noka sterk dialektgrense. Østby føreslår derfor at «mjøsdialekt» er ein passande og presis term. Det kan eg vere einig i.

Men i denne samanhengen kan det kanskje nemnast at den offisielle termen for dialektene i dette området (i den tradisjonelle faglitteraturen) faktisk er «opplandsk», sjølv om Hedmark blei skilt frå Oppland for lenge sidan, og sjølv om Østby veldig diplomatisk argumenterer for at ein ikkje bør bruke hedmarksk om dialektene på begge sidene av Mjøsa.

Opplandsk, som dekkjer eit større område enn «mjøsdialektene», grensar mot østerdalsk, gudbrandsdalsk, valdres-/hallingdalsk og midtaustlandsk (i sør).

Eg er altså ikkje ueinig med Østby, men dersom ein og annan har lyst til å lese meir om dialektologi (målførekunnskap) hos t.d. Hanssen, Mæhlum og Røyneland, Sandøy, Sjekkeland eller andre, kan det vere greitt å vite at ein må slå opp på «austlandsk» og så på «opplandsk», sidan «mjøsdialekt» ikkje finst som ein offisiell term per i dag. Men dét kan jo sjølvsagt endre seg i framtida.